– Det er eit tankekors at kommunen vernar om Dyrsku'n Arrangement, som dei sjølve er medeigar i, framfor å ta vare på innbyggjarane i kommunen, seier Øyvind Mo, leiar i Grunneigarlaget Dyrskuplassen rundt. Han fortel at mange av grunneigarane kjenner seg urimeleg behandla.
– Det er eit tankekors at kommunen vernar om Dyrsku'n Arrangement, som dei sjølve er medeigar i, framfor å ta vare på innbyggjarane i kommunen, seier Øyvind Mo, leiar i Grunneigarlaget Dyrskuplassen rundt. Han fortel at mange av grunneigarane kjenner seg urimeleg behandla.

Fryktar innskrenka sjølvråderett

Medlemene i Grunneigarlaget Dyrskuplassen rundt føler at dei mistar sjølvråderetten over eigedomane sine når Seljord kommune no set i gang revisjon av reguleringsplanen for området. Det skjer etter at det i eit par år har vore forhandla utan å oppnå semje. – For å ha ein reiskap som styrer utviklinga og aktiviteten rundt Dyrskuplasssen synest regulering vera einaste løysinga, meinte rådmann Kristian Torp-Hansen. Grunneigarane har vore sterkt i mot ei reguleringsendring som set grenser for bruken av eigedomane, og synest også det er urovekkjande at kommunen som medeigar i Dyrsku'n Arrangement AS skal ha reguleringsmynde over Dyrsku'n sine rettar.

I fylgje saksutgreiinga, der rådmannen gjorde framlegg om å ta opp att arbeidet med revisjon av reguleringsplanen for Dyrskuplassen, har det vore fleire møte mellom Seljord kommune og grunneigarane, der også representantar frå Dyrsku'n deltok på eitt møte. Føremålet med møta var å koma fram til ei felles forståing av problematikken med aktiviteten på områda rundt Dyrskuplassen, noko som ikkje blei oppnådd.

– For å ha ein reiskap som styrer utviklinga og aktiviteten rundt Dyrskuplassen synest regulering vera einaste løysinga, skreiv rådmannen i saksutgreiinga.

Artikkelen held fram under annonsen.

Då saka var til handsaming i planutvalet innleia utvalsleiaren med å fortelje at bakgrunnen for framlegget var at det var ein del usemje, utan å omtale dette nærare.

– I to og eit halvt år har me hatt kontakt med partane. For å lage planen må me ha inn krefter utanfrå, signaliserte ordførar John Kleivstaul.

Frykta negativ støy

Asbjørn Storrusten (H) ville vita målet med revisjonen.

– Me vil få massevis av negativ støy. Eg vil vita kva me kan oppnå, sa han.

– Talet på standar utanfor gjerdet har auka. Dyrsku'n tyder mykje for Seljord kommune, og får han ikkje utvikle seg anna enn utanfor gjerdet blir det heilt feil. Dyrsku'n er ei merkevare for Seljord. Det har også kome sterke signal frå dyrskustyret om at det er eit stort problem å få utvikle Dyrsku'n, svar Sandsdalen Lind.

Storrusten var samd i at det er for mange standar utanfor portane, men meinte reguleringsplan er feil verkemiddel.

– Skal ein få ein ytterlegare vekst går det snart over Brøløs, skaut ordføraren inn.

Rådmann Kristian Torp-Hansen forklara at ein reguleringplan kan antyde kvar aktivitetane skal vera, men minna også utvalet om at det nødvendigvis ikkje treng å bli endringar i planen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette er det minst farlege vedtaket. Det er jo vedtaket som blir gjort om sjølve planen som tyder noko, slo han fast.

Heile utvalet, med unntak av Asbjørn Storrusten, gjekk inn for å revidere reguleringsplanen, ein plan som mellom anna seier at landbruksområda kan nyttast til anna næringføremål i samband med arrangement på Dyrskuplassen.

Ordskifte om habilitet

Då saka om revisjon av reguleringsplanen for Dyrskuplassen skulle handsamast blei habiliteten til to av medlemene i planutvalet vurdert. Utvalsleiar Lita Sandsdalen Lind (SV) informerte om at Trond Johnsen (Ap) sit i dyrskustyret. Borgny Tøfte (V) meinte han ikkje trong erklærast ugild.

– Han har ingen personlege interesser i saka. Då blir det slik at dei som veit mykje om saka blir knebla, sa ho.

Asbjørn Storrusten (H) informerte om at det ikkje handla om regulering av sjølve Dyrskuplassen, men av området rundt.

– Me snakkar om tilhøva på yttersida av gjerdet, og om føringar for grunneigarar rundt Dyrskuplassen, sa han, og meinte Johnsen difor ikkje var ugild i saka.

Rådmann Kristian Torp-Hansen meinte utvalet måtte vurdere korleis partane i saka ville sjå det, og om det å la kommunen sin mann i dyrskustyret vera med på handsaminga ville så tvil om truverdet til den politiske behandlinga.

– Dyrsku'n er ein part her, hadde det ikkje vore for Dyrsku'n hadde me ikkje hatt saka, sa han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ordførar John Kleivstaul (Sp), som var møtt fram som observatør, meinte Johnsen klart var ugild.

– Han har vore med i to og eit halvt år og forhandla, klart han er inhabil, slo ordføraren fast.

Etter votering blei Trond Johnsen erklært ugild med dei tri røystene til Sigrun Dyrland Eidal (Sp), Glenn Arild Haugen (Ap) og Lita Sandsdalen Lind.

