Full støtte frå partiet – nominert på topp
Onsdag vart Erik Skjervagen nominert på fyrsteplass på lista til Fyresdal Arbeidarparti for neste val.
Dette trass i at partiet kjente til saka, og var med på den samrøystes refsen ordførar Skjervagen fekk i kommunestyret i oktober.
– Kva har saka hatt å seia for nominasjonsarbeidet?
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det har ikkje hatt noko å seia for nominasjonen. Saka er vedteke i dei forum ho skal vedtakast i, og me tek henne til vitande. Arbeidarpartiet stiller seg bak refsen, og me skal handsama saka på styremøte i Fyresdal Ap. Der vil eg innstilla på at me tek henne til vitande.
Det seier kommunestyremedlem og leiar i Fyresdal Arbeidarparti, Olav Åge Dale.
– Har det vore personar som har trekt seg frå lista etter at saka kom fram i kommunestyret i oktober?
– Eg har ikkje kjensle av at mange har trekt seg frå nominasjonen på grunn av denne saka. Tvert om har me hatt ein stor auke i medlemer sidan nominasjonsarbeidet starta i sommar, seier han, og viser til medlemsvekst frå 51 til 76 medlemer.
Nominasjonen av Skjervagen som ordførarkandidat ser Dale på som uproblematisk.
– Han var den ynska kandidaten i sommar, og saka har ikkje endra på at han framleis er det. Nominasjonsnemnda var samrøystes, og det same var nominasjonsmøtet onsdag, seier Dale.
– Kvar går grensa for kva ein kan gjera før ein ikkje vert nominert som ordførarkandidat?
– Ja, sei det … svarar Ap-leiaren.