Handelshovudstaden i fylket
Kvar seljording handla i snitt for 116.722 kroner i 2009. Det er suverent mest i Telemark, og sjuandeplass på landsstatistikken.
Det er ikkje noko nytt at Seljord er handelshovudstaden i fylket. Dei siste åra har kommunen stadfesta posisjonen sin og har no klatra frå 10. til 7. plass på landsstatistikken. Som i fjor er kommunen den einaste som omset for meir enn 100.000 kroner per innbyggjar i Telemark. I 2009 var talet 116.722 kroner, året før vart det omsett for 108.672 kroner. Naboen i Bø er nummer to på handelsstatistikken. Her blei det omset varer for nesten 98.000 kroner per innbyggjar i 2009, ein liten nedgang frå året før. Det viser fersk statistikk frå Statistisk sentralbyrå. Omsetningsstatistikken viser den totale omsetninga, innanfor visse bransjar, delt på innbyggjartalet.
Leiar i Seljord næringsliv, Gunnar Eilefstjønn, karakteriserer tala som «fantastiske».
Artikkelen held fram under annonsen.
Det er ein formidabel stigning for Seljord. Eg vil gratulere handelsnæringa. Kvar enkelt av dei skal ha laurbær, men dei må ikkje kvile på dei, seier ein fornøgd næringslagsleiar.
Kan ikkje kvile
Det er ikkje noko tre som veks inn i himmelen. Konkurransen hardnar til. Rauland har handelshus og det er også ting på gang i Åmot. Slikt skjerpar konkurransen. Forholdet mot Bø er stand-by, men Seljord har stoppa Vest-Telemark-handel mot Bø, seier Eilefstjønn.
For 25 år sidan var han som banksjef i Seljord sparebank med på å leggje ein langsiktig strategi for å etablere Seljord som eit handelssentrum for heile Vest-Telemark-regionen. Det har blitt bygd stein på stein.
Det har kosta, men dette er resultatet. Seljord har eit breitt varespekter og eit aktiv næringslag som er bevisste på service og tilbod, seier Eilefstjønn.
Viktig med kultur og idrett
Han veit at smitteeffekten frå Dyrskuplassen er viktig, men understrekar at handel på sjølve Dyrskun ikkje er med i statistikken. Eilefstjønn trekkjer også fram at det er viktig med meir enn berre butikkane.
Eksterne tilbod som kultur og idrett er viktig for den totale handelen, seier han.
Plan- og næringssjef i Seljord kommune, Harriet Slaaen, gratulerer også næringslivet i kommunen.
Seljord er eit godt knutepunkt med gode tilbod. Sjølvsagt er dei mange arrangementa frå mai til september viktige. Desse gjev store ringverknader, meiner Slaaen, og legg til at næringslivet i kommunen er dyktige på service og at det er ein tradisjon for handel i kommunen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Dette er ein styrke for heile Vest-Telemark, meiner Slaaen.
Frå kommunens side er dei opptekne av å leggje forholda til rette for næringslivet. Slaaen trekkjer fram arbeidet med den nye kommunedelplanen for sentrum og poengterer at det heile tida er viktig å vere oppdatert med planverk.
Positiv utvikling
Vinje, Fyresdal og Tokke kan alle vise til positiv utvikling på omsetningsstatistikken, medan Nissedal og Kviteseid har opplevd ein liten nedgang sidan 2008.
Flyplasskommunen Ullensaker toppar landsstatistikken suverent med 182.000 kroner per innbyggjar. På dei neste plassane fylgjer Nord Aurdal, Førde, Haugesund, Gol og Sortland.
Det blei handla meir i 2009 enn i 2008. Ola Nordmann handla i snitt for 70.542 i fjor.