Ordførar Halfdan Haugan (Ap) (t.v.) tek kritikk for at han ikkje var meir presis i spørsmålet om bustad då rådmann Finn-Arild Bystrøm vart tilsett.
Ordførar Halfdan Haugan (Ap) (t.v.) tek kritikk for at han ikkje var meir presis i spørsmålet om bustad då rådmann Finn-Arild Bystrøm vart tilsett.

Hadde ikkje takka ja til rådmannsjobben utan fri bustad

Kontrollutvalet i Seljord meiner det er grunn til å tru at ordførar Halfdan Haugan (Ap) gjekk ut over sitt mandat då han tilbydde rådmann Finn-Arild Bystrøm fri bustad. Likevel ønskjer ikkje utvalet å gå vidare med saka.

– Dette er ei kinkig sak, innleia leiar av kontrollutvalet, Sigrun Dyrland Eidal (Sp) onsdagens møte, før personalsjef Ingeborg Nenseter Jensen og ordføraren forklarte seg for kontrollutvalet om prosessen rundt tilsettinga av rådmann FinnArild Bystrøm.

Jensen forklarte at administrasjonsutvalet hadde diskutert løna til rådmannen, sjølv om det ikkje er deira oppgåve, men at det var semje i administrasjonsutvalet om at ein skulle gjere det på denne måten. Det blei også bestemt ein strategi for kva ein skulle gjere om løna ikkje vart akseptert av kandidaten, og det var at ein då skulle gå vidare til neste kandidat på lista.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Møtet i administrasjonsutvalet var fredag 16. juni og i løpet av helga var det korrespondanse mellom medlemmene via e-post og telefon, og på måndag vart det tydeleg at det hadde blitt gjort munnlege avtalar, forklarar Jensen.

Administrasjonsutvalet hadde sett grensa på rådmannsløna til 830 000 kroner, men i løpet av helga var det blitt ei semje om at løna skulle vere på 860 000 kroner.

Ifølge ordføraren hadde han fått i oppdrag og ringe til Bystrøm å tilby han løna på 830 000 kroner, men då Bystrøm ikkje aksepterte det tok han kontakt med medlemmene i utvalet og fekk klarsignal om å gå opp til 860 000 kroner.

– Me var alle einige om at Bystrøm var den beste kandidaten, og eg tok kontakt med Jon Svartdal (H) og Hanne Nordgaard (Ap) som begge meinte me burde gå opp til 860 000. Fyrst fekk eg ikkje tak i Henry Mæland (Sp), men då eg fekk tak i han aksepterte han også det, og Beate Marie Dahl Eide (Sp) sa ja så lenge Mæland syntest det var greitt. Eg meiner eg hadde ryggdekning for å tilby han denne løna, seier ordføraren.

Tek kritikk

– Etter kvart vart det skrive eit tilsettingsbrev, Bystrøm takka ja til jobben og det vart også skrive eit følgebrev frå Bystrøm der han etterspurte eit punkt om bustad. Dette kjente me i administrasjonsutvalet ikkje til. Ordføraren sa at det måtte vere ei misforståing, og sa det aldri hadde blitt lova fri bustad, seier Jensen.

– Eg tek kritikk på at eg skulle vore meir presis i spørsmålet om bustad. Bystrøm trudde han skulle få fri bustad, og me kan tilby bustad, men ikkje gratis. Eg tek kritikk på at eg ikkje var så tydeleg, seier ordførar Haugan.

Ifølge Bystrøm var derimot lovnaden om fri bustad veldig tydeleg.

Artikkelen held fram under annonsen.

– I mitt hovud var det aldri tvil om at eg skulle få fri bustad. Om eg hadde gått med på 830 000 hadde eg gått ned i løn med tanke på auka utgifter til reise og bustad, og det var ikkje aktuelt for meg. Eg hadde ei samtale med rekrutteringsbyrået som sa at lønskravet eg hadde, som er snittløna for ein rådmann i ein tilsvarande kommune, var for høg, og ikkje kom til å bli godteke. Då kom spørsmålet om eg kunne vere interessert i ein bustad, og ja, det kunne eg, og forhandlingane var i gang att. Dette skjedde mellom 19. og 23. juli, og det med husvære blei gjentatt fleire gonger etterpå. Det var ingen tvil frå min side, og eg hadde ikkje takka ja til jobben om det ikkje hadde kome på plass, seier Bystrøm.

Både Bystrøm og ordføraren stadfestar at det ikkje var ei skriftleg avtale på plass om den frie bustaden, og at forhandlingane føregjekk både direkte mellom dei, og via rekrutteringsbyrået.

Går ikkje vidare med saka

Etter litt diskusjon kom kontrollutvalet fram til at: «dei er nøgde med orienteringa frå ordføraren og personalsjefen om saka og at dei ikkje ønskjer å gå vidare med saka. Kontrollutvalet vil likevel påpeike at det er grunn til å tru at ordførar gjekk utanfor sitt mandat ved å tilby fri bustad, dette var uheldig. Kommunen må for ettertida sørge for klare mandat og gode rutinar i tilsettingssaker.»

Uttala vart samrøystes vedteke, og saka går vidare til kommunestyret.

«Opprop mot fem dagars skule i Seljord hausten 2018» Ytringar på side 23 og 24.