Fyrste mobilhytta på plass
Den fyrste mobilhytta er kome opp hos verksemda Nisser Hyttegrend og Camping på Fjone. Med ein pris på under 600.000 kroner kan det nye produktet fylle eit tomrom mellom campingvogner og hytter med høg pris.
Det er Telemark Treindustri i Treungen som produserer nysatsinga mobilhytta. Ein nøgd Bjarne Reime ved Nisser Hyttegrend og Camping var ein av dei som torsdag viste fram den fyrste flyttbare fritidsbustaden plassert på Sandvik. Svigersonen Michael Berggren og dottera Åshild Reime deltek i satsinga som skal vere med og sikre og utvide arbeidsplassane når paret om få år flyttar frå Ytre Enebakk i Akershus til Fjone for å overta verksemda.
Eg har alltid hatt interesse for eigedomsutvikling, fortel Michael til VTB.
Artikkelen held fram under annonsen.
Mannen min og pappa gjekk og sulla litt om dei same tinga, smiler Åshild om idéen med mobilhytter.
Ideen er så knakande god. Kvifor kom de ikkje på den før, skyt ein blid Nissedal-ordførar Anne-Nora Oma Dahle inn under visinga av den fyrste flyttbare hytta som er produsert.
Skal konkurrere
Åshild fortel at mobilhytta er eit resultat av mange års tenking. Utgangspunktet var at campingvogner ikkje er laga for norske forhold slik som vinterstid.
Det har vore eit hol i marknaden mellom campingvogner og store hytter på fjellet. Me tenkte at det måtte gå an å lage noko som er betre til under ein million kroner, fortel Åshild.
Og det har dei klart. Mobilhytta på 50 kvadratmeter kostar 595.000 kroner nykelferdig. Då får eigaren to soverom, hems, dusj/toalett, stoge og kjøkken. I tillegg er det mogleg å kjøpe eit anneks som kan brukast til soverom eller bod. Hytteeigaren må elles betale ei årleg leige for tomt med veg, vatn, kloakk og breiband. Ei slik løysing gjev varige inntekter for grunneigaren.
Her får ein ei høgstandard hytte til låg pris. Mobilhytta er så billig at ein også kan kjøpe ho som stasjonær, seier formannskapsmedlem Øyvind Tveit under visinga.
Me skal konkurrere mot hytter og føler me kan konkurrere også mot dyre campingvogner, seier Michael.
Mobilhus
Mobilhytta på rundt fire tonn blir produsert i to delar. Skulle eigaren finne på at han vil flytte fritidsbustaden til ein annan plass, er det bare å bestille kran og lastebil. Eit anna alternativ er å selje hytta, for så å bestille ei anna til der neste etablering skal skje.
Artikkelen held fram under annonsen.
Den mobile løysinga er viktig for alle dei med campingdrift, meiner Åshild.
Ambisjonane er ikkje bare å få eigne stabile arbeidsplassar, men kanskje opprette fleire, ved til dømes å etablere hytteservice. Dessutan kan det etter kvart bli aktuelt å lage mobilhus til dømes for å bruke dei som mellombelse bustader.
Mobilhusa skal vere frå 30 til 80 kvadratmeter. Me har lyst til å konkurrere mot små hus, seier Michael.
Området for mobilhytter på Sandvik er ikkje ferdig regulert, men kommunen har gjeve løyve til å sette opp visingshytta. Fritidsbustaden er alt selt, til eit pensjonistpar som var ute etter ei lita, lys og triveleg hytte som ligg fint til ved idylliske Nisser.
Me hadde nok selt fleire mobilhytter om dei alt hadde vore på plass her. Elles har me sendt ut tilbod til fleire hyttefelt og utleigefelt i området om dei ynskjer mobilhytter. Me er i dialog med grunneigarar på Gautefall, i Treungen og Vrådal, fortel Michael.
Han meiner det er realistisk at produksjonsverksemda innan fem år har levert mellom 30 og 40 mobilhytter i området.