Gira på heilårsveg over Suleskar
Neste år er det 25 år sidan Suleskarvegen blei opna. Vegen er sommaropen i perioden mai–oktober. No er det krefter i sving for å gjere vegen open heile året.
«Gjev det ikkje maa vare for lengje, fyrr arbeidet kjem i gang.» Orda tilhøyrer Arne Garborg (1851-1924), og han sikta til samtidas planar om å byggje riksveg frå Lysebotnen i Rogaland over fjellet til Setesdalen og vidare til Dalen i Telemark. Orda skreiv han i 1918, og dei må reknast som slagfulle argument for vegen. Soleis kan ein seie at vegplanane er av tidleg dato.
Tre aktuelle trasear
Det skulle altså gå 72 år frå Garborgs ord blei sagt til vegen blei opna i 1990. Årsakene til det er fleire, men dei vanskelege økonomiske tidene på 1920-talet må nok ta mykje av skulda for at planane blei putta i ein skuff, gøymde og gløymde.
Artikkelen held fram under annonsen.
Av planane frå 1918 går det fram at det var tre ulike trasear som blei vurdert: Riksvegen Lyse–Bjørneraa–Skafså (111 kilometer), Dirdal Brokkelina (186 kilometer) og Dirdal Langeidlina (207 kilometer).
Truleg var det usemje om kva trasé som skulle veljast, og det blir sagt at krefter i Vest-Agder ynskte ei sørlegare rute enn «Riksvegen» ville vere. Det er Dirdal Brokkelina som er dagens trasé, men om det skuldast usemja frå gamal tid, er ikkje godt å seie.
Sonderer
No er altså sonderingar på gang for å sjå om det er grunnlag for å gjere vegen om til heilårsveg. Tokke-ordførar Hilde Alice Vågslid (Ap) tok tak i saka att like etter ho blei valt til ordførar for tre år sidan.
– Vegen betyr mykje for næringslivet i Tokke og andre kommunar i Vest-Telemark. Det er ynskjeleg med kommuneutvikling, og ein heilårsveg over Suleskar vil vere eit langt steg både for oss og andre, seier ho.
I førre veke hadde ho møte om vegen med ordførarane i Valle, Tarald Myrum (Sp), og Bykle, Jon Rolf Næss (Ap), i tillegg til representantar frå reiselivsnæringa.
– Me sonderer for å finne ut om det er grunnlag for å arbeide vidare med planane. Me må få med oss alle involverte kommunar og ikkje minst fylkeskommunane om me skal ha sjanse til å få ein slik veg inn i dei nasjonale planane. Me treng ei forankring for å bli vurdert av departementet, seier Vågslid, som førebels ikkje har teke saka opp med politikarane i Tokke.
– Det blir gjort dersom det er grunnlag for å jobbe vidare med prosjektet, seier ho.
Haukelivegen øvst
– Kva skjer vidare framover?
Artikkelen held fram under annonsen.
– Me skal ha nytt møte innan hausten, og då må alle aktuelle partar bli inviterte. Ordførarane i Bykle og Valle er minst like gira som meg for å få dette til, smiler Vågslid.
– Men eg vil presisere at Haukelivegen står øvst på lista i Tokke, legg ho til.
Ho seier at dei to vegane ikkje kjem i konflikt med kvarandre, og at det er på tide å starte med planane om heilårsveg no dersom det skal bli noko av.
– Tenk om me kunne få planane inn i Nasjonal Transportplan i 2020. Det er eit omfattande prosjekt, med fleire tunellar, men me må starte ein stad om det skal bli noko av, fortel ho.
Rosar initiativet
På siste halvdel av 1990-talet blei det også jobba med eit slikt prosjekt. Men det rann ut i sanden. Sjølv om dåverande fylkesordførar i Rogaland, Arne Rettedal (1926-2001), ved opninga av vegen sa at det berre var snakk om kort tid før vegen ville bli heilårsveg.
– Då var det mange andre prosjekt på gang som no er i ferd med å bli realiserte. Århus–Gvammen er eitt døme. No er tida rett for å leggje planar for heilårsveg over Suleskar. Det er eit flott initiativ frå ordføraren i Tokke og dei andre, og det vil bety mykje for mange om det blir ein realitet, seier tidlegare Tokke-ordførar Olav Urbø (Sp).
Heimstaddiktaren og forfattaren Torvald Tu (1893-1955) frå Jæren skreiv i 1918 dikt om Riksvegen:
Riksvegen
Sæbyggjen talar.
Artikkelen held fram under annonsen.
«Me ventar so saart paa den vegen god, som no er so mykje paa tale! –
So lang og leid er den tunge mo, og samfærdsla er berre so som so, for vegarne dei er so skrale.
So høg og hard er den bratte nut –. Og fjelli so kallege stengjer. Me sit som i buret, og lengtar ut –. Men vonleg vert ende paa denne vaar sut, naar veg ut fraa dalar dei sprengjer.
Og daa kan me køyra den vegen gild, og dugleg med varor paa lasset! Fær høve og handla me kva me vil, og betre vert jordi dyrka til –, enn no i det tungvindte trasset –.
Ja, maa berre Riksvegen koma fort, me ynskjer av heile vaart hjarta. For daa vil dølen faa mykje gjort av det som no stend so leidt i skort. – Gjev utløysing snart maatte verta!
Me elskar vaar heimlege Sætesdal med alle dei bøar og vollar! Var vegen burt ikkje so tung og skral, og leidi so lang, og so stengd og smal her inn millom blaanande kollar!
Til byarne ned er det mange mil, og leidi so rang til aa fara! Di Riksvegen god me vil helsa med smil; for det kann me vona utan al tvil – at daa skal me flokarne klara.»
Artikkelen held fram under annonsen.
«Setesdal i juli 1918»
(Kjelde: Riksveien Lyse, Sætesdal, Telemarken av Sigve Espeland, arkivkonsulent IKA Rogaland.)