– Om det ikkje kjem til ei løysing med ei tilskotsordning, kan Seljord veterinærkontor i verste fall kome til bare å drive smådyrpraksis, seier Mimmi Hauglid (t.h.).  I dag er det katten Bastian frå Åmdals Verk som er under kniven til veterinær Gyrid Kaasin. Assistent er Marianne Moen.
– Om det ikkje kjem til ei løysing med ei tilskotsordning, kan Seljord veterinærkontor i verste fall kome til bare å drive smådyrpraksis, seier Mimmi Hauglid (t.h.). I dag er det katten Bastian frå Åmdals Verk som er under kniven til veterinær Gyrid Kaasin. Assistent er Marianne Moen.

Fryktar kleinare dyrlegedekking

Frå årsskiftet er distrikstsveterinærordninga avvikla. Dermed har det offentlege i realiteten fråskrive seg ansvaret for dyrlegetenesta, meiner veterinær Mimmi Hauglid ved Seljord Veterinærkontor. Kontoret dekkjer i dag all dyrlegepraksis i Vest-Telemark. Til sommaren sluttar to av dei tri veterinærane ved kontoret. – For å kunne sikre nok dyrlegar til distriktet trengst det ekstra verkemiddel, som eit fast offentleg tilskot, seier Hauglid.

Etter at det nye Mattilsynet vart oppretta ved årsskiftet er ordninga med distriktsveterinærar avvikla, og den kliniske veterinærtenesta overlaten til privatpraktiserande dyrlegar. Dyrlege Mimmi Hauglid ved Seljord Veterinærkontor helsar det nye Mattilsynet velkome, men meiner det også kunne vore bruka ressursar for å sikre dyrlegedekkinga.

– Eg har alltid vore oppteken av at vanleg klinisk dyrlegeteneste burde skiljast frå den offentlege tilsynsdelen, og synest at Mattilsynet er ein spennande nyskaping. At så mange tilsyn er samla i eitt er svært positivt, fagleg sett. Men når ein ser på dei enorme ressursane som er bruka til etableringa av det nye tilsynet, reagerer eg på at det ikkje er teke i bruk økonomiske verkemiddel for å sikre den kliniske dyrlegetenesta, seier Hauglid.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Staten har trekt seg vekk

Ho understrekar at husdyrhaldarar i Vest-Telemark har vore heldige, dei siste tiåra har veterinærvesenet hatt stabile folk.

– Ein kan vel seie at det har vore lettare å kome til dyrlegen enn til doktoren. Slik distriktsveterinærordninga fungerte før hadde dyrlegen ei fast løn ein kunne sjå på som tilskot for å vera veterinær og drive dyrlegepraksis. Denne ordninga var eit kjærkome tilskot for å drive praksis ute i distrikta, meiner Haugli, som klart ser trongen for ei tilskotsordning no òg.

– Det som har skjedd no er at Staten i realiteten har trekt seg vekk frå all veterinærteneste. Staten har sagt at dei tek ansvar for klinisk veterinærteneste i heile landet i lov om dyrehelepersonell, men i praksis gjer dei ikkje noko med det, all den tid det ikkje kjem nokon økonomiske verkemiddel. Ein del stadar i landet har kommunane teke på seg ansvaret, men her i området er vel kommuneøkonomien for skral, seier Hauglid.

– Dårleg inntening

Dyredoktoren har ikkje tal på kor mange veterinærar som har vore på klinikken i Seljord. I løpet av vårhalvåret sluttar også dei to kollegaene hennar, Gyrid Kaasin og Cecilie Albretsen. Hauglid meiner den store gjennomtrekken heng saman både med arbeidssituasjon og løn.

– Mykje reising fører til mindre inntening; me har inga timeløn for køyretida. Ofte har me også svært lange arbeidsdagar, gjev ho som forklaring på rekrutteringsvanskane. Ho trur ei fast tilskotsordning hadde vore ei god løysing, slik at veterinærane både hadde tid og økonomi til å reise på kurs for å få fagleg stimulering og slik at det var økonomi til å løne nok dyrlegar slik at dei kunne ha ein meir normal arbeidsdag.

Hauglid meiner eit felleskontor for veterinærar i Seljord er ei bra organisering av dyrlegetenesta i vestfylket, og ideelt sett burde kontoret ha tri til fire veterinær i tillegg til innleigd hjelp i toppane, som i lemminga.

Avstandane i området opplever ho ikkje som noko stort problem.

– Er me nok folk i arbeid, går det greitt. Husdyrtalet går nedover og nedover, og husdyrhaldarane kan ikkje lenger forvente å ha ein dyrlege som nabo, avsluttar Hauglid.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vil sjå på saka

Rådsordførar for Vest-Telemarkrådet, Saamund Gjersund, er open for at rådet kan gå i dialog med veterinærane om ei mogeleg tilskotsordning.

– Enno er ordninga der privatpraktiserande dyrlegar skal ta seg av all dyrlegeteneste så ny. Men Rådet går gjerne i dialog med veterinærane om problemstillinga, seier han.

Om det er aktuelt å gå inn på ei kommunal tilskotsordning, eventuelt i samarbeid med staten, vil Gjersund førebels ikkje ta stilling til.

– Det er staten som har ansvaret for veterinærtenesta. Men denne saka føyar seg fint inn i rekkja av teneste staten fråskriv seg ansvaret for, sukkar han.