Har auka medvitet om å handle lokalt
Før jol starta handelstanden ein kampanje for å auke den lokale handelen. Ifølgje butikkar i Kviteseid og Seljord har kampanjen auka medvitet til kundane om kvar dei legg att pengane.
Kampanjen gjekk ut på at kundane legg ut bilde eller video av seg sjølv og vara ein har kjøpt på Facebook, taggar namnet sitt, butikken og emneknaggen handlelokalt. Målet er at folk skal ta medvitne val om kvar dei gjer handelen.
Vanskeleg å måle
Artikkelen held fram under annonsen.
Dagleg leiar av klesbutikken Frøken Fin på Telesenteret i Seljord, Siv Anita Haugen er veldig positiv til kampanjen, og meiner dei har merka ein viss forskjell hos kundane som var på jolehandel.
– Folk har kome innom, fortalt at dei har høyrt om kampanjen og at dei gjerne vil handle her i Seljord. Me hadde auke i handelen i desember, men om det er på grunn av kampanjen er vanskeleg å seie, fortel Haugen.
Svein Moen har vore i salsbransjen sidan 1982, og er dagleg leiar av Intersport på Telesenteret. Han fortel at det er vanskeleg å måle verknaden av kampanjen, og at det er slik med all marknadsføring. Moen meiner likevel kampanjen er eit godt tiltak.
– Me er positive til kampanjen, men eg kan ikkje påstå me har merka noko forskjell på handelen frå tidlegare år. Me har fått ein del positive kommentarar frå kundar, og det er veldig ålreit å gjere folk meir medvitne på å nytte lokale tilbod. Det er viktig for butikkane i Seljord og resten av Vest-Telemark, seier Moen.
Auka medvite
– Eg synest faktisk det har vore ein forskjell, fortel butikksjef på Elizabeth Mote i Kviteseid, Martha Irene Kleivstaul.
– Det er fleire som kjem innom og er merksame på å handle lokalt. Tanken er ikkje at folk skal slutte å handle andre stadar, men at ein fyrst kan tenke over kva ein har av tilbod lokalt, og nytte seg av det når ein kan.
Elizabeth Mote har lenge nytta Facebook og Instagram som ein del av marknadsføringa, og kjem til å halde fram med det. Gina Aabø Nyland hos Gullsmed Aabø i Kviteseid fortel at dei også har gjort det lenge før kampanjen i desember, og kjem til å halde fram med det.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Eg synest det var ein veldig bra kampanje og eit godt tiltak. Det er mange som alt er veldig flinke til å handle lokalt, men forskjellen har vore at folk er meir medvitne på det, seier Nyland.
Ho fortel at dei hadde ein veldig bra jolehandel, og er glade for det, og kven veit, kanskje kampanjen hadde sitt å seie for det?
Viktig med lokal handel
Felles for alle butikkarbeidarane er at dei er opptatte av at folk nyttar dei lokale butikkane om dei ønskjer at dei skal eksistere.
– Det er viktig at dette ikkje berre var eit stunt i samband med jolehandelen, men at me har fokus på det heile året, seier Kleivstaul.