Dagleg leiar og partnar i Snøhetta, Kjetil Trædal Thorsen (f.v.), Margrethe Lund, seniorarkitekt i Snøhetta, og Per Bjarne Boym, kurator for Borgny Svalstog, presenterte fjellkyrkjeskissa på Rauland tysdag.
Dagleg leiar og partnar i Snøhetta, Kjetil Trædal Thorsen (f.v.), Margrethe Lund, seniorarkitekt i Snøhetta, og Per Bjarne Boym, kurator for Borgny Svalstog, presenterte fjellkyrkjeskissa på Rauland tysdag.

Godt motteke

Vel femti personar hadde møtt fram då arkitektfirmaet Snøhetta presenterte fjellkyrkjekonseptet på folkemøtet i Rauland måndag. Responsen var overveldande positiv.

– Dette er ein gledeleg dag, og ein dag eg har sett fram til. No skal me avsløre korleis Snøhetta og kunstnar Borgny Svalastog ser for seg fjellkyrkja ved Silkedalsnutane, innleia prosjektleiar Rune Lia.

Auditoriet på Raulandsakademiet var nesten fullsett, og det var stort sett lokale folk som hadde møtt fram for å vere med på skisseavdukinga. Det var få unge til stades.

Artikkelen held fram under annonsen.

Prosjektleiaren gjorde greie for prosessen så langt, og slo fast at tida no var inne for å gjere sonderingar i høve til å skaffe finansiering av prosjektet.

– Eit breitt spleiselag er vel løysinga me ser for oss. Og eg har trua på at sjølve drifta av fjellkyrkja og overnattingsdelen blir sjølvberande ut frå aktiviteten i nettopp overnattingsdelen med både kurslokale og kafeteria. Det vil i fyrste rekkje vere finansieringa for å få prosjektet realisert, som må på plass, sa Lia.

Per Bjarne Boym er kurator for Borgny Svalastog, som har jobba tett saman med Snøhetta i prosjektet, og han presenterte kunstnaren og fleire av verka hennar.

– Borgny arbeider veldig mykje med tekstil. Mønster og oppløysing av mønster, å skape liv i mønsteret er eit kjenneteikn i kunsten hennar. Borgny har arbeidd saman med Snøhetta ein gong tidlegare, nemleg i samband med Petter Dass museet på Alstadhaug på Helgelandskysten, sa Boym.

Svalastog sjølv var dessverre forhindra frå å vere på folkemøtet.

– Men eg skulle helse så mykje til alle saman, smilte Boym.

Arkitektfirmaet Snøhetta var representert ved partnar og dagleg leiar Kjetil Trædal Thorsen og seniorarkitekt Margrethe Lund.

– Eg har lyst til å seie litt om oss og korleis me jobbar. Det kan vere greitt slik at de skjønar kva som ligg bak eit slikt prosjekt. Når me har kome fram til ein endeleg modell og prosjektet blir verkeleggjort, blir det på eit vis ei prototype. Det blir berre denne eine gongen, og då må det vere perfekt. Me bygger ikkje to av same slag, slo Trædal Thorsen fast.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han peika på at Snøhetta hadde gjennomført mange prosjekt, og storleiken på prosjekta var ikkje det som avgjorde om det var interessant eller ei.

– Det handlar ikkje om storleik i det heile, men snarare kvar hjarta er. Me går inn i prosjekta våre med heile oss, sa han.

Margrethe Lund stod for avdukinga av prosjektskissa og modellen, og ho følte det var eit spanande og vel gjennomtenkt prosjekt.

– Me blei presentert for ambisjonane og tankane kring ei fjellkyrkje i Rauland. Ho skulle vere ein samlingsstad for lokale innbyggarar, hyttefolk og tilreisande. Overnatting var også eit ynskje, og då tenkte ein både for store og små. Landemerke og turmål var også sentrale stikkord i prosjektet, sa Lund.

Snøhetta hadde lagt stor vekt på å sjå samanheng mellom bygg og landskap, og korleis dette kunne knytast saman.

– Men me er i ein tidleg fase enno. Mykje av dette er intensjonar som eventuelt må arbeidast vidare med. Slik sett er modellen eit abstrakt grunnlag for vidare jobb. Rauland og Vest-Telemark har rike tradisjonar som me også har vore sentralt i prosessen. Eg veit at de er stolte av kulturen dykkar, og det har gjort oss uredde for å tenkje stort også, smilte Lund.

Ho la vekt på at fjellet og vatnet har vore viktige faktorar under arbeidet. I samband med det blei Noahs Ark også naturleg eit element.

– Det er mange element som ligg til grunn for arbeidet vårt. Fjell, vatn, himmel og vind er nokre av dei, sa Lund.

Artikkelen held fram under annonsen.

– I utgangspunktet ser dett dyrt ut, men hadde me klart å realisere dette ville det vore godt for sjølvkjensla, sa Halvor Lognvik då ordet blei fritt.

– Det er lett å bli riven med, la Øystein Høgetveit til.

– Men tenk så fantastisk at me no har høve til å bli i familie med biblioteket i Alexandria, kommenterte Øystein Kostveit.

Det var ikkje tvil om at dei frammøtte var imponert over konseptskissa, og det var mange som meinte at eit slikt bygg ville bli noko meir enn berre ei kyrkje.