Ordførarane i Tokke og Vinje, Birger Nygård (t.v.) og Arne Vinje, støttar opp om postkort-aksjonen for å bevare Rjukan sjukehus. Dei gjer sitt for at helseministeren skal få post.
Ordførarane i Tokke og Vinje, Birger Nygård (t.v.) og Arne Vinje, støttar opp om postkort-aksjonen for å bevare Rjukan sjukehus. Dei gjer sitt for at helseministeren skal få post.

Håpar på mykje post til helseministeren

Interessegruppa for Rjukan sjukehus håpar helseminister Dagfinn Høybråten vil mottake tusenvis av postkort dei komande vekene.

Interessegruppa for Rjukan sjukehus har trykt opp 15.000 postkort som er klare til å bli sendt til helseminister Dagfinn Høybråten for å bevare sjukehuset. Ordførarane i Vinje og Tokke, høvesvis Arne Vinje og Birger Nygård, har tru på postkort-aksjon.

– Me må i alle fall bruke dei verkemidla me har og mobilisere det me kan, seier Vinje og Nygård.

Artikkelen held fram under annonsen.

Stort engasjement

– Det er eit stort engasjement i Vinje for å behalde sjukehustilbodet. Om ein fjernar delar av akuttfunksjonen på Rjukan vil avstandane bli langt meir enn timen som skil mellom liv og død: «den gylne timen», meiner Arne Vinje, og får støtte frå kollegaen i Tokke.

– Det same gjeld for Tokke. Innbyggjarane har litt av identiteten når det gjeld sjukehuset, seier Nygård.

Postkorta adressert til Høybråten har påskrifta: «Kommunehelsetjenesten og lokalsykehusene er grunnmuren i det norske helsevesenet. Bygg helsevesenet opp som fullverdige lokalsykehus med akutt kirurgi, medisin og fødeavdelinger, - IKKE RASÉR DEM! hilsen ...».

Manglar frimerke

Johannes Haukaas er sekretær i Interessegruppa. Han håpar Høybråten får mykje post dei komande vekene.

– Me håpar også å få med dei andre aksjonsgruppene i landet til å sende kort. Mottek helseministeren halvparten av det me har trykt opp er me fornøgde, seier Haukaas.

Vinje og Tokke har fått utdelt 4.000 postkort som er lagt ut i alle butikkar, bensinstasjonar og kommunesenter i dei to kommunane. Det einaste korta manglar er eit frimerke før det kan bli sendt.