Tokkeordførar Birger Nygård og Vinje-ordførar Børre Rønningen gjev kommunalt tilsette fri for sende dei til Rjukan i demonstrasjonstog i kampen for å redde lokalsjukehuset.
Tokkeordførar Birger Nygård og Vinje-ordførar Børre Rønningen gjev kommunalt tilsette fri for sende dei til Rjukan i demonstrasjonstog i kampen for å redde lokalsjukehuset.

Gjev fri for å demonstrere

Ordførarane Birger Nygård og Børre Rønningen gjev alle kommunalt tilsette i Tokke og Vinje fri med løn for å demonstrere for å halde oppe drifta ved Rjukan sjukehus.

Torsdag om ei veke steller Interessegruppa for Rjukan sjukehus til storstilt demonstrasjon på Rjukan. Denne mobiliseringa meiner Tokke-ordførar Birger Nygård og Vinje-ordførar Børre Rønningen er så viktig at kommunalt tilsette bør få fri frå jobben for å demonstrere. Dei kommunalt tilsette får fri frå klokka tolv og ut dagen med full løn dersom dei tek turen til demonstrasjonen på Rjukan. Også elevar ved skulane i Tokke og Vinje og elevane ved Vest-Telemark vidaregåande skule får fri.

Nå eller aldri

Nygård oppmodar alle som brenn for sjukehuset om å bli med.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg oppmodar alle som ynskjer å bevare sjukehuset til å bli med. Det er nå engasjementet og innsatsen må fram i ljoset. Det er nå eller aldri. Me må vise at me bryr oss om sjukehuset medan me kan, uttalar Birger Nygård.

Det blir sett opp bussar frå fleire stader i både Tokke og Vinje.

– Bevar akuttfunksjonen

Tysdag vitja Senterpartiets sosialpolitiske talsmann Ola D. Gløtvold Rjukan sjukehus. Han blei orientert om situasjonen for lokalsjukehuset, og om korleis ulike aktørar og det politiske miljøet knytt til nedslagsfeltet ser på framtida.

– Å kjempe for Rjukan sjukehus er kjempeviktig for alle dei politiske partia, og ikkje minst er det viktig for Senterpartiet, seier Aslak Ofte, fyrstekandidat i Vinje Sp.

Ofte meiner det har mykje å seie for sjukehuset å bevare akuttfunksjonen.

– Skal sjukehuset overleve må det ha eit visst pasientgrunnlaget. Om akuttfunksjonen forsvinn ryk fort resten av sjukehuset òg, uttalar han.