Godt rusta med ny brannbil
Brannvesenet i Tokke kunne sist helg vise fram den nye brannbilen. Investeringa til fire millionar kroner er noko både brannvesen og politikarar har venta lenge på.
Tokke brannvesen har per i dag tre brannbilar, i tillegg til ein tankbil og to mannskapsbilar. Det vil seie at når denne artikkelen er på trykk, så er i alle fall ein av dei gamle bilane selde.
– Me har ein 1962-modell Dodge, og ein 1987-modell Mercedes, i tillegg til den nye bilen. Dei to fyrstnemnde er lagt ut for sal, og Dodgen er alt seld til ein samlar. Den andre bilen har det førebels vore litt mindre interesse for. Båe bilane har rundt 17 000 kilometer på teljaren, seier Andreas Brubakk, eigedomsforvaltar i Tokke kommune.
Artikkelen held fram under annonsen.
Moderne
Den nye bilen, ein Scania P450, blei levert tidlegare denne månaden. Det er Egenes Brannteknikk AS i Flekkefjord som har stått for bygginga av bilen som har det nyaste av nødvendig utstyr.
– For det fyrste har bilen ein sterk motor på 450 hestekrefter. Det gjer at me kan kome oss raskare opp kleivane på båe sider av Dalen. Utstyret på bilen er meir moderne og effektivt. Særleg er klyppeutstyret sterkt forbetra. Tidlegare måtte me ha aggregat for å drive det, no er det elektrisk, smiler Inge Mostøyl, beredskapsleiar i Tokke brannvesen.
Valde raudt
Det er plass til fem brannfolk i den nye bilen som er raud av farge.
– Er det ikkje gul som er fargen på utrykkingskøyretøya?
– Det er faktisk valfritt, og fleirtalet hjå oss ynskte at brannbilen skulle vera raud. Etter mitt syn er det eit fornuftig val, og eg ynskjer at ambulansen brukar gult, politiet kvitt og brannvesenet raudt. Slik blir det enklare å skilje etatane frå kvarandre, svarar Mostøyl.
Formannskapspolitikarane i Tokke fekk ein nærare kikk på brannbilen sist onsdag.
Artikkelen held fram under annonsen.
– For det fyrste vil eg gratulere brannvesenet med ny bil. Dette er noko me har jobba lenge og hardt for å få til, sa Hilde Alice Vågslid (Ap).
Må byggje om brannstasjonen
Politikarane fekk også informasjon om at det er trong for endringar i brannstasjonen.
– Det er mellom anna nye krav til dette med urein og rein sone. Det betyr at me må byggje litt om i lokalet. Men me treng ikkje byggje på, sa Brubakk.
– Brannfolka blir gjerne eksponert for røyk og gassar, og det er derfor det har kome nye og strengare krav til dette med å ha rein og urein sone. Vask og handtering av branntøy må gjerast etter gjevne reglar, forklara rådmann John Kleiv.
Om lag 1,9 millionar kroner må til for å få brannstasjonen i den stand som føreskriftene krev. Då vil det i tillegg til dei omtala sonene også bli gjort noko med avtrekk, ljos og oppvarming.
– Me er godt rusta i Tokke brannvesen når me no har fått den nye brannbilen, så takk til politikarane for det. Brannfolka har også tileigna seg mykje og viktig kompetanse gjennom kurs og erfaring. Eg vil også leggje til at me har eit særs godt samarbeid med brannvesena i kommunane rundt oss. Det er heilt avgjerande i mange høve, avslutta beredskapsleiar Mostøyl.