– Har ikkje gjeve opp elektrolina neste år
Ketil Kvaale, administrerande direktør i VTK, og Tokke-ordførar Jarand Felland var til Skien i møte i går. Dei håpar å halde elektrolina på Dalen open det komande skuleåret også.
Før møtet kunne Felland fortelje at temaet i all hovudsak ville vere oppstart av elektrolina til hausten. Fleirtalet i utvalet for kompetanse har tidlegare sagt nei til å halde lina open det komande skuleåret fordi elevtalet er for lågt. Då utvalet sa sitt i mai, var det berre fem søkjarar til lina.
– Så vidt eg kjenner til har talet på søkjarar no auka til sju. Ei fullfinansiert klasse må ha ti elevar, og kvar elev kostar om lag 87 000 kroner. Soleis manglar berre 261 000 kroner for å ha lina fullfinansiert det komande skuleåret, forklarte Felland.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han sa også at kommunen saman med næringslivet kan vere viljug til å bidra slik at lina blir fullfinansiert.
– I tillegg har det kome eit administrativt framlegg om å berre ta opp fem elevar på køyretøylina i haust. Der har det kome elleve søkjarar, så det betyr at seks elevar eventuelt vil stå utan plass på Dalen, sa Felland.
Det har kome uttaler frå Vest-Telemark vidaregåande skule og frå dei tilsette ved skulen i saka.
– Uvisse vil skremme søkjarane
I uttala frå Tove Palmork Haavelmoen, rektor ved skulen, skriv ho mellom anna at dersom lina ikkje startar opp til hausten, må fleire elevar flytte heimanfrå og bu på hybel. Ho etterlyser også at det skal vere føreseieleg å vite kva tilbod skulen til eI kvar tid har. Uvisse vil skremme søkjarane, skriv ho.
Rektoren nemner elles i uttala at bransjen sende sterke signal om å opprette elektroline på Dalen.
Frå dei tilsette blir det mellom anna peika på at lågt søkjartal eitt år ikkje er eit godt nok grunnlag for å hindre ei god og solid line i å bli vidareført. Dei tek også med at dersom lina ikkje startar opp til hausten, kan skulen stå i fare for å miste den solide fagkompetansen dei har bygd opp sidan lina blei oppretta i 2012.
– Like steile
Møtet blei ferdig like før VTB gjekk i trykken, og Felland måtte slå fast at posisjonen i fylket med Arbeidarpartiet i spissen ikkje hadde endra meining i saka.
– Me følte at me fekk lagt fram saka på ein god måte, men det var tydeleg at dei hadde bestemt seg for å halde fast på vedtaket frå 10. mai. Dei var like steile no, seier Felland til VTB.
Artikkelen held fram under annonsen.
Dermed blir det opp til Fylkestinget å avgjere om dei skal handsame saka.
– Senterpartiet har klaga inn vedtaket frå 10. mai, og me meiner at det berre er Fylkestinget som kan gjere vedtak om å kutte ut lina på Dalen komande skuleår. Når me ikkje fram der, blir det nok ikkje elektroline på Dalen i 2016/2017. Men året etter opnar dei for å setje i gang med lina att. Det var dei veldig tydelege på, seier Felland til fredag ettermiddag.
Fylkespolitikarane gav også uttrykk for at dei var imot at næringsliv og kommune skulle finansiere lina for å halde ho «kunstig» open.