Gjekk for ein tryggare veg
Før ferdast fleire langs vegen i Vinje – no går berre folk der om dei må. Trafikken har auka, farten er høgare og trafikantane køyrer i same hastighet sommar som vinter. Sundag gjekk vinbyggjane i tog for tryggare veg.
– Det smell i autovernet temmeleg jamleg, uttala Irene Kosi som bur tett på Vinjevegen i ein skarp, skummel sving der det ofte skjer uhell på E134 i Vinje. Av og til skjer det kollisjonar også, nokre med alvorleg utfall. På folkemøtet på Vinjar sundag delte ho opplevingar, kjensler og tankar om korleis det er å bu tett på europavegen.
– Eg trur Irene målber mykje av det som mange av oss tenker, uttala sokneprest Tor Øystein Erikstein.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det har vore ein snørik vinter der glatt underlag og nysnø kanskje har gjeve trafikantane nokre overraskingar der europavegen slyngar seg sju mil gjennom Vinje kommune. Nokre vegstrekkjer er utbetra, svingane er retta ut, hastigheten går opp. Men så kjem ein inn i meir smale parti med svingar att.
– På dagar som denne får eg klump i magen – eg håpar ikkje det skjer noko i kveld, seier Kosi.
Stygg ulykke
Kosi fortel at ho mang ein gong har springe for å finne mobilen og vidare ned til vegen for å sjå kva som har skjedd denne gongen.
– For litt sidan var det ei stygg ulykke i svingen. Eg var nummer to som kom til ulykka og to unge vaksne blei sendt vidare med luftambulansen til sjukehuset. Det var så vondt, seier Kosi.
Ho seier at ho ikkje tør gå langs europavegen. – Eg har eigentleg lyst på katt også, men det kan eg ikkje ha. Den ville blitt påkøyrd med ein gong, seier Kosi.
Talet på bilar går opp, det same skjer med farten.
– Før sprang me 60-meter på Vinjeflaten, i dag blir den helst bruka til forbikøyring, uttala Olav Nordstoga som også var uroa for den utrygge vegen.
Gjekk saman om saka
Utgangspunktet for arrangementet var eigentleg ei pilegrimsvandring som årets 30 konfirmantar i Vinje kommune skulle hatt, og eit brev om stamvegen som blei lese på måndagsmiddagen på Vinjar tidlegare i vinter.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Me skulle hatt ei vintervandring, men det er mykje snø i år og ikkje trygt å gå langs vegen her med høge brøytekantar. I kveld er konfirmantane med på å skape ei forandring, dette kan gje dei idear som kan synleggjere at det er mogleg å få til ei endring. I dag vil me gå i tog for å spare liv, gjere dei unge medvitne på at alle har eit ansvar for ein tryggare veg, sa prostidiakon Eilev Erikstein.
Vegstrekkjet E134 frå Åmot til Vinjesvingen er ulykkesutsett, og har vore det i mange år. Difor tok kyrkja i Vinje initiativ til folkemøte, fakkeltog og gudsteneste saman med bygdelivsprosjektet «Liv i Vinje», Vinje kommune, ulike naud og redningstenester og andre som arbeider på den trafikkerte europavegen.
Må stå saman
– Dette har vore eit vanskeleg vegstrekkje i mange år, og det er viktig at me som bur her seier tydeleg i frå at me ikkje ynskjer å ha det slik, slik at styresmaktene høyrer oss. Vegen er utbetra fleire stader i Vinje, men det er framleis område med mykje uhell og ulykker, sa varaordførar i Vinje, Øystein Høgetveit, og meinte at markeringa var eit svært positivt tiltak.
Delte erfaringar
På folkemøtet var det solid oppmøte frå både brannvesen, ambulanse, politi, bergingsmannskap og kommunens kriseteam. Fleire delte opplevingar dei har hatt langs vegen. Ulykker, men også gleda over at dei kan vere med å hjelpe når uhellet fyrst skjer.
Representantane frå naudetatane merkar at fartsauke og stress ofte er grunnen til at uhella skjer, og oppmoda alle om å tenke seg om, roe ned og heller kome fram eitt minutt seinare.
Ambulansepersonellet retta også takk til brannvesenet i Vinje, og omtala dei som fantastiske. Ein av dei tilsette i ambulansetenesta var også klar på at om ein kom til ei ulykke var det ein ting som var avgjerande.
– Sikre frie luftvegar hos den eller dei skadde. Det er det viktigaste ein kan gjere. Det einaste de kan gjere feil er å ikkje gjere noko, uttala han.
Avpass farten
Lensmann i Vinje, Trond Neri Flothyl, meiner ulykkesstatistikken har gått litt ned i Vinje, og la til at det er mykje god utvikling retta mot unge i trafikken.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Talet på unge innblanda i ulykker er mindre nå enn før. Og om alle bidreg saman om meir tryggleik i trafikken, hjelper det. Det er nok enkelte som trur dei køyrer på sommarføre på veten, dei avpassar ikkje farten etter føret, uttala lensmannen som også takka dei andre naudetatane for godt samarbeid i kommunen.
– Men det skal ikkje vere slik at folk skal sitje å vere redde for at det skal skje ulykker på vegane våre, slik me har fått høyre i kveld, uttala Dag Lie frå Vinje bilberging.
Han var også takksam for at Vinje har eit dyktig brannvesen.
– Brannvesenet i Vinje er ein hjørnestein – dei gjer ein fantastisk jobb, takka Lie.
– De gjer alle ein fantastisk jobb på vegane våre, takka Erikstein.
Vandra saman
Etter folkemøtet vart 150 faklar tent og folk starta ferda frå Vinjar i retning kyrkja. Medan trafikken trilla sakte vestover i møte med fakkeltoget, var arrangørane sitt håp at også personane i bilane skulle tenke at dei kanskje skulle køyre rolegare neste gong dei passerte området.
– Det er mange som ferdast på vegen gjennom Vinje. Me skal tenke på alle som blir råka av ei ulykke, dei som ikkje er herifrå skal me også hugse på, minna Erikstein om.
Ljos for framtida
Bygdemarkeringa vart avslutta med stemningsrik ljostenning og gudsteneste i Vinje kyrkje sundag kveld der Ingvild Lilletvedt Nordstoga song og bodskapen i messa var at ein skal bry seg, ta vare på og stille opp for kvarandre.
Artikkelen held fram under annonsen.
– No må styresmaktene ta til fornuft. Me har ingen fleir å miste. Me krev tryggleik og kan ikkje vente. Alle har eit ansvar for å bidra til tryggare veg, var oppmodinga frå Liv i Vinje som takka alle for frammøtet og kyrkja som tok samfunnsansvaret med å skipe til arrangementet.
«Tvang» Ytringar på side 17.