Granlien blir lagt ut for sal
Det er Norske Kvinner Sanitetsforening Telemark som eig Granlien i Kviteseid, og avgjersla om sal av eigedomen blei tatt då laget hadde generalforsamling tysdag denne veka.
– Avgjersla var som forventa. Nå har fylkesstyret fått fullmakt til å ta seg av salet, men det er for tidleg å seie noko meir om prosessen framover. Det einaste som er 100 prosent sikkert er at det blir sal, seier nestleiar i fylkeslaget, Margrethe Aakvik Aabø.
Aabø har tidlegare opplyst at det har vore økonomisk krevjande for fylkeslaget å drive eigendomen dei siste åra, og at mange sanitetsforeiningar har selt eigedomane sine den siste tida.
Artikkelen held fram under annonsen.
Granlien stod ferdig i 1914, og blei bygd som tuberkuloseheim. Frå 1950 og fram til HVPU-reforma var plassen heim for psykisk utviklingshemma kvinner. Det er fire hus på den ti mål store eigedomen.