Fylkesmannen inn i Austre Nape-saka
Bonde og forretningsmann Johan Benad Ugland kan likevel ikkje føle seg trygg på å få konsesjon på Austre Nape i Fyresdal. Fylkesmannen vil no vurdere om han skal overprøve kommunestyrevedtaket som blei fatta førre torsdag.
Gjennom massemedia og tilgjengelege dokument på heimesida til Fyresdal kommune har Fylkesmannen fått med seg at Johan Benad Ugland har fått konsesjon utan buplikt på Austre Nape. Prisen er 18,5 millionar kroner for den største eigedomen i Fyresdal.
Ved å vise til forvaltingslova melder Fylkesmannen no til konsesjonssøkjar Johan Benad Ugland at han vurderer å overprøve kommunestyrevedtaket i Fyresdal. Ordførar Bjørn Nome fekk hakeslepp då ein kopi av meldinga kom susande inn til han denne veka.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det er ganske spesielt at Fylkesmannen grip inn, og eg veit ikkje kvifor han gjer det. Eg oppfattar det som ei overprøving av eit politisk vedtak som er gjort på rette måten. Me har ikkje tolka dagens lovverk feil, og me har fleire liknande saker der me har gjort likt vedtak som i konsesjonssaka om Austre Nape, seier ordføraren.
Ingen innersvingar
Han meiner at Fylkesmannen ved å ha lese alle sakspapira som ligg ute på internett, ville funne ut at i denne saka er det ikkje tatt innersvingar. Nome påpeikar at den gode sakshandsaminga har blitt gjort av ein fagleg dyktig kommunetilsett, og meiner meldinga frå Fylkesmannen må vere provoserande for sakshandsamaren. Nome seier kommunen har følt seg veldig skikka til å nytte det nye lovverket som har kome.
Det er tydeleg at Fylkesmannen har bestemt seg på førehand å ta oss. Eg er ikkje sikker på at det er rett av Fylkesmannen å drive politikk på denne måten. Fylkesmannen driv med maktdemonstrasjon, og eg får nesten ikkje sove om nettene, seier ordføraren.
Han mistar noko av motet når Fylkesmannen angrip lokaldemokratiet som i denne saka.
Kvifor driv me med lokalt sjølvstyre når Fylkesmannen grip inn i saker han ikkje likar det me held på med? Me har sett det i fleire høve at Fylkesmannen har same melodien, han gjer motsett av det me vil. Kvifor kan han ikkje stole på at me gjer dei rette vurderingane? Alt tilseier at Fylkesmannen må akseptere konsesjonsvedtaket som eit nesten samrøystes kommunestyre gjorde i førre veke, seier Nome.
Han blei så paff av den ferske meldinga at han tenkte no får Fylkesmannen heller flytte til Fyresdal og overta styringa av kommunen.
Statens hus kunne liggje i Fyresdal, men dei får sette opp bygget sjølv. Sjølv om dette er ein spøk ligg det alvor bak, seier ordføraren.
Aldri busetting
Det einaste kommunen kan gjere no er å sitte på gjerdet og venta på kva Fylkesmannen gjer vidare. Eit eventuelt vedtak om omgjering skal sendast partane innan tri månader. Innan tri veker vil konsesjonssøkjar og kommunen få tilbakemelding frå Fylkesmannen om han vil vurdere saka nøyare eller om ho er grei.
Artikkelen held fram under annonsen.
Blir det buplikt på Austre Nape trekkjer kjøparen seg og alle planane stoppar opp. Eg trur aldri det vil bli busetting på eigedomen, seier Nome.
Fylkeslandbruksstyret er lagt ned, og det blir difor administrasjonen hos Fylkesmannen som skal ha saka. No vurderer Nome om han skal be fylkesordføraren opprette landbruksstyret att, sidan ordføraren har fått stadfesta av landbruksministeren at ein kan ha eit slikt utval.
Det er eit poeng at det er ein viss grad av demokrati i slike saker som Austre Nape, avsluttar ordføraren i Fyresdal.
Vil unngå tenesteforsøming
Det er landbruksdirektør Helge Nymoen hos Fylkesmannen og rådgjevar Øystein Vatnar som har sendt meldinga om mogleg overprøving av konsesjonssaka for den største eigedomen i Fyresdal.
Det ville vore litt tenesteforsøming om me ikkje ser nærare på saka. Det ligg ikkje dramatikk i dette, og me veit ikkje enno om me vil overprøve det politiske vedtaket. Me ber kommunen sende oss alle dokument i saka, fordi ho er veldig spesiell, seier Nymoen til VTB.
Er det fritak frå buplikta som gjer at Fylkesmannen kjem med meldinga?
Buplikta er ein del, og det er mykje sterkare krav til buplikt etter lovendringa som har kome. Noko anna er likskapen mellom dei som søkjer konsesjon på eigedomar, og også prisvurderinga. Me er litt usikre på vurderinga som er gjort rundt inntektene frå kraftverket, svarar landbruksdirektøren.
Dette er ikkje ei opplagt sak i nokon retning, legg han til.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ligg det i korta at det no vil bli overprøving?
Nei. Det er ikkje automatikk i at me skal overprøve kommunevedtak. Det Fyresdal kommune har sagt tel veldig sterkt, svarar Nymoen.
Du må kaupe sovemedisin til Fyresdal-ordføraren no ?
Er det så ille, svarar Nymoen.
Blir det overprøving kan vedtaket frå Fylkesmannen ankast til Statens landbruksforvalting.