Fylgde det klare rådet frå innbyggjarane
Kommunestyret i Seljord forventar at rammeoverføringane frå staten framleis vil leggje til rette for at Seljord blir ein berekraftig kommune med gode og likeverdige tenester til innbyggjarane.
Kommunereform:
Eit samla kommunestyre i Seljord avslutta onsdag kveld kapittelet om kommunesamanslåing og sa ja til å halde fram som eigen kommune.
Fylkesmannen i Telemark har bede kommunane om å fatte vedtak om kommunereforma innan 1. juli i år, slik at han kan utarbeide ei tilråding til framtidig kommunestruktur. Kommunalog moderniseringsdepartementet vil etter dette nytte fylkesmannens tilråding i arbeidet med ein proposjon som blir lagt fram for Stortinget våren 2017.
Artikkelen held fram under annonsen.
I vedtaket frå kommunestyret står det også at ein forventar at rammeoverføringane frå staten framleis vil leggje til rette for at Seljord blir ein berekraftig og robust kommune med gode og likeverdige tenester til innbyggjarane. Kommunestyret meiner også at lokaldemokratiske prinsipp vil bli ivareteke gjennom innbyggjardialog og politiske organ i framtida.
Mange samtalar
Etter arbeidet med kommunestruktur kom på bordet har Seljord vore i samtalar med fleire grannekommunar om ei eventuell samanslåing.
Det blei laga forstudie med kommunane Lifjell-rundt og forstudie i Vest-Telemark. Deretter blei det utvikla forprosjekt både mot Midt-Telemark og Vest-Telemark. Etter fleire møte forhandla Seljord fram ei intensjonsavtale med Kviteseid og Nissedal, som ikkje blei tatt vidare til innbyggjarane. Ei ny avtale blei då teikna mellom grannane Kviteseid og Seljord, og det var denne avtala innbyggjarane fekk høve til å seie sitt om.
77,9 prosent av dei spurde i Seljord ynskte at kommunen skulle halde fram åleine.
Ser framover
– Dette er ei sak det har vore mykje arbeid med, men det har heile tida ligge til grunn at innbyggjarane skulle få seie sitt og at me skulle ta deira råd med oss. Folket var tydelege, seier ordførar i Seljord, Halfdan Haugan (Ap).
Ordføraren vel å sjå det tydelege nei-et som at mange meiner at Seljord er ein flott kommune slik han er.
– I kveld er me i finalen, og når vedtaket er gjort må me tenke framover. Me må brette opp ermene og tenke interkommunalt samarbeid. Me legg samanslåingar bak oss, og arbeider vidare for å finne gode løysingar for innbyggjarane våre, sa ordføraren.
Trur på nye strukturdebattar
– Me har kome til endes i ei viktig sak, og heldigvis har me fått eit veldig klart svar. Nå håpar eg at me skal stå mest mogleg samla, for å få til ei endå betre framtid for innbyggjarane våre, sa Henry Mæland (Sp).
Artikkelen held fram under annonsen.
Edvard Mæland (H) trur ikkje diskusjonen om kommunestruktur er over.
– Nå har kommunane fått høve til å sjå på kommunar dei kan samarbeide med. Argumentet som er bruka mest er at folk ynskjer å ha det som dei har det i dag. Men er det ein ting me kan vere sikre på i Seljord, og i andre kommunar, er det at det ikkje kjem til å bli som i dag i framtida. Eg trur ikkje det er lenge til me er i gang med ein ny diskusjon om kommunesamanslåing, seier Mæland.
– Me har vore tydelege heile vegen om at me skal høyre på folket, og eg blei litt overraska då folk var så tydeleg mot samanslåing. Me har lært mykje i prosessen, og det kan me ta med oss vidare, sa Trond Johnsen (Ap).
Tenke framover
– Dette ein merkedag for oss, for me har tru på Seljord åleine – nå og i framtida, sa Beate Marie Dahl Eide (Sp).
Ho var glad for at innbyggjarane hadde gjeve eit tydeleg svar då dei blei spurd om kommunesamanslåing.
– Det som er viktig nå er kva me gjer framover. Frå vår vesle bygdestad må me tenke korleis skal me styrke og utvikle det me har i framtida. Me må inn med større interkommunale samarbeid og selskap, sa Svein Forberg Liane (V).