Anne Birgit Sollid var den fyrste småskalaprodusenten som fekk hjelp av Hermann Lissl på produksjonskjøkenet i Storstoga på Dyrskuplassen.
Anne Birgit Sollid var den fyrste småskalaprodusenten som fekk hjelp av Hermann Lissl på produksjonskjøkenet i Storstoga på Dyrskuplassen.

Fyrste til å ta i bruk kjøkenet

Anne Birgit Sollid frå Morgedal var den fyrste småskalaprodusenten som nytta det nye produksjonskjøkenet i Storstoga på Dyrskuplassen.

Førre fredag kom to bakpartar av ein okse direkte frå slakteriet til Dyrskuplassen. Der stod Hermann Lissl klar for å gjere kjøtet gryteklart i samarbeid med Anne Birgit Sollid.

– Det betyr kjempemasse. Eg hadde ikkje hatt sjanse til å kjøpe inn liknande utstyr, seier Sollid, før dei gyv laus på slaktet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho er lokalmatprodusent og driv med ammekyr på Skare gard i Morgedal. Der har ho restaurert ein låve som fungerer som lokale for konferansar og selskap. Sollid ynskjer å utnytte det som er heime på garden, og vil bruke oksekjøtet både til selskapa og til sal til private.

Heilt utan marknadsføring har ho alt booka seks selskap og konferansar.

– Dette er eit tilbod for dei som ynskjer ei personleg atmosfære, forklarar Sollid.

Mange flinke

Produksjonskjøkenet er ein del av mat- og kompetansesenteret i Dyrsku’n arrangement. Her kan dei ta seg av alt frå flåing til å gjere kjøtet gryteklart. Når det blir produsert varer for aktørane i marknaden, vil dei også få med oppskrifta med heim, lovar Dag Sveinung Moen, koordinator ved mat- og kompetansesenteret.

– Mat- og kompetansesenteret er med på å lyfte fram gode idear med eit apparat kopla opp mot spisskompetanse. Det er mange rundt om som er flinke, men det kan vera greitt å ha nokon å kontakte. Det er mykje godkjenning som må til. Her har me heile pakka, og kan produsere i store kvanta, seier Moen.

Det nye viltmottaket er dessutan no også godkjent for å ta imot hjort. Det har kapasitet til seks-sju dyr.

Mange kurs i vente

Det blir mange kurs på Dyrskuplassen den komande tida. I midten av juni blir det kurs i geriljamarknadsføring.

– Dette er for dei som driv i det små, men ikkje berre småskalaprodusentar, det kan vera til dømes strikking. Det er vanskeleg å marknadsføre i konkurranse med dei store aktørane. Kurset omhandlar korleis ein skal marknadsføre med låge budsjett med størst mogleg effekt, forklarar Dag Sveinung Moen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Mange har svært gode produkt, men det hjelper ikkje om ein ikkje får ut bodskapen. Det handlar om å stikke seg fram, kreativitet og systematisk, held han fram.

I august og september blir det ei kursrekkje med tema smak. Her skal deltakarane lære å opne sansane gjennom fyrst eit matkurs, så er det kaffi og vin som er i fokus, før det blir avslutta med whiskey-kurs.

– Dette blir kurs der deltakarane aktivt er med, og det er for alle, same kva nivå ein er på, seier Moen.