Stortingsmeldinga om kva oppgåver kommunane skal overta reiser fleire spørsmål enn svar, synest mange av ordførarane. – Feil medisin, seier Erik Skjervagen i Fyresdal (t.v.). Som fleire av ordførarane er Halvor Homme i Nissedal skeptisk til at regjeringa vil ha reforma gjennom på så kort tid –før ein veit noko om framtidig kommuneøkonomi. (Arkiv
Stortingsmeldinga om kva oppgåver kommunane skal overta reiser fleire spørsmål enn svar, synest mange av ordførarane. – Feil medisin, seier Erik Skjervagen i Fyresdal (t.v.). Som fleire av ordførarane er Halvor Homme i Nissedal skeptisk til at regjeringa vil ha reforma gjennom på så kort tid –før ein veit noko om framtidig kommuneøkonomi. (Arkiv

Har lita tru på kommunesamanslåing

– Fundamentet for regjeringas kommunereform står på leirføter.Det seier Erik Skjervagen i Fyresdal, etter melding om nye oppgåver til kommunane. Ordførarane er stort sett samstemte i å tvile på ei stor samanslåing.

Stortingsmeldinga regjeringa la fram førre fredag, blir motteken langt «mildare» enn ein kunne frykte. Eitt av grunnlaga for regjeringa var å slå saman til større kommunar for å bli kvitt interkommunalt samarbeid. I meldinga opnar regjeringa likevel for å greie ut område som kan vera aktuelle forpålagt samarbeid mellom kommunar.

Regjeringa ser også ut til å ha gått bort frå kravet om 15 000 til 20 000 innbyggjarar i kvar kommune.

Artikkelen held fram under annonsen.

Opnar det for at kommunane i Vest-Telemark kan halde fram som no?

– Eg trur ikkje på samanslåing i Vest-Telemark, seier Tokke-ordførar Hilde Alice Vågslid.

– Eg trur ikkje mange kommunar i Vest-Telemark blir slegne saman, seier Fyresdal-ordførar Erik Skjervagen.

– Kva gjer at fem kommunar (utanom Vinje, som har sagt nei til å vera med å greie ut éin kommune) i Vest-Telemark skal bli betre av å slå seg saman? undrar Torstein Tveito i Kviteseid.

– Me kjem på ingen måte ned mot regjeringas mål om berre hundre kommunar i landet. Vest-Telemark er eit av mange område som kjem til å halde fram som no, trur Arne Vinje i Vinje.

– Eg trur det er seks …, seier Nissedal-ordførar Halvor Homme når me spør kor mange kommunar han trur det er i Vest-Telemark i 2020.

– Me veit for lite. Men meldinga er ikkje så brutal som ein kunne frykte, seier Jon Svartdal, ordførar i Seljord.

Fleire spørsmål enn svar

Målet for regjeringa er mindre detaljstyring og kontroll av kommunane.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Meldinga viser kva retning regjeringa vil at kommune-Noreg skal gå. Dei ønskjer større kommunar med større kompetanse i eigne rekkjer, og mindre statleg tilsyn. Kommunane skal få meir heilskapleg ansvar, forklarar Per Dehli, prosessrådgjevar for kommunereforma hjå Fylkesmannen.

Vinje kommune har sagt nei til å vera med og greie ut éin kommune i Vest-Telemark. Eller alternativet: Utvida interkommunalt samarbeid.

Arne Vinje meiner reforma er kleint grunngjeve, og det er sett av for lite tid til å gjennomføre ho.

– Å gjennomføre kommunesamanslåingar på så kort tid aukar risikoen for at ein ikkje får til ei vellykka reform. Eg håpar regjeringa aksepterer dei lokale prosessane – og at norske kommunar er forskjellige. Til dømes består Vest-Telemark, og mange andre område, av store areal og lite folketal. Det er stor forskjell mot byar med mange folk, og små avstandar til kommunane rundt, seier Vinje.

Hilde Alice Vågslid synest meldinga er uoversiktleg, og gjev få svar.

– Eg er ikkje imot at kommunane får fleire oppgåver, så sant det fylgjer pengar med. Slik at me kan få fleire arbeidsplassar. Det ser det ikkje ut til at det blir, seier Vågslid.

Ho set lit til utgreiinga dei fem kommunane har vedteke å vera med på, for å få meir kunnskap.

– Det vil vera nyttig uavhengig av korleis kommunegrensene blir, og i forhold til samarbeid kommunane mellom, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Også Torstein Tveito i Kviteseid er spent på forprosjektet som skal koma. Men han har lita tru på nokon gevinst ved samanslåing. Han har større tru på å samarbeide.

– Kommunane er ulike. Det er vanskeleg å sjå føre seg å koma inn i eit felles budsjett. Denne meldinga kan bli den beste forsvarstala mot kommunesamanslåing, seier han.

Jon Svartdal i Seljord representerer den av kommunane som er mest ivrig etter å slå seg saman. Også han sit att med mange spørsmål.

– Eg synest ikkje meldinga legg særlege føringar for kor store kommunane skal bli. Eg er ikkje veldig overraska over meldinga. Men er usikker på kva som skal bli overført til kommunar som sjølv etter ei samanslåing er små, seier Svartdal. Men han ser ikkje mørkt på at kommunane skal få ansvar for tannhelse og vidaregåande opplæring.

– Me har anna helsestell. Då kan me vel greie tannhelse også. Men for vidaregåande skule er me avhengige av kva Tokke gjer, seier han, og viser til at Vest-Telemark vidaregåande er lokalisert på Dalen og i Seljord.

Halvor Homme i Nissedal håpar å få halde fram, og utvide, interkommunalt samarbeid. Men er skeptisk til regjeringas uttrykkpålagt. Det kan bety at ein liten kommune som Nissedal til dømes blir pålagt å samarbeide med ein storkommune i Grenland.

Han konstaterer at lysta til samanslåing i Vest-Telemark ikkje har auka – skepsisen har vore tydeleg heile tida.

Han er elles skeptisk til framdrifta, og nemner ei stortingsmelding om inntektene til kommunane, som er varsla i 2017.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kanskje staten endrar på kraftinntektene, småkommunetilskotet, og formueskatten. Det vil bety mykje for kommunane. Dette får me ikkje svar på før me i 2016 skal vedta eventuelle samanslåingar, sukkar han. Men fryktar at staten vil bruke inntektsmeldinga til med «økonomisk tvang» å slå saman kommunane.

Sentraliseringsreform

Erik Skjervagen i Fyresdal uttalar seg mest kritiske til heile reforma.

– Dette er ei sentraliseringsreform. Regjeringa er berre oppteken av dei store, slår han fast.

Han viser til utgangspunktet, som han meiner er alt for dårleg.

– Regjeringa vil avskaffe interkommunalt samarbeid. Det let seg ikkje gjera i praksis. Det er eit skrivebordsforslag, utan å ta dei verkelege tilhøva rundt i landet innover seg, seier han.

Han trur førebels regjeringa vil ha vanskar med å koma i mål med reforma.

– Dei har skrive ut feil medisin. I staden for å gje kommunane fleire oppgåver, kunne dei løyst dette enkelt ved å stryke krav og forskrifter. Då ville kommunane blitt mykje meir sjølvstyrte. Meir demokrati og makt til kommunane kunne dei gjera utan å endre struktur på kommunekartet, slår han fast.

Skjervagen er sikker på at det ikkje kjem til å ende med at så mange kommunar slår seg saman.

Artikkelen held fram under annonsen.

Elles håpar han på at ei ny regjering i 2017 vil reversere reforma.