Grusveg er eit alternativ i Skafså
Løyvinga på 1.750.000 kroner til utbetring av fylkesveg 807 i Skafså er langt frå nok for å setje den 5,7 kilometer lange vegen i stand. Seksjonssjef Asbjørn Arnevik i Vegvesenet opplyste i Vest-Telemarkrådet (VTR) tysdag at eit alternativ er å fjerne restane av asfalten og gjere vegen om til grusveg.
Opprustinga av fylkesvegen i Skafså, som er rekna som ein av dei dårlegaste i heile Noreg, stod ikkje på prioriteringslista til Vegvesenet i samband med tildeling av ekstra midlar frå krisepakka til regjeringa. Asbjørn Arnevik sa at løyvinga er ei rein politisk avgjerd.
Det var fylkesvaraordførar Lars Bjaadal (Sp) som fekk vegen inn på lista over fylkesvegar som skal vølast i år då fylkesutvalet fordelte dei ekstra statlege kronene.
Artikkelen held fram under annonsen.
Fylkesveg 807 er i så dårleg stand at desse midlane ikkje rekker i særleg grad. Vegvesenet har tri alternative framlegg for vegen; grøfting langs heile vegstrekninga på 5,7 kilometer, lage grusveg eller grøfte og asfaltere om lag ein kilometer, fortalde Arnevik.
Elles nemnde seksjonssjefen at løyvingane til fylkesvegane i Vest-Telemark er så låge at det ikkje er pengar til meir enn dagleg vedlikehald brøyting og strøying.
Rassikring prekært
Rassikring var også eit tema Vegvesenet tok opp i orienteringa si til VTR. Fleire vegstrekningar i regionen er så rasutsette at sikringstiltak ikkje kan vente.
Rasoverbygget på fylkesveg 304 mellom Kviteseid og Fjågesund står i fare for å ramle ned. På rv 45 i Eidsborgberga klarer ikkje Vegvesnet å stoppe dei aukande jord- og steinrasa. På rv 352 mellom Vå og Killigtveit er situasjonen såpass prekær at Asbjørn Arnevik sa at rissikringsarbeidet må gjerast jamvel om det ikkje finst pengar i budsjettet til arbeidet.
Vegvesenet brukar i år 2,4 millionar kroner til reguleringsplan for strekninga Grunge kyrkje-Velemoen på E 134. Planane om reguleringsarbeid på E 134 ved Nutheim er stoppa etter at det i NTP er gjeve grønt ljos for realiseringa av tunnelen Århus-Gvammen.
Ros for god brøyting
Elles fekk Vegvesenet ros for eit mykje betre vintervedlikehald i år i høve til tidlegare år. Asbjørn Arnevik opplyste at dei har gått gjennom alle kontraktane med entreprenørane og justert køyrerutene. Nedslite asfaltdekke er likevel ei utfordring når det gjeld å få til god brøyting.
Rv 37 over Raulandsfjell er eit døme på ein veg med dårleg vegdekke der me slit med brøytinga. Problema vert forsterka når det i tillegg er dårleg vêr, sa Arnevik.
Distriktsvegsjef Trude Holter tok for seg eit såkalla utfordringsnotat om tilhøva på dei riksvegane som frå 2010 vert fylkesvegar. Totalt er det 865 kilometer veg. Vegkontoret er no i dialog med fylkeskommunen i samband med utarbeiding av eit handlingsprogram for framtidige investeringar og vedlikehald.
Artikkelen held fram under annonsen.
1,3 mrd. i etterslep
På desse vegane er vedlikehaldsforfallet rekna til over 1,3 milliardar kroner. Tunnelar og bruer er mest kritisk å få rusta opp. Men dei tekniske utfordringane elles er ein kombinasjon av smale vegar, dårlege kantar og defekt eller ikkje eksisterande drenssystem, sa distriktsvegsjefen og nemnde at alle vegane i Vest-Telemark har så låg trafikk at utanom stamvegane E 134 og rv 36, går det 42 år før vegane vert asfalterte på nytt med dagens løyvingar.
Jamvel om vegane har relativt låg trafikk peikte Trude Holter på at dei likevel er viktige fordi dei er aleine om å betene bygdesamfunn og kommunar.
Felles profileringssymbol
Vest-Telemark Næringsutvikling (VTNU) har utarbeidd ein felles grafisk profil for regionen. Her finst også eit symbol (logo) for Vest-Telemark som region.
Prosjektleiar Ole Dalen i VTNU orienterte Vest-Telemarkrådet (VTR) tysdag om den nye grafiske profilen. Arbeidet er ei oppfylging av den strategiske næringsplanen VTR tidlegare har slutta seg til.
Ein felles logo for Vest-Telemark er ein viktig del av omdømeprosjektet «Gjetord». Eg ser det som viktig at me får ein felles logo og ei felles grafisk utforming for Vest-Telemark som region. No ligg eit framlegg på bordet som dei seks kommunane må ta stilling til. Saka går no til kommunal høyring før VTR gjer den endeleg handsaminga, sa Ole Dalen.
Logoen er tri hjarte som er lenka saman. Dei seks punkta symboliserer dei seks kommunane i Vest-Telemark.
Eg meiner logoen uttrykker både mjukleik og hardleik, og såleis råker sjela til regionen. Og utforminga er direkte inspirert av treskjerarkunsten, fortalde Dalen.
I det stutte ordskiftet i VTR gav Nissedal-ordførar Anne-Nora Oma Dahle uttrykk for entusiasme for at Vest-Telemark samlar seg under ein felles logo ved sida av dei einskilde kommunevåpna.
Artikkelen held fram under annonsen.
Rådmann Kristian Torp Hansen i Seljord høyrde til dei meir skeptiske. Han framheva kommunevåpna som det viktige symbolet. Andre drog fram at mange kommunar alt har brukt ganske mykje pengar på å utforme sin eigen grafiske profil.
Kan snart skilte til Bergen att
Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg i Hordaland seier at Haukeliekspressen på veg vestover snart kan skilte til Bergen att og ikkje berre Haugesund. Austover skal passasjerane vere sikra korrespondanse vidare frå Seljestad.
Etter at Hordaland fylkeskommunes nye selskap Skyss i august i fjor tok over ansvaret for kollektivtrafikken, tok lokalbussar over rutene mellom Odda-Bergen-Odda som Haukeliekspressen køyrde. Det var slutt på gjennomgåande billettering og ein venta ikkje meir enn 15 minuttar om ekspressen var forsinka grunna uvêr over fjellet. Konsekvensen har vore at mange reisande ikkje har kome fram i tide, og at billettprisen steig med fleire hundre kroner.
Det vekte sterke politiske reaksjonar i Vest-Telemark over at eit velfungerande ekspressbusstilbod vart øydelagd. Men Skyss var ikkje til å rikke og det var håplaust å få attende det gamle tilbodet.
Telemark fylkeskommune løfta saka opp til høgste politiske nivå i Hordaland, og då Vest-Telemarkrådet sende brev til fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg i Bergen, tok saka ei ny vending. Ho kalla inn Tide og Skyss for å drøfte korresponsdansar og taktsvilkåra for ekspressbussar som kryssar fylkesgrensa.
I eit brev til VTR skriv Selsvold Nyborg at møtet vart konstruktivt. Det vert løysingar som gjev passasjerande tryggleik for korrespondanse. I tillegg vil takstsystemet verte endra, slik at det til dømes vert ein billett frå Seljord til Bergen.
Regionrådsleiar Kjell Gunnar Heggenes opplyste i VTR at det ikkje vil gå lang tid før Haukeliekspressen er på vegen att til og frå Bergen.