Norges Bondelag og Norsk Bondeog Småbrukarlag går i forhandlingar med staten. F.v. leiar i Norges Bondelag Bondelag, Lars Petter Bartnes, leiar Merete Furuberg i Norsk Bondeog Småbrukarlag Bondelag, og Lars Petter Bartnes, statens forhandlingsleiar Leif Forsell
Norges Bondelag og Norsk Bondeog Småbrukarlag går i forhandlingar med staten. F.v. leiar i Norges Bondelag Bondelag, Lars Petter Bartnes, leiar Merete Furuberg i Norsk Bondeog Småbrukarlag Bondelag, og Lars Petter Bartnes, statens forhandlingsleiar Leif Forsell

Går til forhandlingar om jordbruksavtale

I dag startar Norges Bondelag og Norsk Bondeog Småbrukarlag forhandlingar med regjeringas representantar om jordbruksavtale.

– Etter grundig gjennomgang av statens tilbod bestemte me oss for å gå i forhandlingar med staten, melder Norges Bondelag.

Jordbruksorganisasjonane presenterte kravet sitt med ei ramme på 950 millionar kroner for to veker sidan. Statens tilbod kom sist tysdag. Det var under tiandeparten av kravet, 90 millionar kroner.

Artikkelen held fram under annonsen.

Medan bondeorganisasjonane krev ein mogleg inntektsauke på 24 200 kroner pr. årsverk, er statens tilbod 5 900 kroner.

Reaksjonane har ikkje mangla etter staten kom med tilbodet: Jordbruket sakkar endå meir akter i inntekt samanlikna med andre grupper, med statens tilbod vil det meste av auken koma frå høgare prisar på matvarene, noko som betyr mest til dei største, og dermed vil råke distriktsjordbruket hardast, staten tek ikkje jordbruket på alvor, er nokre kommentarar.

– I brevet til statens forhandlingsdelegasjon om å starte opp forhandlingar peikar jordbruksorganisasjonane på merknadar til statsbudsjettet for 2015 frå næringskomiteen på Stortinget. Der heiter det at norsk landbruk skal ha fokus på auka matproduksjon med intensjon om å auke sjølvforsyninga, og at det er brei semje om å styrke lønsemda i norsk landbruk. Organisasjonane vier også til merknad til innstillinga om jordbruksoppgjeret i 2014 frå Senterpartiet, Arbeidarpartiet og Kristeleg Folkeparti om at reell auka sjølvforsyningsgrad er avhengig av at auken i matproduksjonen skjer på norske ressursar, opplyser Bondelaget.

– Når staten foreslår å kutte 110 millionar kroner svekkar det sjansen for å nå desse målsetjingane, uttalar Lars Peder Bartnes, leiar i Norges Bondelag.

– Tilbod og krav dannar eit godt utgangspunkt for dei vidare forhandlingane, seier Leif Forsell, statens forhandlingsleiar.