Har seld sin siste hamburgar
Med sorg og vemod melder me med dette at klokka ti i går kveld stengte Sveinung Gjelstad i Seljord luka til kiosken sin for godt.
Aldri meir skal du setje tennene i den saftige hamburgaren. Ikkje fleire gonger skal du kjenne den mjuke rekesalaten krype rundt i munnhola og avgje mengder med gode smakar. For siste gong har søthungrige stått og peika medan Sveinung snurrar karusellen og fyller posen med smågodt til stykkpris. Ein trettitri og eit halvt år lang kiosk-epoke på Brøløs er over.
Ni tusen turar
Det er annandag jol og Sveinung Gjeldstad har, vanen tru, hekta kiosken på Volvoen og pusla seg i sniglefart dei få hundre meterane heimanfrå på Moen og bort til den faste plassen på Brøløs, slik han har gjort kring ni tusen gonger tidlegare. På grunn av ein ulileg, kald vind frå Grunningsdalen har han skråstilt kiosken litt i høve til banken. Kald trekk aldri så mykje, der svingar ein bil inn på Handelslagstomta, og ein hungrig vegfarande hoppar ut. At han ikkje heller går inn på ein bensinstasjon der det er varmt og godt, tenkjer me. Men nei då, der blir han ståande i luka til pølsa er vel fordøya.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Og du skal slutte høyrer eg. Ja det blir trasig.
Sveinung ler og ymtar om at det er mange som trur han kjem til å dukke opp att med kiosken.
Andre januar fyller kioskeigaren 67 år og blir pensjonist. Så godt som kvar einaste onsdag, fredag og laurdag i alle dei trettitri åra har han hatt kiosken open. Den seinare tida har også torsdag vore kiosk-dag. Vanlegvis opnar han i femtida om ettermiddagen, om sundagane tidlegare. Tidspunktet for stenging er fast. Presis klokka ti slår han ned luka, om det då ikkje står nokon og heng i opninga. For det gjer det ofte.
Stamkunde
Ein ny bil svingar opp framfor pølsesjappa. Ein av dei ordentlege stamkundane forlangar to i brød. Kor mange slike Nils Liane har fått i seg opp gjennom åra tør han ikkje tenkje på.
– Det trur eg ikkje me skal skrive noko om, humrar han.
Kosthaldsekspertane kan seie kva dei vil. Men skal me døme etter eksteriøret til Liane, er det uråd å seie at forbruket av kiosk-maten til Sveinung Gjelstad har fått negative følgjer. Gumlande på ein hamburgar står Nils og mimrar om gutedagane. Om då dei vanlegvis ikkje hadde pengar nok til å kjøpe pølse med brød. Då var eit rundstykke med ketchup og sennep, døypt fattigmann, god erstatning.
– Det gjekk veldig mykje av dei, særleg etter fotballtreningar og kampar, fortel kioskeigaren, som framleis har avsetnad på desse.
Nils hugsar han som gutunge fekk pengar til pølse og brød. Men då galdt det å vera lur.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Me kjøpte fattigmann. På den måten spara me pølsepengane, som me kjøpte smågodt for, mimrar han.
Forretningsmann og snikkar
Forretningsdrifta til Sveinung Gjelstad starta med kiosksal ved Granvin under dyrskuar og stemne. Men i 1972 kjøpte han den karakteristiske kiosken, som han har hatt heile tida. Dei fyrste fem åra hadde kiosken sin faste plass på Fjellheimtomta, sidan har vogna teke oppstilling framfor Seljord sparebank.
Vel har kioskdrifta ei sosial side, men noko rein veldedighet er det ikkje Sveinung Gjeldstad driv.
– Eg er vel litt forretningsmann, det må ein vera om ein skal drive noko, smiler pølseseljaren, som ikkje klagar på fortenesta. Men så har han då også stått på sjølv, med hjelp av familien. Kona Kristine, som mellom anna er meister for rekesalaten, har også teke mange tørnar med kioskdrifta.
I alle år har snikkering vore hovudyrket til Sveinung. I tillegg har han ein verkstad heime der han driv med trearbeid. Mellom anna lagar han vogger, skåp, bordskiver og vedkasser. Verkstaden kan bli god å ha når han ikkje lenger skal stå på plassen sin på Handelslagstomta.
– Eg både gler meg og gruar meg. Er redd eg går på femte veggen. De må koma i hug her har eg stått alle sundagar heile året, unntaket er bare om det er fyrstedag jol, seier Sveinung, som bare har hatt ferie ni dagar samanhengande på alle dei åra. Den ferieturen gjekk til Thailand.
Fast stoppeplass
Kiosken har mange faste kundar, både seljordingar og folk frå grannebygdene. Faste kundar har han også av langtransportsjåførar, av pendlarar og hyttefolk. Mange av desse har fast stoppeplass i Seljord sentrum.
I løpet av alle dei åra kan ikkje Sveinung minnast å ha hatt noko slag plunder med kundane. Det har vore veldig bra, skryter han. Men så kjem han på «svarteboka», der faste kundar har krita gjennom åra. Der er nesten alle namna overstrokne...
Artikkelen held fram under annonsen.
– Grueleg kor fort dei åra har fare, filosoferer han medan han blar.
Med ei pølse med brød med sennep på langs og ketchup på tvers i handa er me i ferd med å seie adjø.
– Så spørst det når tid eg byrjar att, humrar Sveinung, ymtande om sirkushesten og sagmuggen.