I bokarbeidet til Olav Jakob Tveit har fokuset heile tida vore kva som kan vere interessant og nyttig å vite, gode foto, tips om turar, interessante ting frå historia og kulturen og livet i bygdene.
I bokarbeidet til Olav Jakob Tveit har fokuset heile tida vore kva som kan vere interessant og nyttig å vite, gode foto, tips om turar, interessante ting frå historia og kulturen og livet i bygdene.

Halvtanna år med bokarbeid

Pensjonist Olav Jakob Tveit frå Nissedal leigde helikopter for å ta bilde, og bruka 300 000 kroner på den innhaldsrike boka om Nisser med bygdene rundt.

Heilt sidan Olav Jakob Tveit blei konfirmert har han vore glad i å fotografere. I ei tid han var sokneprest i Stryn hadde han all tekst og bilde til boka «Indre Nordfjord», som i 1994 kom ut i 8000 eksemplar i fyrste opplaget.

Nissedølen flytta heim att til Treungen i 2007.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg syntest det var for galt at eit så fint område som er rundt Nisser ikkje hadde noko praktbok. Nisser og Vråvatn er blant dei finaste områda i Telemark. Det gjeld også elvelandskapa sør i Treungen, og Tjørull er fantastisk. Derfor har eg laga ei bok med mykje tekst og mange bilde. «Nisser med bygdene rundt – Vrådal-Nisser-Treungen» har eit opplag på 3000 eksemplar som kvart veg 1,8 kilo. Boka inneheld 533 bilde, eg talde i går, seier Tveit med eit smil.

Bok også for hyttefolk

For å sikre seg mange gode bilde frå lufta leigde han helikopter for éin dag då det var fint vêr. 50 av bilda blei plukka ut til å vere med i boka.

Bokprosjektet som enda i 264 sider, har kosta privatpersonen 300 000 kroner.

– Det er ikkje noko mål å tene pengar på boka, men eg vil gjerne kome i null, seier Tveit.

Siste halvtanna året har han jobba døgnet rundt med boka.

– Heile den tida har eg plaga folk eg kjenner ved å snakke om boka. Eg har spurd og grave og fått mykje informasjon som eg har brukt, seier Tveit.

Han kjenner til at det er nesten 4000 hytter rundt Nisser, inkludert 1400 på Gautefallheia.

– Ei målgruppe er hyttefolket, men det er også mykje informasjon som bygdefolk ikkje veit om, seier Tveit.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Skal du gje ut fleire bøker?

– Nei, nå har det blitt to. Det er ikkje lett å lage ei bok, avsluttar nissedølen.