Fysioterapeut Mette Mo i Seljord gjev behandling i basal kroppskjennskap – ein metode for å få folk til å jobbe frå stivna rørslemønster til meir formålstenelege rørsler.
Fysioterapeut Mette Mo i Seljord gjev behandling i basal kroppskjennskap – ein metode for å få folk til å jobbe frå stivna rørslemønster til meir formålstenelege rørsler.

Gje kroppen ro og tanken merksemd

Kroppen kjennes mjuk mot teppet medan ei røyst kjem med milde ord som får tankane til å møyrne.

– Kjenn etter korleis kroppen trefte underlaget. Tenk etter korleis treffpunktet mellom kroppen og underlaget kjennes. Legg merke til korleis armane er plasserte. Er armane plasserte tett inntil kroppen, er dei skilde frå kvarandre eller er dei kanskje i kontakt med andre kroppsdelar. La så tanken vandre vidare – ned mot beina og låra og leggane og føtene. Legg merke til om det kjennes som om beina har sokke godt ned i underlaget. Eller kjennes beina lette, undrar den mjuke kvinnerøysta.

Den milde røysta og den milde stemninga i rommet gjev ro til kroppen og merksemd til tanken.

Artikkelen held fram under annonsen.

– La så tanken kjenne etter kvar ryggen kjem i kontakt med underlaget og kor mykje av ryggen som ikkje har kontakt. Tenk vidare at kroppen har ei midtline som fører til at kroppen får ein venstre og ein høgre del. Kjenn etter om kroppen kjennes like tung på kvar side. Eller kanskje kjennes kroppen lett, held den smidige røysta fram.

Milde trykk frå varme hender

– Nå kan kroppen strekkje seg lang. Strekkje og tøye seg utetter i rommet. Litt lenger. Litt lenger. Gjer det som kjennes rett og godt for kroppen. Leit etter ein gjesp, seier kvinna med den milde røysta.

Når kroppen og tanken har fått tid på seg og ein kjenner seg klar, skal ein reise seg opp på kne og setje seg på ein liten, blå puff. Nå skal kvinna med den gode røysta gje ryggen milde, milde trykk frå hendene sine. Milde trykk frå varme hender gjer at skuldrer og rygg møyrnar.

Sidan fortel hendene hennar at kroppen skal ned att på teppet. Med magen vendt ned. Dei lette, milde, milde, lette trykka held fram. Nedetter og oppetter ryggen.

Ei av 100

Fysioterapeut Mette Mo i Seljord er ei av 100 i Noreg som har spisskompetanse innan fagretninga basal kroppskjennskap. Retninga kom på 1980-talet og er ein metode for å få folk til å jobbe frå stivna og låste rørslemønster til meir formålstenelege og fleksible rørsler.

– Metoden fokuserer på mentalt nærvær, balanse, fri pust, avspenning og velvære i rørslene, forklarar Mette Mo.

I fylgje Mo er det gjort omfattande forsking bygd på røynsle frå både Noreg og Sverige. Brorparten av forskinga er utført innan psykisk helsevern, men etter kvart har metoden òg blitt evaluert hos ulike kategoriar av smertepasientar. Resultata viser betring både i forhold til funksjon og betra livskvalitet.

– Mine erfaringar tilseier at metoden er spesielt godt eigna ved samansette psykosomatiske lidingar. Når det er sagt, meiner eg alle menneske kan ha nytte av basal kroppskjennskap. Det er slett ikkje noko mirakel det eg gjer, men det eg konsentrerer meg om er å gje kroppen ro og tanken merksemd slik at det blir eit mentalt nærvær. Behandlinga fordrar at ein slepp alt som er rundt ein og brukar tida her og nå. Utfordringa ligg i å klare å slappe av og fri seg frå tanken om at ein skal køyre sonen til fotballtrening om to timar, kva ein skal ha til middag og kvifor mannen må jobbe overtid. Livet er prega av stress. Og eit sunt menneskes liv skal innehalde stress. Stress er teikn på liv. Fokus må vere på kvar einskilde sine evner til å takle og tole presset, seier Mette Mo.