Erlend Kaasa frå Vinje er busett i Bergen, men har ikkje gløymd oppveksten sin på toppen av byggjefeltet i Åmot. Debutromanen «Thunder Road» skildrar fysiske omgjevnader påfallande like dei han vaks opp i.
Erlend Kaasa frå Vinje er busett i Bergen, men har ikkje gløymd oppveksten sin på toppen av byggjefeltet i Åmot. Debutromanen «Thunder Road» skildrar fysiske omgjevnader påfallande like dei han vaks opp i.

Gnistrande debut av lokal forfattar

Onsdag lanserte Det norske samlaget haustens bøker. Blant dei spente debutantane var Erlend Kaasa frå Vinje, som gjev ut oppvekstromanen «Thunder Road» i desse dagar.

– «Thunder Road» handlar om oppveksten i ei lita bygd ein stad i Utkant-Noreg. Hovudpersonen Mattis returnerer til heimstaden som vaksen, og blir nøydd til å ta eit oppgjer med løgnene i livet sitt. Minna frå ungdomstida blir slengt mot han når han entrar bestefaren sitt hus for fyrste gong å mange år, fortel forfattaren.

Erlend Kaasa legg ikkje skjul på at i alle fall dei fysiske omgjevnadane og miljøet i boka er som klypt ut av eigen oppvekst. Men der stoppar òg likskapen med hans eige liv, meiner han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mattis står på terskelen til manndomen, med alt det fører med seg på godt og vondt. «Thunder Road» skildrar dei skiftande kjenslene og dei eksistensielle spørsmåla som pregar tankane til ungdomar i tenåra, og Kaasa sin debutroman gjev dermed assosiasjonar til Tore Renberg sitt forfattarskap. Som Renberg brukar Kaasa mykje humor i boka, og ein må både smile og riste på hovudet av den merkelege logikken som finst i eit tenåringshovud. Samstundes er alvoret tilstades. «Thunder Road» tek for seg tema som den vanskelege kjærleiken og løyndomane som kan skjule seg i dei beste familiar.

Lett å kjenne seg att

– Erfaringane Mattis gjer seg er universelle. Alle har på eitt eller anna nivå vore gjennom det Mattis gjeng gjennom i denne fasen av livet sitt, fortel den ferske forfattaren.

Særleg vil nok dei av oss som er oppvaksne på bygda kunne nikke attkjennande når dei les «Thunder Road». Her finst nemleg både rånebilar, Fristad-jakker og ungdomsfyll i strandkanten.

Tidleg i romanen får me høyre om Mattis og kompisane hans som spionerar på den litt eldre oransjerussen som feirar vel overstått ungdomsskule med bålfyring og store mengder pils nede ved Ormetjønn. Kaasa medgjev smilande at akkurat der kan han ha henta inspirasjon frå eigne erfaringar, men elles er både personane og handlinga i romanen fiktiv.

– Lesarane frå min generasjon vil nok kjenne att mange element og effektar frå si eiga ungdomstid. Eg håpar folk heime vil kjenne seg att i miljøskildringane, seier Kaasa.

Tittelen på boka er henta frå ein Bruce Springsteen-låt og speglar noko anna som er typisk for bygdeoppveksten, nemleg konformiteten som pregar det sosiale miljøet. Ein skal ikkje vere så veldig annleis før ein hamnar utanfor fellesskapen. I boka let Kaasa Springsteen fungere som symbol på det minste sams multiplum ein må ha for å vere ein av alle dei andre:

«– Du kan dele folk i to, heldt Nils Kåre fram. (…)

– Du har dei som høyrer på ti-i-skuddet-musikk, og du har dei som høyrer på køntri. Ingen høyrer på båe delar. Men både ti-i-skuddet-folket og køntri-fansen har ein ting til felles: Dei diggar Bruce Springsteen. Alle, absolutt alle i denne jævla bygda diggar Bruce Springsteen!

Artikkelen held fram under annonsen.

– Alle utanom oss, la Aslak til, og gliste lurt.»

Godt motteken

Historia har Erlend gått og bore på lenge, og arbeidet med boka har vore ein lang prosess. Dei fyrste skribleria er frå 2001, då Kaasa var student i Bergen.

– Historia om Mattis var tidleg ferdig, og då Samlaget stilte seg positiv til skissa eg leverte dei i 2006, starta arbeidet med å skrive romanen. I 2008 blei han antatt, og i haust var han endeleg klar for utgjeving, fortel forfattaren.

Kaasa var fyrstemann ut til å lese høgt frå boka si på pressekonferansen til Samlaget, der ho vart godt motteken. «Thunder Road» var òg ei av to bøker forlaget dela ut på haustlanseringa, så det kan tyde på at den utflytta vinbyggjen er ei av storsatsingane til Samlaget denne hausten.