Har bunde seg til 40 års drift
Når spaden blir sett i jorda og Kviteseid kommune tar til å byggje kunstgrasbane, har dei forplikta seg til å drifte banen 40 år fram i tid. Departementet har sagt ja til at banen ikkje treng å vere varm før fleirbrukshallen kjem på plass med varmeanlegg i 2010.
Regelen om at kommunen må drifte kunstgrasbanen i 40 år, finn ein i samband med tildeling av spelemidlar. Kunstgrasbanen er enno i planfasen, men politikarane har gjeve budsjett-ja og entreprenørar har levert anbod for å starte byggjearbeidet.
Denne veka skal kommunen og konsulenten for prosjektet ha eit avklaringsmøte med entreprenørane for å kome fram til kven me meiner skal få jobben. Etter dette vil byggjenemnda, som er ei gruppe både frå kommune og idrettslag, bestemme kven som skal byggje banen, fortel sektorleiar for service og utvikling i Kviteseid kommune, Anne Aasmundtveit.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ho seier at det også vil bli laga framdriftsplan for baneprosjektet innan kort tid.
Målet vårt er at banen skal vere speleklar til skulestart komande haust, så eg vonar det praktiske arbeidet vil starte i mai i år og at skuleferien vil bli bruka aktivt, seier ho.
Fått litt, søkt om meir
Byggjeprosjektet med etablering av kunstgrasbane blir finansiert frå ulike hald. Noko av kostnaden blir dekt frå spelemidlar som kommunen alt har fått klarsignal frå fylkeskommunen om.
Det blei søkt om spelemidlar til banen i 2007 og likeins i 2008. I fjor fekk me 543.000 kroner i tilskot då det blei søkt om stønad til kunstgrasbane med varme. I år har me sendt ein gjentakande søknad, og det har også synt seg at kostnadane med å byggje banen blir høgare enn det som fyrst blei rekna, seier Aasmundtveit.
Fylkeskommunen stadfester at dei har motteke to søknadar for kunstgras, ein for banebygging og ein for røyropplegget til undervarme. Fylkeskommunen har frist fram til 15. mars med å handsame desse søknadane.
Me jobbar med søknadane no, og tek framfor oss kommune for kommune, seier fylkesidrettskonsulent Terese Lahus.
40 år
Lahus stadfester at Kviteseid kommune bind seg til å drifte kunstgrasbanen med varme i 40 år framover når dei mottek spelemidlar til prosjektet.
Ein har reglar om at det er høve til å søkje om pengar til rehabilitering etter 20 år, og for kunstgrasbanar er det også høve til å søkje om stønad til nytt dekkje etter 10 år. Men kommunen må halde anlegget opent for allmenn idrettsleg aktivitet i 40 år frå anlegget er ferdig, seier Lahus.
Artikkelen held fram under annonsen.
Av dagens kunstgras reknar ein at levetida vil vere mellom 10 til 15 år før ein må bytte dekket, men det er med stor slitasje. Me vonar at banen me byggjer vil halde i 15-20 år før me må byte dekket, seier Aasmundtveit.
Blei dyrare
Dei fyrste tala som blei lagt fram for kunstgrasbanen, omtala ein kostnad på seks millionar kroner. I budsjettframlegget for 2009 kom prislappen på 7,1 millionar kroner for ein bane utan undervarme og åtte millionar med undervarme.
Rådmannen la vekt på det sterke innbyggjarinitiativet, og valde å leggje baneprosjektet inn i 2009-budsjettet med 1,8 millionar i direkte tilskot frå kommunen.
Tilskota frå sponsorar på 1,1 millionar kroner sette krav om at det blei lagt rør for undervarme på kunstgrasbanen, og tilskotet frå Fellesfondet på 300.000 kroner kan også falle ut om banen blir bygd utan undervarme.
Me har vore i dialog med departementet, og dei har gjeve oss dispensasjon til å vente med å få «varm bane» til fleirbrukshallen står klar i 2010. Varmesentralen som skal gje varme i røyra under kunstgraset, vil bli bygd og finansiert i fleirbrukshallprosjektet, seier Aasmundtveit.
Dyrt med undervarme
I kultur og kyrkjedepartementet (KKD) sitt dokument om kunstgrasbanar blir det lagt vekt på at undervarme ikkje blir lagt for å smelte snøen på banen, men for å halde speleunderlaget frostfritt og mjukt.
Skal me ha ein bane som skal vere open om vinteren treng me utstyr til å frese og skrape vekk snoen. Undervarmen gjer graset mjukt, det smeltar ikkje snø, seier Aasmundtveit.
KKD legg også vekt på at driftskostnadane er store for eit anlegg med undervarme og at dei anbefalar at ein vurderar slike investeringar svært nøye.
Artikkelen held fram under annonsen.
Eg ser vel føre meg at Kviteseid ikkje kan ha ein heilårsopen bane, det ville bli veldig dyrt om vintrane i framtida vil vere med slikt snøfall som me har hatt nå. Det mest logiske vil vere å halde banen stengt nokon månadar om vinteren, seier Aasmundtveit, og peikar på at det ikkje er tatt stilling til kor mykje og lenge banen skal vere open og speleklar gjennom vinterhalvåret.
Vedlikehald
Kommunen har laga ei munnleg avtale med idrettslaget om at dei skal ta seg av vedlikehaldet på banen mot at kommunen betalar eit årleg tilskot.
Dette blir ei forhandling mellom idrettslaget og kommunen, seier Aasmundtveit.
Ho meiner at kostnadane med fotballbanen i Kviteseid ville ha kome uansett.
Banen som ligg der i dag er så dårleg at det var naudsynt å gjere ei oppdatering mellom anna med grunnlag i nivåforskjellar. Eg trur det hadde blitt like dyrt å renovere banen til ein ny grasbane. Noregs fotballforbund har som mål å byggje hundre kunstgrasbanar i året fordi ein kan doble spelesesongen til og med utan undervarme med kunstgras. Eg er kjempeglad for at me får ein slik bane i Kviteseid, seier Aasmundtveit.
Måtte halde drifta vedlike
I samband med budsjettarbeidet i Seljord kommune i 2002, kom det eit framlegg om å stengje symjehallen som ein av fleire måtar å spare pengar på.
Framlegget kom med bakgrunn i å spare pengar til drift, men dette hadde me ikkje lov til å gjere. Eg hadde den gongen fleire samtalar med departementet, og me blei merksame på regelen om at kommunen var plikta til å halde symjehallen open sidan me hadde motteke spelemidlar. Det var på denne tida kommunen også kom fram til avtalen om at å halde symjehallen open i tida frå 1. oktober til 1. april, fortel rådmann i Seljord, Kristian Torp Hansen.
Han fortel at Seljord kommune stod i fare for å kome i ein situasjon der dei måtte ha betalt tilbake tilskotet dei tidlegare hadde fått som spelemidlar.
Artikkelen held fram under annonsen.
Kommunen må drifte symjehallen 40 år fram i tid frå den dagen tilskotet blir gjeve, det står i reglementet for utdeling av spelemidlar, seier rådmannen.