Seljord kommune inviterte til folkemøte om kommunereform tysdag kveld der representantar frå alle dei politiske partia fekk dele samanslåingstankar.
Seljord kommune inviterte til folkemøte om kommunereform tysdag kveld der representantar frå alle dei politiske partia fekk dele samanslåingstankar.

– Godt å sjå at folk bryr seg

Innbyggjarane si meining vil bety mykje når politikarane i Seljord gjer det endelege vedtaket om kommunesamanslåing.

Rundt to hundre menneske møtte fram då Seljord kommune inviterte til folkemøte om kommunereform i aulaen på ungdomsskulen tysdag kveld. Som i undersøkinga VTB presenterte på trykk same dag, verka det som dei frammøtte helst såg at Seljord held fram som eige rike – eller kanskje det kunne vore mogleg med ei samanslåing med grannane i Kviteseid?

Fylkesmannens representant Per Dehli, gav ei rask innføring om kvifor arbeidet med kommunereforma er sett i gang og kva ho handlar om.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Regjeringa ynskjer å gje meir makt til større kommunar fordi dei vil at fleire avgjerder skal fattast lokalt. Eg meiner Seljord har handtert prosessen frykteleg bra og diskutert samarbeid med veldig mange, uttala Dehli, og minna om at det er dei lokale kommunestyra og stortinget som tar den endelege avgjerda.

Har vore mange samtaler

Etter Dehli overtok ordførar i Seljord, Halfdan Haugan (Ap), for å presentere dei ulike alternativa Seljord har arbeidd med. Han snakka om dei alternativa som Seljord har avslutta, og dei avtalane som er utarbeidd og signert, eller dei prosessane som er i sluttfasen.

– Det er lite sannsynleg at avtala mellom Seljord, Nissedal og Kviteseid blir lagt ut til innbyggjarhøyring. Kva samtalane mellom Seljord og Kviteseid resulterer i, er for tidleg å seie, men eg tar signala med meg om at me bør få intensjonsavtala i hamn, uttala Haugan, og la til at kommunestyret i Seljord skal ta den endelege avgjerda om vegen vidare i kommunereformsaka 29. juni.

Åsmund Høgetveit ser helst at Seljord held fram som eigen kommune, og meinte alternativet austover var heilt blåst. – Men kvifor har ikkje Seljord invitert Hjartdal med i forhandlingssamtalane med Kviteseid, undra han. – Det har vore diskutert, men er ikkje landa, svara ordførar Haugan.
Åsmund Høgetveit ser helst at Seljord held fram som eigen kommune, og meinte alternativet austover var heilt blåst. – Men kvifor har ikkje Seljord invitert Hjartdal med i forhandlingssamtalane med Kviteseid, undra han. – Det har vore diskutert, men er ikkje landa, svara ordførar Haugan.

Haugan fekk mange spørsmål frå dei frammøtte som han ikkje kunne gje klare svar på sidan forhandlingane med Kviteseid ikkje var landa.

Gledeleg

Ordføraren viste fleire gonger til spørjeundersøkinga VTB har gjennomført i Seljord om kommunesamanslåing.

– Det svaret som gleda meg aller mest var at det bare var to prosent av dei spurde som brydde seg svært lite om saka. Det viser eit sterkt lokalt engasjement, at fire prosent av dei spurde ikkje veit ennå, er heilt greitt, meinte ordføraren.

Henry Mæland (Sp) fylgde opp:

– Og det er gledeleg at så mange møter her i kveld. Me har ein god kommune i dag, og det er det viktig å halde fram med. Eg meiner det er det beste for Seljord og innbyggjarane. Kommunereforma er ei sentraliseringsreform og eg er glad for at formannskapet rår kommunestyret til å seie nei til intensjonsavtala med Kviteseid og Nissedal. Eg håpar også kommunestyret seier nei til den signerte avtala som er laga med kommunane austover, for den vil mellom anna både gje oss innbyggjarar eigedomsskatt og høgare arbeidsgjevaravgift, uttala Mæland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ta vare på språket

Peter Fjågesund (Miljøpartiet Dei Grøne) meinte den lokale identiteten vil stå svakare ved ei større samanslåing, men syntes Seljord og Kviteseid kan vere ein interessant kombinasjon.

– Eg har ikkje bestemt meg, eg vil høyre kva de meiner fyrst, uttala Fjågesund.

Margit E. Karlsen-Rinde (V) sa også at ho såg på ei samanslåing av Nissedal, Kviteseid og Seljord som unaturleg.

– Aust-alternativet verkar også veldig unaturleg, så eg er spent på kva avtala mellom Kviteseid og Seljord vil innehalde. Eg vil kanskje vere positiv til den, og det kjem av at eg meiner me har mykje lik lokal identitet og tilhøyre, uttala Karlsen-Rinde og minna om at folkets meining betyr mykje for henne.

Frp-politikar Arvid Vala meiner at seljordingane har god nok orden i eige hus, og at dei difor ikkje treng slå seg saman med andre kommunar, noko Kristian Espeland (KrF) også var samd med han i.

– Seljord vil klare seg fint åleine, uttala Espeland.

– Og eg må også legge til at det var kritikkverdig at Seljord gav slepp på nynorsken i intensjonsavtala som er laga med Hjartdal, Notodden og Sauherad. Nynorsken høyrer til identiteten i Seljord, uttala han.

– Kultur og identitet er viktige faktorar ved ei samanslåing, og det er viktig å ta vare på nynorsken for oss i Vest-Telemark, og difor har eg meir tru på Kviteseid-Seljord alternativet enn austover, uttala Birgit Telnes.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ekstremt sentralt

Jon Svartdal (H) meinte ikkje ei samanslåing ville by på utfordringar med lange avstandar for andre enn dei som arbeidar i administrasjonen.

– Kjensla om staden ein bur vil ikkje bli endra uansett. Eg ser Kviteseid som ein naturleg kommune Seljord kan slå seg saman med. Kviteseid har fantastiske buområde, mange interkommunale selskap, ein juvel av ein næringshage – og så Morgedal da – det hadde vore flott å få med den inn i vår kommune, uttala Svartdal.

– Eg synest også at Kviteseid-Seljord-kombinasjonen har fleire potensielle gode sider. Kombinasjonen vil mellom anna ha grense til ti andre kommunar, og vil ligge ekstremt sentralt i heile fylket og Vest-Telemark, opplyste Fjågesund.

Kommunen inviterer til nytt folkemøte om kommunereform i Flatdal i april.