Gler seg over vegprosjekt
Fyresdølen Eivind Spockeli er gledeleg overraska over arbeidet med vegprosjekt i eiga bygd. I tillegg set han pris på milevis med asfalt som er lagt mot Dalen og Vrådal.
Me er så flinke til å klage på vegane, men no må det skrytast, seier Eivind Spockeli, i det han møter bladfyken på fylkesveg 355 like ved flyplassen i Fyresdal.
For ei stund sidan blei fylkesvegen frå Krossli til Hauggrend rusta opp kraftig og fekk ny asfalt. Sidan i fjor har Mesta hatt jobben med å ordne resten av vegstrekninga ned til Fyresdal sentrum. Det er sett av 40 millionar kroner til oppgraderinga av den 15 kilometer lange strekninga, og sluttasfalteringa skal etter planen kome neste år.
Artikkelen held fram under annonsen.
Eg har registrert veldig stor aktivitet på parsellen frå Hauggrend til Fyresdal sentrum, og det blir gjort utruleg mykje meir arbeid enn eg rekna med. Det blir bytt masse i stor stil for å få ein vegbane som held, og ikkje får telehiv i framtida, konstaterer Spockeli.
Også gangveg
Masseutskiftingane starta i fjor, og etterpå blei det lagt eit lag med asfalt.
Det har gått veldig bra. Eg køyrer mykje på fylkesvegen, og har ikkje merka telehiv eller noko på vårparten i år, seier Spockeli.
Opprustinga av vegen ved å skifte ut masse heldt fram i år, og etterpå blei det lagt på asfalt. Igjen finn Spockeli grunn til å gje ros til entreprenøren og arbeidet.
Både dei som har hatt arbeidet med planar og vegen har gjort ein fantastisk bra innsats. Betre går det ikkje an å gjere, når det siste laget med asfalt er på plass. Det er veldig overraskande at det er lagt ned så mange millionar i veg, seier fyresdølen nøgd.
Snart er det heilt strøken fylkesveg frå Fyresdal sentrum til Krossli. I tillegg gler Spockeli seg over at det frå Krossli er lagt asfalt både til Dalen og Vrådal for ikkje lenge sidan.
Bare velstand. Og så blir det også bygd gangveg frå Fyresdal sentrum til Molandsmoen. Kjempebra, seier Spockeli.
Den to kilometer lange gang- og sykkelvegen har ein kostnad på 9,7 millionar kroner, og er snart klar for asfaltering. Mesta står bak opparbeidinga.