Vaksenopplæringa held til i kommunehuset på Dalen. Tysdag var Yasin (t.v.), Nedjat, Faten, flyktningskonsulent Jorunn Selstø, Ibrahim, Sami, oppvekstsjef Finn Arne Askje, vikarlærar Lisette Aravena, Fishaye og vaksenopplæringsansvarleg Venke Bakke på plass.
Vaksenopplæringa held til i kommunehuset på Dalen. Tysdag var Yasin (t.v.), Nedjat, Faten, flyktningskonsulent Jorunn Selstø, Ibrahim, Sami, oppvekstsjef Finn Arne Askje, vikarlærar Lisette Aravena, Fishaye og vaksenopplæringsansvarleg Venke Bakke på plass.

– Har fått ein god velkomst

Det seier flyktningane som har kome til Dalen i løpet av det siste året. I tysdagens kommunestyremøte fortalde Yasin Khalif frå Etiopia om sitt fyrste år på Dalen og i Tokke.

«En dag i juli i fjor fikk jeg en melding frå IMDI (Integrerings- og mangfaldsdirektoratet) der det stod at jeg skal flytte til en ny kommune snart. Kommunen heter Tokke. Med en gang løp jeg til internett og søkte på Google på Tokke kommune. På Wikipedia og Google Maps fant jeg ut at Tokke er et vakkert lite sted med ca. 2200 folk sør i Norge. Åh nei, et lite sted, jeg er ikke så heldig, tenkte jeg.»

Dette var innleiinga i tala som Yasin heldt for kommunestyrepolitikarane i Tokke. Vennene hans skulle nemleg til Trondheim, Tromsø og Bergen. Yasin var bekymra for at det ville bli vanskeleg å få seg jobb og at det var få moglegheiter på ein liten stad.

Artikkelen held fram under annonsen.

«Men i hvert fall er et lite sted i Sør-Norge bedre enn et i Nord-Norge hvor det er kaldt og mørkt, tenkte jeg.»

Eitt år i Tokke

Yasin kom til Tokke og Dalen tidleg i september i fjor. Han og vennen Ibrahim kom hit saman, og dei var båe spente på kva som venta dei.

«Hvordan er Tokkebeboere? Liker de flyktninger, særlig de som har svart hud, sånn som jeg, eller? Jeg hørte fra en mann at på små steder liker ikke innbyggere flyktninger!»

Yasin Khalif takka politikarane i Tokke for mottakinga han og dei andre flyktningane har fått.
Yasin Khalif takka politikarane i Tokke for mottakinga han og dei andre flyktningane har fått.

Men alt fyrste dagen fekk Yasin og venen Ibrahim gode opplevingar. To dagar etter at dei var på plass på Dalen fekk dei besøk av naboane som var venlege og hjelpsame.

«Neste dag kom de igjen med to sykler, disse to syklene er en gave fra oss til dere, sa de.»

Han fortalde om fleire gode opplevingar, om folk som gav han og venen ein paraply då dei var ute i regnet, og om jolegåva han fekk av ein mann han eigentleg ikkje kjente.

Ein dag var Yasin på helsestasjonen. Der møtte han ein triveleg mann som fortalde om Dalen og ulike idrettar ein kan drive med der.

«Før han dro fortalte han meg at han er ordfører på Dalen. Dette var en overraskelse for meg, fordi dette er ikke vanlig i Etiopia og i Afrika generelt. Ordførerne i Etiopia går ikke alene og har alltid mange soldater med seg. Det er jo vanskelig å møte dem.»

Artikkelen held fram under annonsen.

Yasin avslutta med å takke for at folk i Tokke har teke godt imot han og dei andre flyktningane.

«Takk for at det alltid er noen som passer på oss, og for at vi hver dag møter et varmt smil og noen som er glad i oss, så vi ikke trenger å være redde. Vi setter stor pris på det.»

– Ta kontakt

Venke Bakke er ansvarleg for vaksenopplæringa, og ho har dagleg undervisning med flyktningane.

– Eg vil også takke folk i Tokke som har bidrege med klede og anna utstyr. Me held til på kommunehuset, og der har me også lager for det me får. Samstundes oppmodar eg også folk i kommunen om å ta kontakt med oss. Kan du tenkje deg å invitere nokon av flyktningane med på ein rusletur, ein kaffikopp eller andre daglegdagse syslar. Det vil hjelpe dei til å bli integrerte i endå større grad, smiler Bakke.

Oppvekstsjef Finn Arne Askje er stolt over å ha fått flyktningane til Tokke.

– Det er flotte folk, og me har ein engasjert stab til å ta oss av dei i kommunen, seier han.