Halfdan Haugan (Ap), ordførar i Seljord, vil slåst både i eige parti og med opposisjonen i fylkestinget for den vidaregåande skuleavdelinga i Seljord. Her med Heidi Therese Herum (Sp) i opposisjonen i hovudutval for kompetanse.
Halfdan Haugan (Ap), ordførar i Seljord, vil slåst både i eige parti og med opposisjonen i fylkestinget for den vidaregåande skuleavdelinga i Seljord. Her med Heidi Therese Herum (Sp) i opposisjonen i hovudutval for kompetanse.

Fullt trykk for vidaregåande i Seljord

Telemark Arbeidarparti skal ha representantskapsmøte den 14. november. Der kjem saka om strukturen i vidaregåande skular i fylket til å bli drøfta.

– Endringar i skulesaka gjeld heile fylket, og mange i partiet er opptekne av det. I Seljord er me sjølvsagt mest råka, i og med at avdelinga der er føreslegen lagt ned. Me har fått stor forståing for den situasjonen i partiet, seier Haugan.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hovudsaka for han er å gjera det ein kan for å sikre skulen i Seljord, slik at dei tilsette kan få ro til å bevara og utvikle skulen.

– Me skal ha fullt trykk framover mot endeleg avgjerd i fylkestinget, lovar Haugan.

Men han seier også at dei må jobbe på fleire frontar, både i eige parti og med opposisjonen i fylkestinget.

Men fylkesordførar Sven Tore Løkslid (Ap) vil ikkje vera tydeleg på si personlege meining om skulen i Seljord før det har vore drøfta i partiet.
Men fylkesordførar Sven Tore Løkslid (Ap) vil ikkje vera tydeleg på si personlege meining om skulen i Seljord før det har vore drøfta i partiet.

– Me treng ein politisk dugnad for skulen. Saman både i partiet og med opposisjonen skal me jobbe for å finne ei løysing, seier Haugan – men legg til at han sjølvsagt ikkje kan lova eit positivt utfall for avdelinga i Seljord.

Vil samle troppane

Jon Svartdal (H), regionordførar for Vest-Telemarkskommunane, synest det var litt uventa at hovudutvalet vedtok strukturen i den vidaregåande skulen, og med det fleirtalsvedtaket om å leggje ned avdelinga i Seljord. Han viser til det utvalsleiar Maja Foss Five (Ap) gav uttrykk for i VTB førre tysdag. Ho trudde utvalsmøtet onsdag og torsdag ville bli «ein verkstad med grundige og prinsipielle diskusjonar. Deretter vil partia jobbe fram det dei meiner er dei beste løysingane fram mot budsjettmøtet i fylkestinget 9. og 10. desember.»

I VTB same tysdag minna Svartdal fylkespolitikarane om det distriktspolitiske ansvaret dei har. Han peika også på at elevar frå Vest-Telemark må flytte på hybel for å gå på skule dersom skulen i Seljord blir lagt ned.

– Dette vil vera ei utarming av distrikta. Me risikerer at kompetansearbeidsplassar forsvinn frå regionen, sa Svartdal førre tysdag.

– Me gjev i alle fall ikkje opp å berge skulen i Seljord før siste ord er sagt, slår Svartdal fast.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han ser føre seg både å samrøda med ordførarane i Vest-Telemark, og naturlegvis med både ordførar og politikarar i Seljord.

– Så får me finne ein strategi der me kan nå fram, og håpe det beste for skuleavdelinga, seier Svartdal.

Fylkesordføraren vil ikkje seia meininga si

Fylkesordførar Sven Tore Løkslid er naturleg nok ikkje glad for framlegget om å leggje ned den vidaregåande skuleavdelinga i Seljord. Men framlegget har ei opplagt forklaring, seier han:

– Fallande elevtal og dårlegare økonomi i fylkeskommunen i åra som kjem gjer at me er nøydd til å gjera tøffe prioriteringar. Demografi og liten auke i folketal gjer at Telemark kjem dårleg ut i økonomiske overføringar frå staten. Tilskotet vil minke frå 1,86 milliardar i 2016 til 1,81 milliardar i 2019, slår Løkslid fast.

Altså 50 millionar mindre i tilskot på fire år.

– Fylkeskommunen styrer mot store underskot, er den klare tala frå fylkesordføraren.

Han innser at det er uheldig for skulen i Seljord, både for dei tilsette og elevane, å bli innstilt til nedlegging gong etter gong.

– Eg skulle gjerne heller vore med og diskutera korleis me kan styrkje fagtilbodet og utvikling i den vidaregåande skulen, i staden for kutt og strukturendring. Men den økonomiske realiteten er klar, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han vil ikkje vera tydeleg på si personlege meining om skulen i Seljord før det har vore drøfta i partiet.

– Det som er klart er at skal me bruke meir pengar på vidaregåande skule i fylket, må me kutte i andre område fylkeskommunen har ansvar for. Det kan vera område innan samferdsel og kultur. Det er snakk om prioriteringar. Men uansett kvar me kuttar vil det vera upopulært for dei det råkar, seier han.

Og legg til at fylkespolitikarane må sjå på totalbildet for Telemark.

– Me må få til eit tilbod både elevar og næringsliv treng, slår han fast.

Han er òg fullt klar over dilemmaet med store avstandar i distrikta, som gjer at ungdommane må bu på hybel for å gå på vidaregåande. Eit forhold han veit er ugunstig.

Politikarane i representantskalpsmøtet i Arbeidarpartiet skal drøfte saka laurdag. 19. november kjem ho opp i fylkesutvalet, før endeleg avgjerd i fylkestinget 9. desember.