Unni Peersen Ravn (t.v.) og Jenny Høgset Øien er med i Vinje brannvesen.
Unni Peersen Ravn (t.v.) og Jenny Høgset Øien er med i Vinje brannvesen.

Har rekruttert to kvinner til brannvesenet

Vinje brannvesen har to kvinnelege brannkonstablar. Jenny Høgset Øien og Unni Peersen Ravn har base i høvesvis Åmot og Rauland, og trivst svært godt i det elles mannsdominerte miljøet.

– Me blei hanka inn til brannvesenet, og har blitt veldig godt mottekne av alle saman. Det er eit inkluderande miljø, og svært lærerikt, seier Ravn, som er ferskast av dei to og nyleg blei ferdig på brannskulen.

Ynsket om å hjelpe andre i naudsituasjonar og gjera ein forskjell ligg bak avgjerda om å bli med, seier dei.

Artikkelen held fram under annonsen.

Til dagleg arbeider Ravn i Rauland barnehage og Øien på Vinjehuset. Dei to er førebels åleine om å vera kvinner i brannvesenet i Vest-Telemark.

Les om då dei og mange fleire var med på open brannstasjon i Åmot laurdag:En dag blant heltane