Gjer seg klare til rulleskisprint
I midten av juni blir Sparsprinten i Fyresdal arrangert. Det er fjerde gongen at skiskyttarlaget i bygda dreg i gang arrangementet som varer i to dagar.
– Starten går i sentrum og for junior- og seniorløparane blir det ei løype på 11 kilometer der det er lagt inn to spurtprisar og ein pris for den som kjem fyrst til toppen i Åslandsgrend, fortel Monica Sølyst, Tor Gunnar Austjord og Olav Inge Nordbø frå arrangørklubben, Fyresdal skiskyttarlag (FSSL).
– Det blir også kortare løyper for dei yngre løparane, legg dei til.
Artikkelen held fram under annonsen.
Høgt nivå
I år er elevar frå langrenn- og skiskyttarlina ved Sirdal vidaregåande skule og løparar frå Team Veidekke Vest venta til Fyresdal.
– I tillegg kjem også Team Telemark, som skal vere her ei veke på treningssamling saman med Team Veidekke Vest. Det betyr at det alt er 60 løparar påmeldt før me har gått ut med informasjon, fortel Austjord.
– Me kan vel også avsløre at me jobbar med å få Pål Trøan Aune og Gøran Tefre hit. Aune har som kjent røter i bygda her, så me håpar å få han hit på «sommarferie», legg Nordbø smilande til.
For apostlanes hestar også
Arrangementet i midten av juni er også ope for dei som ikkje ynskjer å ha rulleski på føtene.
– Laurdag er det Sparsprinten på rulleski for dei frå 11 år og oppover, men det er også ei trimløype der folk i alderen 0–100 år kan gå på føtene, fortel Sølyst.
Men det er ikkje berre sportslege aktiviteter i Fyresdal denne junihelga. Det blir også underhaldning og meir til.
– Me samarbeider med kulturskulen og det blir mellom anna ein danseworkshop. Det blir meir også, men me kan ikkje røpe alt no, smiler Sølyst lurt.
Alle løparane som skal gå på rulleski stiller på identiske ski med same type hjul.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Me får ski frå Intersport i Seljord, og det er heilt avgjerande at det er lik rullemotstand på hjula. Viss det ikkje var slik ville enkelte hatt store fordelar, og det kan me ikkje ha noko av, forklarer Austjord og Nordbø.
Samlar bygda
Alle tre kyter veldig av lokale støttespelarar og dugnadsarbeidarar, og dei fortel også at arrangementet er ei viktig inntektskjelde for skiskyttarlaget.
– Slike arrangement samlar bygda, og svært mange bidreg på sitt vis. Utan den lokale innsatsen anten som sponsorar eller gjennom dugnadsarbeid, hadde det ikkje vore mogleg å gjennomføre dette. Det må vel vere lov å seie at dette blir årets største event i Åslandsgrend om ein ser vekk frå sauesankinga ..., ler Austjord.
Trioen, som til vanleg har med seg Tor Helge Midtbø og Linda Aas i arrangementskomiteen også, lovar eit skikkeleg kult arrangement der dei håpar på mykje publikum langs rulleskiløypa og elles i Fyresdal denne helga.