Philip Yatmann ved Møsstrond turisthytte er skuffa og sjokkert over åtferda til dei lokale festgjestene i 20-åra. – Det bør vere unødvendig å seie til folk at det ikkje er lov å tisse ut glaset og gå til åtak på andre gjester, seier turistverten.
Philip Yatmann ved Møsstrond turisthytte er skuffa og sjokkert over åtferda til dei lokale festgjestene i 20-åra. – Det bør vere unødvendig å seie til folk at det ikkje er lov å tisse ut glaset og gå til åtak på andre gjester, seier turistverten.

Fyllebråk og vald på turisthytte

Philip Yatmann ved Møsstrond turisthytte fekk seg ei ubehageleg overrasking då selskapet som hadde leigd seg inn på turisthytt viste seg å stelle i stand noko ganske anna enn den vaksne firmafesten han forventa.

Yatmann hadde fått bestillinga av opphaldet på e-post, og sidan ho var sendt frå ei adresse til eit firma i Skien, gjekk han ut frå at denne bedrifta skulle feire bursdagen til ein av dei tilsette på turisthytta. Dei hadde tinga rom for heile helga.

Då fredagen kom, fekk Yatmann hakeslepp då han merka at det slett ikkje såg ut til å bli den vaksne firmafesten han hadde sett for seg. Inn dørene på den gamle skulen på Hovden strøymde det på med lokale kvinner og menn i 20-åra.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Hadde eg visst at det skulle bli ein vill ungdomsfest, hadde eg aldri sagt ja til å ta imot dei. Eg har blitt åtvara mot dette tidlegare, og no skjønar eg kvifor, seier ein oppgjeven og frustrert hyttevert.

Blei valdelege

Mellom 30 og 40 deltok i bursdagen, som utover natta utarta seg til vill festing.

– Folk knuste flasker, spela svært høg musikk, og fleire av deltakarane tissa ut frå vindauga og nedover trappa. Utpå natta bad eg dei roe seg, men det nytta ikkje. Ein av dei andre gjestene denne helga, ein nederlender, prøvde òg å roe dei, men det enda med at nokre av festdeltakarane stakk fingrane inn øyro hans og vrei øyro rundt før dei heiv han på dør. Sjølv blei eg pressa opp mot ein vegg og fekk fem slag i andletet. Den hollandske gruppa måtte flykte til eit anna hus, fortel Yatmann om den dramatiske kvelden.

Ulike oppfatningar

– Me har ikkje noko som helst med dette å gjere, men eg veit at ein av lærlingane våre skulle feire bursdag på Møsstrond denne helga, seier ein representant for firmaet i Skien som Yatmann trudde han skulle vere vert for.

Mannen som hadde ansvaret for festen, ein mann i 20-åra frå Rauland, seier han ikkje har bestilt nokon fest i firmaet sitt namn, men at han bruka e-posten sin i firmaet då han bestilte.

– Eg var klar på at det var snakk om ein privat bursdagsfest. Han hadde forventningar til oss og kven me skulle vere, men han hadde ikkje spurt oss om noko på førehand. Me fekk dessutan inga retningsliner av eigaren verken på førehand eller då me kom dit. Han sa ingenting om at me måtte vere rolege, seier mannen, som vil vere anonym.

Det er ikkje Yatmann heilt einig i. Han seier han sendte mannen bookingvilkåra då han hadde mottatt bestillinga, og at dei dessutan hadde ein alvorleg prat med mannen og ei venninne kort tid etter at dei kom til hytta.

– Der sa me klart frå om at me ikkje ynskte bråk og fyll, så retningsliner fekk dei, sjølv om det eigentleg bør vere unødvendig å seie til folk at det ikkje er lov til å tisse ut glaset og gå til åtak på andre gjester, meiner Yatmann.

Artikkelen held fram under annonsen.

Politiet kunne ikkje kome

Han kontakta politiet då han og ein nabo ikkje makta å få festen under kontroll. Der fekk han til svar at dei ikkje hadde folk å sende. Fyrst laurdag ettermiddag kontakta politiet Yatmann for å høyre korleis det gjekk. Då hadde festdeltakarane reist for mange timar sidan. Yatmann blei oppmoda til å møte på Rjukan politikammer i går for å politimelde saka.

– Eg har ikkje høve til det, sidan eg fekk ei gruppe med engelske gjester dagen etter den ville festen, men eg skal få gjort det seinare. Eg veit ikkje kva eg skulle gjort utan bygdefolket her, som hjelpte meg å gjere reint og rydde opp etter ungdomsfesten. Det er eit godt samhald her på Møsstrond, og eg har fått eineståande støtte frå lokalbefolkninga, seier Yatmann.

¬– Eg meiner me blei tekne i mot på ein dårleg måte av eigaren. Me kom dit blide og fornøgde, og me betalte ein stor sum pengar for å vere der. Då me reiste eitt døgn før me eigentlig skulle, kravde me ikkje pengane tilbake, slik at dei pengane kunne fungere som godtgjering for oppryddingsarbeidet, fortel mannen som arrangerte festen.

Går utover mange

Naboane til Yatmann fekk òg merke festen på kroppen.

– Då deltakarane starta å kome var klokka om lag 17.30. Mange var alt fulle då dei kom køyrande på snøskuterar, og ein av ungane til naboen blei nesten påkøyrd. Festdeltakarane køyrde ikkje i slepene, men dei var overalt elles. Det var vill køyring, fortel Yatmann.

Mannen som arrangerte festen seier han forstår reaksjonane til Yatmann.

– Eg synest sjølvsagt ikkje det er greitt at det blir utøva vald. Eg legg meg flat for mange av synspunkta hans, men eg meiner han burde vore klarare på kva han ynskte frå oss. Noko eg ikkje synest er greitt, er at han ville kaste ut folk midt på natta og ha dei til å gå heim over isen. Det er livsfarleg. Men sjølvsagt skulle me føya oss meir etter kva han sa, innrømmer festarrangøren, som kanskje kan vente seg nok ein bakrus når politimeldinga kjem.