Full fart i bakken
Skjærtorsdag var det full aktivitet i terrengparken på Vierli. Både ski- og brettkøyrarar innvigde den nye trapperailen. Truleg var anlegget det einaste med nok snø for påsketuristane i fylket.
Sjølv varmegrader i dagevis var ikkje nok til å sette ein stoppar for det tillyste arrangementet skjærtorsdag. Nike 6.0 Staircase Battle gjekk av stabelen, og konkurransen var open for både born og vaksne.
Me startar med offisiell trening fyrst, så slepper me ut juniorar og seniorar før det er klart for kidsa, sa speaker.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han reklamerte også for det nye Street-elementet i bakken. Kallar ein det gateelement, er det lett å relatere til stader der unge på rullebrett ofte utfører triksa sine.
Det var strålande vêr skjærtorsdag, og det var mykje folk i bakken. Mange var berre tilskodarar, men dei skapte stor stemning i bakken. I området rundt var det faktisk ganske mange som også prøva bortoverskia, og sjølv med ein og annan barflekk i blant, såg det ut til å gå bra.
Å, det var ei clean landing etter at han bounca ganske bra, uttrykte speakeren då ein av dei unge landa flott etter å ha hoppa av Street-elementet
Mange framandord for ein uinnvia å halde styre på, men det var mange flotte idrettsprestasjonar å sjå i bakken på Vierli. Dei unge utøvarane både hoppa og snudde seg i lufta.
Vierli Swag terrengpark, Noregs fyrste i sitt slag, har vore open sidan hausten i fjor. Det betyr at det i påska var eit halvt år sidan opninga, og ein så lang sesong er det truleg få som kan vise til denne litt spesielle vinteren.
Deltakarane kom frå både nær og fjern. Rauland og Høydalsmo hadde deltakarar med, og Torgeir Lid Byggland frå sistnemnde klubb, viste at han kan meir enn berre å springe fort på langrennsski. Han seila på Street-elementet som den naturlegaste ting i verda. Multitalent kallar ein vel gjerne slikt.
Det var også stor aktivitet i løypa ved sida av der fleire nytta høvet til å sveve i lufta.