Asbjørn Storrusten (H) bad om at habiliteten hans også blei vurdert, fordi han har eit engasjement for Dyrsku'n.

– Me veit at Asbjørn Storrusten har hjarta sitt på Dyrskuplassen, repliserte Borgny Tøfte.

Ordførar John Kleivstaul tok også ordet, og meinte høgrerepresentanten ikkje var ugild. Ved voteringa erklærte eit samrøystes utval han som habil.

Styret i Dyrsku'n Arrangement AS: Ottar Flatland (leiar), Mette Torild Lien (nestleiar), Steinar Straume og Trond Johnsen.

Styret i Dansebandfestivalen Seljord AS: Egil Håvard Moen (leiar), Henning Thorstensen (nestleiar), Asbjørn Storrusten og Morten Olav Dyrud (styremedlemer), Ottar Flatland (varamedlem).

Artikkelen held fram under annonsen.

Styret i Countryfestivalen Seljord AS: Egil Håvard Moen (leiar), Henning Thorstensen (nestleiar) Asbjørn Storrusten og Hans Olav Omtveit (styremedlemer), Ottar Flatland (varamedlem).

(Kjelde: Brønnøysundregistera)

Grunneigarane kjenner seg overkøyrde

– Dyrsku'n gjer som dei vil og brukar kommunen som eit organ for å formalisere eigne krav. Slik opplever Grunneigarlaget Dyrskuplassen rundt vedtaket om å revidere reguleringsplanen for området.

– Det er urovekkjande at kommunen som medeigar i Dyrsku'n skal ha reguleringsmynde over Dyrsku'n sine rettar. Og ein må spørje seg om det er rett av kommuneadministrasjon og politikarar å snakke selskapet sine interesser i staden for innbyggjarane sine interesser. Det er eit tankekors at kommunen vernar om Dyrsku'n Arrangement som dei sjølve er medeigar i framfor å ta vare på innbyggjarane i kommunen, seier Øyvind Mo, leiar i Grunneigarlaget Dyrskuplassen rundt, eit lag som organiserer dei ti grunneigarane som grensar til Dyrskuplassen.

– Mistar sjølvråderetten

I fylgje gjeldande reguleringsplan kan landbruksområda brukast til anna næringsføremål i samband med arrangement på Dyrskuplassen. Grunneigarlaget fryktar at ei reguleringsendring vil setje grenser for bruken av eigedomane.

– Me opplever sjølvråderetten som viktig. Ein ny reguleringsplan vil truleg innskrenke denne, og me føler at me mistar sjølvråderetten, seier Mo.

I eit par år har grunneigarane og eit forhandlingsutval frå Dyrsku'n prøvd å koma til semje, utan hell.

– Grunneigarlaget er opptekne av å få til eit godt samarbeid, men ikkje for ein kvar pris. Me har følt me har blitt overkøyrde og ikkje tekne på alvor. Me har opplevd at det har vore vanskeleg å få aksept for vårt syn på saka, at Dyrsku'n har vore lite fleksible til å sjå ting frå vår side. Dei har heile tida bruka trugsmålet om reguleringsendring som eit ris bak spegelen, fortel lagsleiaren.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vil avgrense talet på standar

– Har grunneigarlaget inga forståing for at talet på standar utanfor Dyrskuplassen må avgrensast?

– Jau, og me har vore viljuge til å redusere talet på standar. Men usemja går også på arealbruk. Dyrsku'n vil i større og større grad fortelje oss kva me skal bruke eigedomane våre til. Dyrsku'n har sagt at dei vil ha styring over arealbruken, men det er me ikkje viljuge til, slår Mo fast.

Han fortel at grunneigarlaget har fått servert at medlemene undergrev Dyrsku'n. Det er laget sterkt usamd i.

– Skal det vera mogeleg for oss å drive næringsverksemd i tilknyting til arrangementa er me avhengige av at Dyrsku'n fungerer bra. Med kravet til omstillingsevne i dagens landbruk er det nettopp det me prøvar å få til med dei mogelegheitene det gjev oss å liggje nær Dyrskuplassen. Dette håpar me politikarane er viljuge til å sjå, og ikkje bare forfekte Dyrsku'n sitt syn, seier han.

– Har blitt gjort urett

Øyvind Mo legg til at mange av grunneigarane har stor belastning også med dei arrangementa dei ikkje har inntekter frå.

– Me opplever at Dyrsku'n ikkje har teke inn over seg at arrangementa er ei belastning for grannane, og mange har følt at dei har blitt gjort urett. I siste møtet kom rett nok ei lenge sakna orsaking, men konklusjonen blei likevel at kommunen skulle setje i gang planarbeidet, fortel Mo.

– Men bør ikkje grunneigarane ta inn over seg at dei faktisk bur så godt som på ein festivalplass som mest sannsynleg i aukande grad vil bli bruka som arrangementstad?

– Jau, men det styrkar bare det viktige med å få til ein betre dialog mellom Dyrsku'n Arrangement og grunneigarlaget. For kva skulle Dyrsku'n gjort utan oss i høve til parkering og camping? Er problemet at me tener pengar? Men like fullt fyller me ein funksjon som er viktig, konkluderer leiaren i grunneigarlaget, som synest det må vera ein soleklar rett for dei som grensar til Dyrskuplassen å vera med i planarbeidet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Styreleiar i Dyrsku'n arrangement, Ottar Flatland, var måndag ikkje tilgjengeleg for kommentar før VTB gjekk i trykken.