Halfdan Haugan er Ap sin ordførarkandidat i Seljord
Halfdan Haugan er Ap sin ordførarkandidat i Seljord

Halfdan Haugan ordførarkandidat for Ap

Seljord Arbeidarparti melder at dei har valt Halfdan Haugan som ordførarkandidat og Hanne Nordgaard står på andreplass på lista.

– Nå har eg hatt pause frå lokalpolitikken i åtte år, og eg er gira på ein ny periode, seier Haugan som har 20 lokalpolitiske år bak seg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han fortel at gode tenester til innbyggjarane er viktig.

– Eg ynskjer gode helsetilbod, at det skal vere barnehageplassar og gode opningstider i barnehagen. Og eg ynskjer å ha fokus på arbeidsplassar. Har me gode arbeidsplassar kan me levere gode tenester til innbyggjarane våre også, seier han.

Grunnen til at Haugan engasjerer seg i politikken att etter ei lang pause er fordi han synest det er artig.

– Det er moro å vere med i politikken. Eg blei oppmoda om å engasjere meg att, og sa i utgangspunktet ja til å stille på lista. Vidare nå er eg oppteken av at me skal få til eit godt lag, ei spenstig Ap-liste me kan leggje fram for veljarane før valet, seier Haugan.

Arbeidarpartiet får på plass resten av lista når dei skal ha sitt programog nominasjonsmøte 20. november.