Gassutslepp i Treungen
Onsdag ettermiddag gjekk gassalarmen i Treungen då ein slange hadde sprokke på fôrkjøkkenet til Jacob Tveit, og ammoniakkgass fylte lufta.
Det vart slått full alarm både hos politi og brannvesen då det kom melding om utslepp av ammoniakkgass frå fôrprodusenten Jacob Tveit i Treungen sentrum onsdag.
Betjentar frå Nissedal lensmannskontor sperra av eit område på ein kilometer omkring Treungen sentrum.
Artikkelen held fram under annonsen.
Alle innbyggjarane i Treungen fekk melding om å halde seg innomhus via radio, og vart oppmoda om å lukke alle dører, lufteluker og vindauge.
Dei vart oppmoda til å fylgje dei meldingar som kom på radioen om kva som skulle skje vidare.
Kjente ikkje lukt
Ordførar i Nissedal, Øyvind Tveit, fortel til VTB at kommunen fekk melding om gassutsleppet i 11.30-tida onsdag.
Brannvesenet rykte ut og me fekk beskjed om at folk måtte halde seg inne. Meldinga vart tatt svært alvorleg, seier ordføraren.
Han var sjølv bare nokre hundre meter frå fôrkjøkkenet då meldinga kom.
På grunn av vêret og vinden hindra ein konsentrert spreiing av ammoniakkgass som minska faren. Grunnen til utsleppet skal vere brot på ein slange, seier ordføraren og fortel at oppmodinga om å halde seg innandørs vart avblåst klokka 14.15.
Utsleppet skal nå vere stoppa, og det er normale tilstandar i sentrum att.
Sjå på rutinane
Etter hendinga melder ordførar Tveit at kommunen vil gå gjennom rutinane saman med politiet for å sjå at ting fungerer slik dei skal for ettertida.
Artikkelen held fram under annonsen.
Me vil også jobbe for at slike utslepp ikkje skjer igjen, seier Tveit.