Viltnemndleiar Torgeir Aarak tok fram kameraet då Per Kveim kom med ein tusseladd av ein elgkalv som vog bare 16 kilo. Det er registrert svært mange små elgar i Nissedal under haustens jakt.
Viltnemndleiar Torgeir Aarak tok fram kameraet då Per Kveim kom med ein tusseladd av ein elgkalv som vog bare 16 kilo. Det er registrert svært mange små elgar i Nissedal under haustens jakt.

Grunneigarstyrt elgforvalting

Viltnemnda i Nissedal blir lagt ned. Grunneigarane overtek forvaltinga og tek seg av ettersøk. Neste haust kan avskytinga av elg bli endra for å verne om storoksane og motvirke elendige slaktevekter.

Nissedal viltlag blei etablert i vår og representerer 93 prosent av arealet i kommunen. Det er åtte storvald med i laget, og ein representant frå kvart av dei er med i styret.

Viltlaget har fått gjennom søknaden om å overta ettersøk av fallvilt. I tillegg har kommunestyret i Nissedal lagt ned viltnemnda, for å la grunneigarane overta mykje av hjorteviltforvaltinga. Det er i tråd med ei nasjonal målsetjing om sterkare grunneigarstyrt forvalting av viltressursane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Arealet som ikkje er med i viltlaget får tildelt fellingsløyve etter viltlova. Det er rådmannen som gjev ut løyve til dei som ikkje er med i laget. Klager blir avgjort av eit folkevalt organ i kommunen, truleg formannskapet.

Felles avskytingsplan

Kommunen skal framleis fastsetje fellingskvotane i viltlaget, men;

– Dersom grunneigarstyringa skal bli reell, må kvotane bli bestemt i nært samråd og etter tilråding frå Nissedal viltlag. Det vil vere uheldig og lite tillitsvekkande om tilrådinga frå viltlaget ikkje vert fylgd opp, meiner Sveinung Seljås, skogbrukssjef i Nissedal.

– Det vil vere merkeleg om kommunen meiner noko anna enn det eit så stort viltlag tilrår, seier Olav Borstad, leiar i Nissedal viltlag.

Med haustens elgjakt friskt i minnet startar Nissedal viltlag snart arbeidet med å lage ein felles drifts- og avskytingsplan for 93 prosent av arealet i kommunen. Borstad fortel at Agder-Telemark Skogeierforening (AT-Skog) skal hjelpe til med å vurdere forvaltingsstrategien for dei næraste åra.

Under haustens jakt blir det meldt om mange små dyr fleire stader i kommunen. Borstad meiner ein må gjere noko med dette problemet.

– Alle halvtannan-åringane me har skote i haust ligg på 100 kilo. Det er for smått, og då har du pint beitet litt for mykje. Dei låge vektene viser at me har hatt fleire dyr enn me har trudd. Kanskje må me tenkje ei forvalting ala Fyresdal. Dei har auka avskytinga, feller fleire kyr og sparar oksar. Det er nok rett som dei har byrja med, å skyte hardt på hodyr, meiner Borstad.

Fingeren unna avtrekkaren

Han trur planen neste haust blir å redusere stamma og få henne under kontroll. Vidare må ein bruke tid på å byggje stamma opp att til å bli berekraftig. Borstad meiner ein må spare mange av storoksane. Det blir noko nytt for dei fleste som jaktar i Nissedal. Då AT-Skog deltok på eit elgjaktmøte i kommunen i haust, vart det med god dokumentasjon i handa påpeika at var det noko jegerane i Nissedal la nedpå, så var det oksar, oksar og atter oksar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg veit ikkje om me kan få jegerane til å halde seg unna avtrekkaren når oksane kjem, men me må i alle fall få det inn i planen, seier Borstad.

I den nye planen trur han at ein må sjå delar av Nissedal i samanheng med areal i nabokommunane.

– Eg synest det er naturleg å ta kontakt med nabokommunane og tenkje felles forvalting i somme område. Det er lurt å halde ein viss kontakt med naboane. Det vil vere rart å ha ei heilt anna elgforvalting på andre sida av grensa, meiner Borstad.

Han meiner ein også må vurdere å ha ulik avskyting i dei ulike valda.

– Det blir spennande å sjå om ein kan akseptere skilnader. Slik synest det ikkje å ha vore før, då har det vore meir lik fordeling. Men det ordnar seg nok etter kvart, seier Borstad.

Mange har fått nye dyr

Nissedal kommune har ein tilleggskvote på 35 elgar. Dei som skyt kalv under 50 kilo eller vaksne dyr under 125 kilo kan få nytt dyr. Så og seie heile tilleggskvoten blei nytta før det hadde gått to veker. Minste kalven vog 16 kilo...

– Ordninga gjer at dei minste elgane forsvinn. Det er mykje smått i år. Eg trur ikkje jegerane har speida etter dei, men det er det dei har fått. Med så mange små dyr har stamma vore for stor. Men det er også individuelt. Fleire stader er nok stamma så stor som ho skal vere, trur Torgeir Aarak, leiar i Nissedal viltnemnd.

Han synest det er interessant at kommunane har litt ulik forvalting, så får tida vise kven som har rett. Nå er det like før han forsvinn ut av forvaltarsystemet saman med resten av viltnemnda, når det nyskipa viltlaget skal overta.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er opp til viltlaget om etableringa skal gå bra. Det krev at grunneigarane er mykje meir aktive enn dei har vore i storvalda. Gjer dei like lite som før, har dei eit problem, meiner Aarak. Han trur storvalda blei etablert rett og slett for å sleppe å skyte kalv.

Aarak meiner beitegrunnlaget viser at avskytinga i kommunen må drastisk ned i løpet av to-tri år.

– Det blir ei utfordring for Nissedal viltlag å få folk til å forstå at dei etterpå må leve med at det er lite elg slik at beitet kan få tatt seg opp, avsluttar Aarak.

Ettersøksgrupper

Nissedal viltlag og Nissedal kommune er samde om at laget skal etablere ettersøksgrupper som skal overta jobben med å ta seg av skada vilt frå 1. november i år og ut april 2007.

Gruppene utgjer to personar i kvar av grendene Kyrkjebygda, Fjone, Treungen, Haugsjåsund og Felle. Styret i viltlaget har elles høve til å sende ut andre som er skikka til å ta seg av ettersøk.

Alt ettersøk vert godtgjort etter staten sine satsar for køyring og timebetaling. Nissedal viltfond ber kostnadene. Kjøt frå fallvilt som er eigna til menneskeføde blir selt for 35 kroner kiloen, og inntekta går til viltfondet. Kjøt skal særleg seljast til institusjonar i kommunen, og helst som heilt slakt.