Geitehaldet får styrka økonomien i den nye jordbruksavtala. Tillegga i ulike tilskot kjem over statsbudsjettet, og er såleis ikkje avhengig av marknaden for geitemjølk.
Geitehaldet får styrka økonomien i den nye jordbruksavtala. Tillegga i ulike tilskot kjem over statsbudsjettet, og er såleis ikkje avhengig av marknaden for geitemjølk.

God jordbruksavtale for distrikta

– Den nye jordbruksavtala har ei grei innretting, men totalramma burde vore høgare enn 1,2 milliardar kroner. Næringa har trong for kapital og inntekt for å sikre jordbruk i heile Telemark, seier Kjell A. Sølverød, leiar i Telemark Bondelag.

Opphavleg kravde bøndene 2,2 milliardar kroner, medan staten kom med eit opningstilbod på 950 millionar kroner. Etter at staten la 180 millionar friske budsjettkroner på bordet, kom partane til semje laurdag.

Avtala legg til rette for at det er mogleg for bonden å auke inntektene med om lag 28.000 kroner når ein tek omsyn til kostnadsutviklinga. 560 millionar kroner av totalramma på 1,2 milliardar kroner er auka overføringar over statsbudsjettet. I tillegg kjem ei investeringspakke på 200 millionar kroner i 2009.

Artikkelen held fram under annonsen.

For jordbruket i Vest-Telemark er det svært viktig med midlar over statsbudsjettet framfor at auken i inntektene skal kome frå marknaden. I fleire viktige husdyrproduksjonar maktar ein ikkje å ta ut dei avtala målprisane. Dermed vert tillegga berre «papirpengar». I den nye avtala vert målprisane (råvareprisane) auka med 290 millionar kroner.

I tingingane kom også ei ny marknads- og produksjonsreguleringsordning på plass for kjøt og egg. Marknadsordningane er ein av dei viktige grunnsteinane landbrukspolitikken kviler på. Kjell A. Sølverød peiker på at den nye ordninga har verkemiddel som gjer det mogleg å ta ut dei avtala produktprisane.

– Så langt me kom

– I år var det i hovudsak berre budsjettmidlar som kunne auka ramma. Avtala var så langt me kom, seier fylkesbondelagsleiaren.

Profilen i avtala er styrking av økonomien i mjølkeproduksjonen og det distrikts- og grasbaserte husdyrhaldet. Dette er sentrale komponentar i økonomien til jordbruket i Vest-Telemark. Målprisane vert ikkje auka for korkje ku- eller geitmjølk, medan storfekjøtt får ei påplussing på kroner 1,10 per kilo og saue- og lammekjøt kroner 1,00 per kilo i auke.

Geitehald

Når det gjeld dei ulike tilskota som gjeld i Vest-Telemark vert det 20 øre meir per liter i grunntilskot på geitmjølk og to øre meir i distriktstilskot. Elles vert det ikkje auka i korkje grunntilskot eller distriktstilskot på kjøt.

Når det gjeld driftstilskot får geitehaldarane auka tilskotet med 16.000 kroner til 87.600 kroner per bruk. Det vert ikkje auke i dyretilskotet til mjølkegeit, og satsane er 1.120 per geit for dei fyrste 125 dyra, og 412 kroner per geit over 126 dyr i buskapen.

Kumjølkprodusentane i Vest-Telemark får 16.000 kroner meir i driftstilskot, og den nye satsen vert 81.800 kroner per bruk. For dei fyrste 16 kyrne aukar dyretilskotet med 160 kroner til 3.500 kroner per ku. Intervallet 17-25 kyr får også ein auke på 160 kroner til 1.744 kroner per ku, medan tilskotet frå 26 til 50 kyr vert 566 kroner per ku etter ein auke på 160 kroner.

For ammekyr er det ingen endringar i driftstilskotet i den nye avtala samanlikna med den førre. Her vert dei nye satsane for dyretilskot auka til 3.510 per dyr for dei fyrste 25 kyrne. Satsen vert 1.400 kroner per dyr i intervallet 26 til 50 ammekyr.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sauehald

I sauehaldet aukar dyretilskotet per dyr med 30 kroner i buskapar med inntil 100 vinterfôra sau. I intervallet 1-50 sauer vert tilskotet 930 kroner per dyr, frå 51 til 100 dyr 734 kroner, frå 101til 200 vert satsen 270 kroner og frå 201 til 300 kroner 133, og frå 301 vert dyretilskotet 180 kroner.

Tilskotet til lammeslakt i klasse O og betre vert 179 kroner, og det er ein auke på fire kroner. Lammeslakt i klasse O- får eit tillegg på 63 kroner, medan det ikkje vert tilskot til lam som hamnar i slakteklasse P+ og dårlegare.

Dei nye tilskotssatsane til dyr på beite i Vest-Telemark utgjer 300 kroner per dyr for kyr og anna storfe i utmarksbeitetilskot, medan sauer, lam og geiter gjev eit tilskot på 95 kroner per dyr. I tillegg kjem beitetilskot på 60 kroner per dyr for småfe og 350 kroner per dyr for storfe.

Tilskotet til norsk ull vert også uendra på 31 kroner per kilo.

I den nye jordbruksavtala er det ikkje gjort endringar i satsane for arealtilskot til grovfôr eller i kulturlandskapstilskotet.

Vidare er det rekna med at kraftfôrprisen aukar med 3 øre per kilo.