– Her stiller me opp i rekkje kvar morgon og helsar før me går inn i klasserommet, fortalte lærar Bård Lervik til andreklassingane Savannah H. Rinde (t.v.), Håvard Skori, Martin Haugen Kultan, Erlend Valhovd og fyrsteklassingane Maren Haustveit Aase og Øsmon Aarbakk.
– Her stiller me opp i rekkje kvar morgon og helsar før me går inn i klasserommet, fortalte lærar Bård Lervik til andreklassingane Savannah H. Rinde (t.v.), Håvard Skori, Martin Haugen Kultan, Erlend Valhovd og fyrsteklassingane Maren Haustveit Aase og Øsmon Aarbakk.

Fyrste skuledag

Onsdag var spente, glade og skuleklare 6-åringar i Vinje, Fyresdal og Seljord kommunar klare for å ta fatt på ei ny og spennande fase i livet. I dag er det skuledebutantane i Tokke, Kviteseid og Nissedal sin tur. VTB vitja Åmotsdal skule onsdag, der me fekk høyre om sommarfuglar både hos fyrsteklassingar og læraren.

– Hei og velkomen til nytt skuleår, helsar rektor ved Åmotsdal skule, Svein Vetle Trae elevane som strøymer inn porten eit kvarter over åtte onsdag morgon.

– Å hei, der har me Maren og Øsmon som skal starte i fyrsteklasse. Velkomne skal de vere, seier rektoren og tar elevane i handa og smiler breitt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Maren Haustveit Aase fortel veslevaksen at ho kjem åleine til skulen denne dagen saman med storesyster, men mamma kjem litt seinare altså.

Øsmon Aarbakk har også storesyster på skulen, Tårån, ho spring for å finne venninner medan 6-åringen blir att for å vise VTB den blå tøffe skulesekken sin.

Star wars og niste

– Har du ny sekk?

– Ja, nikkar Øsmon litt sjenert, og fortel at han fekk den på skulen i vår då dei var til innskriving på skulen.

– Kva har du oppi sekken da?

– Eg har penalhus med bilde av Star Wars, leksebok, eit øvingshefte og nista, smiler han og rynker på nasen.

– Kva har du på nista?

– Leverpostei, fortel han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mamma Irene Aarbakk fortel at Øsmon fyrst til morgon onsdag blei litt spent og grua seg litt for skuledagen, men nå når han har kome til skulen ser det ut til at alt er heilt greitt.

– Var det vanskeleg å få sove i går kveld, sidan du skulle starte på skulen? undrar me.

– Det gjekk bra, for me var på tur til Sverige i går og eg handla godteri og leiker, fortel Øsmon som elles fortel at han har hjelpt til på staulen og passa geiter og mjølkekyr denne sommaren. Nå blir det godt å treffe att dei andre barna sidan han har hatt sommarferie frå slutten av mai.

Fotball kanskje

Før skuledagen tar til undrar me om Øsmon veit kva som skal skje?

– Me skal sikkert sjå på bøkar, leike saman og spele fotball kanskje, meiner han før rektor Trae ringer inn elevane med den store skuleklokka til samling i gymsalen.

– Velkomen til nytt skuleår, eg synest at alle har blitt litt lengre i sommar eg. Ja, kanskje ikkje lærarane då, smilte han og inviterte alle til å setje seg i ein stor ring på golvet.

– Nå kan alle sei kva dei heiter, kvar dei bur og kva klasse de skal gå i, slik at me blir skikkeleg godt kjent, inviterte Trae. Deretter blei det litt leik og allsong før elevane fylgde lærarane til klasserommet.

Ny på skulen

Men det var nok ikkje bare fyrsteklassingane som hadde sommarfuglar i magen onsdag morgon. Dei merkte nok også Bård Lervik som er ny lærar i Åmotsdal denne hausten.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etter 16 år som lærar i Oslo for barn som kjem til Noreg og skal lære norsk, har han flytta til Mandal og tar fatt på nye læraroppgåver i Åmotsdal.

– Det blir spennande og litt annleis, sidan eg er vand med store klasser med 25 elevar, fortel han og samlar dei seks elevane han skal ha i 1. og 2. klasse.

Bamsebjønn og lesekvarter

Inne i klasserommet har Lervik spennande ting på kateteret. Eit lite skip som morfaren hans laga inne i ei flaske, nei, sjå det er ei stor ljospære og kva har han i handa?

– Ei slik til å spele melodiar med, svarar Savannah i 2. klasse.

– Ja, denne speledåsen skal me ta fram når nokon har bursdag, den spelar melodien gratulerer med dagen, fortalde Lervik medan dei seks elevane fylgde nøye med.

– Men kva skal me bruke denne kofferten til, undrar læraren og lyfter opp ein tom koffert … Her skal Bamsebjønn bu, saman med ei bok, og veit de kvifor, undrar læraren.

Savannah fortel at bamsen kan bli med heim, dei kan leike med han og dei kan gjere leksene saman.

– Og i boka kan me skrive kva me har gjort saman med bamsen, seier Martin.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ja, neste veke skal bamsen vere med ein av dykk heim, men nå vil me lese litt frå ei bok. Eit lese-kvarter, slik me skal starte kvar skuledag denne hausten, fortalde Lervik og inviterte barna inn i Prøysens fantastiverd om «Alle tiders gullhøne».