«Guds gode gåver»

Teksttankar v/ Asgeir Sele

6. søndag i påsketida Matt 7,7-12

Det høyrest for godt ut til å vera sant, når Jesus seier: «Be, så skal de få». Er det verkeleg så enkelt? Og når eg opplever å ikkje få det eg har bedt Gud om, er det då slik at det er noko gale med bøna mi, eller med meg? Nei, Jesus seier ikkje at me skal få alt me bed om. Han seier: «Be, så skal de få». Ikkje så heilt ulikt våre jordiske foreldre, altså. Ei god mor og ein god far, gjev ikkje borna sine alt dei bed om. Av gode foreldre får me de som er godt for oss, på det tidspunktet me kan ha nytte av det. Slik trur eg det er med Gud også, at han gjev oss det me treng, på det tidspunktet me treng det. Difor kan eg lett bli frustrert, når eg sjølv meiner å ha langt betre oversikt over mitt eige liv og min eigen trong, enn det Gud har. Nokon gonger kan eg sjå det i ettertid, at det kanskje likevel var Gud som hadde rett, andre gonger blir eg berre gåande og undre meg over kvifor han svarte slik han gjorde, eller kvifor eg ikkje kan sjå noko svar i det heile. Men det rokkar ikkje ved Jesu løfte: «Be, så skal de få».

Når Jesus seier: «Leit, så skal de finna», så er det litt lettare å henga med. Me menneske vil jo så gjerne gjera noko sjølv også, sjølv om me har høyrt at alt trass alt er ei gåve frå Gud. Men leite kan me altså få lov til. Leite i Guds ord. Leite etter teikn i skaparverket. Leite etter spor av Guds gjerning i fellesskapet.

Artikkelen held fram under annonsen.

«Bank på, så skal det latast opp for dykk» handlar om å våga å møta den Heilage, og vita at me er velkomne, når det skulle vera! Så er også denne gjestmilde haldninga frå vår himmelske Far eit førebilete for korleis me menneske skal møte kvarandre.