Kviteseid kommune leiger mellom anna fire rom på Granlien for å busetje flyktningar i kommunen. (Arkivfoto)
Kviteseid kommune leiger mellom anna fire rom på Granlien for å busetje flyktningar i kommunen. (Arkivfoto)

Har busett ti flyktningar til nå

Frå i år og fram til 2019 skal Kviteseid kommune ta imot 40 flyktningar, vedtok kommunestyret samrøystes torsdag kveld.

Saka kom til handsaming etter at rådmannen kom med framlegg om å gå vekk frå det tidlegare vedtaket frå oktober 2015 om å busetje ti flyktningar kvart år fram til 2019.

I saksutgreiinga skriv rådmannen at dei enno er tidleg i arbeidet med å busetje og integrere flyktningar, og at planen dei laga i forkant ikkje er optimal, men at dei manglar erfaring til ein revisjon av planen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er likevel nokre få moment som talar for at kommunestyret bør vurdere å gje rådmannen noko vidare fullmakt til å gå vekk frå vedtaket om å ta imot 10 flyktningar kvart år, og heller halde seg til totalramma fram til 2019, skriv han.

Dei folkevalte gav tilbakemeldingar om at dei meiner det er rett å vere fleksible, og var samd med rådmannen i at det blir sett eit tak på å ta imot 15 flyktningar per år, og at rådmannen avgjer årleg opptak i tråd med kapasitet når det gjeld arbeidskraft, tilgang på ledig husvære, skule og barnehageplass.

Kviteseid kommune har til nå i 2016 tatt i mot 10 flyktningar. I tillegg har det kome to flyktningar i samband med familiegjenforeining. Ein familie er busett i ein kommunal bustad, og ein familie i bustad leigd av private. Det er også laga ei avtale med Granlien om leige av fire rom der to personar bur i dag.

Administrasjonen ynskjer å fylle opp romma på Granlien, sidan dette kan effektivisere arbeidet – på same tid som det vil vere positivt for dei som bur der.

Rådmannen opplyser også i saka at det har vist seg eit behov for ein bil med plass til meir enn fem personar, både med tanke på henting på flyplass, køyring til sjukehus og politi, og andre mindre turar der dei så langt har leigd bil frå Seljord.

– Innanfor budsjettet til flyktningtenesta er det rom for å lease ein bil med 7 seter, noko som vil gjere tilbodet betre og lette arbeidskvardagen til flyktningkoordinatoren, skriv rådmannen, og fekk eit samrøystes kommunestyre med på at kommunen leasar ein 7-setar personbil.