Tommy Lauvstad (t.v.) frå Seljord arbeider med å etablere ei konsulentverksemd med base i heimbygda. Bedriftsrådgjevar Svein Henriksen i VTNU hjelper gründeren med forretningsplanen og stipendsøknad til Innovasjon Noreg.
Tommy Lauvstad (t.v.) frå Seljord arbeider med å etablere ei konsulentverksemd med base i heimbygda. Bedriftsrådgjevar Svein Henriksen i VTNU hjelper gründeren med forretningsplanen og stipendsøknad til Innovasjon Noreg.

Gründerane treng god rettleiing

Tommy Lauvstad frå Seljord håpar å ha eiga konsulentbedrift i drift i løpet av mai månad. Han nyttar tilbodet Vest-Telemark Næringsutvikling (VTNU) har til etablerarar.

76 gründerar i Vest-Telemark fekk i 2009 rettleiing av etablerarkontoret Vest-Telemark Næringsutvikling (VTNU) driv i Kviteseid.

Bedriftsrådgjevar Svein Henriksen i VTNU seier at vegen er lang frå idé til god butikk. Utan ein god forretningsplan kan det vere vanskeleg å få suksess som gründer. Difor brukar etablerarkontoret mykje tid saman med dei som vil starte ny bedrift, på å meisle ut ein godt gjennomtenkt forretningsplan.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ein dårleg forretningsplan er den vanlegaste årsaka til at ein etablerar ikkje får finansiert prosjektet sitt. Forretningsidéen er ikkje brukbar før ein kan lage butikk av han. Me ser at mange gründerar gløymer at marknadskunnskapen er like viktig som produktutviklinga, fortel Svein Henriksen.

VTNU sitt etablerarkontor vurderer og gjev rettleiing og hjelp til mellom 70 og 100 nye idear og oppstartbedrifter i Vest-Telemark. Kontoret i Kviteseid er eitt av fem regionale etablerarkontor i Telemark. Innovasjon Noreg har hovudansvaret for koordinering og utvikling av etablerarkontora i fylket.

Seljordingen Tommy Lauvstad har sidan i haust hatt god hjelp av Svein Henriksen på vegen til å starte eiga konsulentbedrift i heimbygda. Lauvstad håpar å vere i gang med dei første oppdraga i mai. Målsettinga er å skape ei bedrift som får så mykje å gjere at han også kan ha tilsette.

Val av selskapsform er eit spørsmål mange får hjelp til å vurdere på etablerarkontoret. Dei fleste gründerane vel såkalla einmannsføretak. Tommy Lauvstad landa på aksjeselskapsforma.

– Eg føler at aksjeselskap der eg sjølv er tilsett i selskapet gjev større tryggleik i høve til mellom anna løn under sjukdom og dei andre ytingane tilsette har krav på, men som sjølvstendig næringsdrivande ikkje får automatisk, seier Lauvstad.

Finpussar søknaden

Frå Innovasjon Noreg søkjer Lauvstad eit etablerarstipend. Han fortel at han no får hjelp av VTNU til å gjere forbetringar i forretningsplanen og søknaden sin.

– Eg meiner det er svært viktig å få ein kritisk gjennomgang av forretningsplanen. Det får eg hjå VTNU. Utanom storleiken på den marknaden ein siktar seg inn mot og konkurransesituasjonen, er det viktig med eit realistisk driftsbudsjett, påpeiker Tommy Lauvstad.

Informasjon på nettet

VTNU har laga lenkar på Vest-Telemarkportalen der gründerar raskt kan søke informasjon om korleis ein kjem i gang med prosessen for nyetablering. Her finst også alle søknadsskjema for støtte og døme på kva ein forretningsplan skal innehalde for å få finansiert prosjekta. Innovasjon Noreg og Fellesfondet har finansiert portalen, og regionalt er det også nytta RDA-midlar til utviklinga av dette elektroniske hjelpemiddelet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Svein Henriksen kjem attende til forretningsplanen til etablerarar, og at planen som gjerne er delt i tri må vere gjennomarbeidd. I planen skal ein beskrive dagens situasjon, marknaden og sist skal framtida ha brei plass.

– Det er nødvendig å ha ei oppfatning av når ein etablerar reknar med å oppnå lønsemd i verksemda si. På eit tidspunkt må ein kunne syne til lønsemd, og det bør helst ikkje gå for lang tid etter etableringa før det skjer. Dei fleste som startar verksemd bør ha svarte tal på botnlina i løpet av eitt års tid, meiner bedriftsrådgjevar Svein Henriksen.

Mentor-oppfylging

VTNU sitt etablerarkontor fylgjer også opp gründerane når verksemda er kome i gang. Det skjer gjennom samtaler, og det er også mogleg å få knytt ein mentor til verksemda. Då er etableraren sikra ein kvalifisert samtalepartnar.

– I løpet av inneverande år har me på plass ein eigen mentordatabase for Vest-Telemark som er retta mot dei nyetablerte næringsdrivande, seier Svein Henriksen.