God stemning på vinterferie
Me har ein vinter av den gode, gamle sorten med stabil kulde og brøytekantar det etter kvart har blitt vrient å sjå over. I skitrekka i Vrådal og på Rauland var det god stemning med snø, ski og sol hjå dei ferierande denne veka.
– Det blir ikkje stort betre enn dette, seier Petter Johnsen, dagleg leiar i Vrådal Panorama.
Det vrimlar av små og store skientusiastar i skitrekket i Vrådal når me har kome halvvegs i vinterferien. Sola skin frå blå himmel, det er vindstille, føret i bakken er kanskje så nær ein kjem perfekt og det er full fres på grillen.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Me har auka omsetjinga heile sesongen, så det har vore veldig bra. Kvar månad har vore betre enn førre beste sesong som var i 2012, fortel Johnsen, som også er svært fornøgd med både besøk og føre i vinterferien.
– Ein får ikkje betre forhold enn dette, seier han, og nikkar ut mot den blendande sola og dei snødekte bakkane.
– Veldig gøy
Det er familien Andersen/Nilsen frå Sandefjord heilt einige i. Dei tek seg ein liten pust i bakken medan dei kosar seg med kjeks i det strålande vêret.
– Me har hytte rett bak der, fortel mor i familien, Trine Nilsen, og peikar eit snøballkast unna.
– Me ser bakken frå hytta og det er utruleg deilig. Det er heilt supert her, me kosar oss veldig. Det er fint her alle årstider, seier Nilsen, som har hatt hytte i Vrådal sidan 2015.
Borna Mina og Mathias har ikkje kjeda seg i ferien, men kan fortelje at dei har gått langrenn, laga snøhole og snøhus, køyrt snøbrett og slalåm. Mathias på tre år har testa slalåmski for fyrste gong, og Mina på sju har prøvd brett for fyrste gong.
– Det er veldig gøy, fortel Mina, som fekk brett til bursdagen tidlegare i vinter.
Artikkelen held fram under annonsen.
Litt lenger borti bakken renn to andre unge løyparar elegant ned til botn. Dei kjem frå Drangedal og Bø, heiter Fredrik Etterstad Lund og Caroline Støland Kveum. Begge har vore i Vrådal mange gonger før og er stødige i bakken.
– Det er veldig moro med vinterferie i Vrådal. Eg har vore her mange gonger før fordi me har hytte her, fortel Caroline.
Om dei to skal velje mellom langrenn og slalåm, er slalåm den soleklare vinnaren.
– Det beste med slalåm er at ein kan køyre fort, seier Caroline, og Fredrik seier seg raskt einig.
Møtest på midten
Då tre familiar frå Ås, Drøbak og Kristiansand skulle på vinterferie saman, fall valet på ein stad slik omtrent midt i mellom, nemleg Rauland. Det angrar dei ikkje på.
– Det er kjempebra her. Det er veldig barnevennleg, men det er også utfordrande løyper for dei litt større, fortel Børge Brynlund.
Dei tre familiane har leigd hytte på Vierli, og er så fornøgde med turen og løypene på Rauland at dei godt kan tenke seg å kome tilbake.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Føret er utruleg bra, og det er eit veldig bra opplegg med at dei små under sju år får gratis sesongkort, seier Brynlund.
På Morgedal hotell har dei ikkje den store satsinga på vinterferien i år, sidan det er såpass kort tid sidan hotellet opna att i sommar. Likevel er det mange som finn vegen til hotellet. Det er faktisk ikkje alle som er like glade i å gå på ski, og for nokon freistar det meir å bade, sjølv om løypene lokkar. Nokre av dei badeglade finn vegen til Morgedal.
– Det er vilt med badegjester. Det er både lokale, folk som er på besøk og hytteturistar som kjem. Det er veldig populært, fortel resepsjonist, Charlotte Bergland Pedersen.