Gard med både materiell og åndeleg kvalitet
Lien Fjellgard i Svartdal byr på eineståande opplevingar rotfeste i den norske kulturarven. Det har ført til utmerkinga Olavsrosa.
Me er veldig krye over kvalitetsutmerkinga, seier Mette Lien, som ser på tildelinga som ein heider til reiselivsbedrifta ho og ektemannen Tor Lien har bygt opp over mange år.
I går måtte dei rive seg lause frå den i høve Dyrskun fullbooka gjestestaden og møte fram på Dyrskuplassen. Der fekk vertskapet på Lien Fjellgard tildelt Norsk Kulturarvs kvalitetsmerke Olavsrosa, som den fyrste i Seljord kommune. Det skjedde i samband med det offisielle opningsprogrammet for Dyrskun, og det var dagleg leiar i Norsk Kulturarv, Dag Lindvig, som stod for overrekkinga.
Artikkelen held fram under annonsen.
Verdig brukar
Lien Fjellgard er ein verdig mottakar av kvalitetsmerket. Den gamle slektsgarden frå fryst på 1600-talet er framleis i full drift med sau. I tillegg er dei gamle husa på garden innreidde til overnatting og servering. Maten som blir servert er heimelaga. Særpreget til dei gamle bygningane er tilpassa moderne drift, og gjester finn både konferansefasilitetar, sauna og boblebad der. Gjestene på Lien får eit heilt spesielt opphald i nær kontakt med naturen, heiter det i grunngjevinga for tildelinga.
I alt har vel nitti kulturhistoriske attraksjonar her til lands fått kvalitetsmerket. Attraksjonane strekkjer seg over eit vidt spekter; frå Svinøya rorbuer i Lofoten, Spelet om Heilag Olav på Stiklestad, Kviknes Hotell i Balestrand, Krøderbanen og D/S Skibladner til serveringsstaden Buene i Risør. Sju av kvalitetsmerka er frå før tildelt kulturarvopplevingar i Telemark. Det er Auen Urtegård, Dalen Hotell, Djuvland Fjellgard, Greivjord Fjellgard, Kvipt, Mjonøy og Vinjestoga.
Streng kvalitetsvurdering
Kvalitetsmerket Olavsrosa blir tildelt produkt av høg kvalitet som har grunnlag i den norske kulturarven. Merket viser veg til eineståande opplevingar rotfesta i denne arven, opplyser Dag Lindvig.
Før tildeling blir produktet og den opplevinga gjestene blir bodne underlagt ei streng kvalitetsvurdering. Det blir lagt vekt på at det ligg ei interessant og verdifull kulturhistorie til grunn for tilbodet. Dei kulturhistoriske verdiane skal vera ivaretekne på ein god måte, og tilbodet til gjestene skal ha høg kvalitet både materielt og åndeleg. Innehavarane av Olavsrosa har forplikta seg til å vera gode ambassadørar for ein levande kulturarv og til å formidle historia om staden til gjestene sine.
Verdset utmerkinga
Mette Lien understrekar at dei verdset utmerkinga høgt.
Me jobbar jamt og trutt med kvaliteten, og ynskjer at gjestene våre skal bli tekne godt vare på. Og det ser ut for at det me har gjort har vore ganske vellykka, seier ein glad turistvert.
Olavsrosa er ikkje fyrste kvalitetsstempelet Lien Fjellgard får. Tidlegare i år blei turiststaden, som den einaste i Telemark, valt ut til å vera med i nettverkssamarbeidet Handplukka. Der er dei i selskap mellom anna med Fossheim Turisthotell og Arne Brimis Vianvang i Lom. Det er i alt femten verksemder som er med i prosjektet som Landbruket og Innovasjon Noreg har sett i gang.
Lien Fjellgard
* Ligg i Svartdal, 700 meter over havet.
Artikkelen held fram under annonsen.
* Vertskap på slektsgarden frå 1600-talet er Mette og Tor Lien.
* Rekkjetunet omfattar i alt 10 bygningar. I eldhuset, i loftet, i sauefjøset, badstogo, høyløa og i vårfjøset er det i alt 20 overnattingsrom med plass til vel 50 gjester.
* Både stallen, buret og eldhuset har lokale til bruk for kurs.
* Festsalen er på fjøstrevet. Der kan det dekkjast til 80 personar.
* Kvilarstogo er velværeavdelinga på gjestegarden. Der er det badstoge, bar og utandørs massasjebad.