Ingunn Furuvald og Jarand Barstad lagar podkast for Vest-Telemark. 	pødd-foto
Ingunn Furuvald og Jarand Barstad lagar podkast for Vest-Telemark. pødd-foto

Har starta lokal podkast

Fleire og fleire har fått augo – eller meir presist sagt – øyro opp for Lokalpødden.

I gamlestoga på Blengsdalen i Flatdal har duoen Ingunn Furuvald og Jarand Barstad installert seg, dei har fyra på peisen og tent stearinlys. Her lagar dei podkast. Tre episodar er alt produsert og tilgjengeleg mellom anna på Spotify. I den fyrste lanserer dei produktet, i den andre er Ånond Versto og Ottar Kåsa gjester og den ferskaste er meir ein podd om podden.

– Me ser jo det at det kan vera vanskeleg å «bjuda på» kvar veke. No er Jarand i Tsjekkia og då blei det vanskeleg. Det er litt for ambisiøst med ein gong i veka. Me sit oppe til 1 om nettene og må nok justere ambisjonsnivået, men kanskje kvar 14. dag, seier Furuvald.

Artikkelen held fram under annonsen.

Starta med debatt

Furuvald og Barstad stod for politisk debatt i Flatdal før valet. Det gjekk så bra at dei såg moglegheitene til å samarbeide meir. Furuvald har erfaring frå radio, men likar betre podkast-formatet – utan for mange reglar og restriksjonar.

– Det er eit mykje friare forum der me kan gå djupare inn i ting. Jarand er jo eit teknisk geni, i motsetnad til meg, og fiksa biffen ganske raskt, seier Furuvald.

– Kven er Lokalpødden for?

– Det skal vera ein podkast for alle som bur i heile Vest-Telemark. Me vil samle troppane litt!

Glade i å skravle

Ho understrekar at dei er amatørar.

– Men me er glade i å skravle båe to, me har eit ulikt utgangspunkt; Jarand er 20 og eg 43. Det kan bli noko folk vil høyre på, håpar Furuvald.

– Slepp gjestene til då?

– Jada, det går bra. Me er nysgjerrige på folk, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Lyttarar har dei fått mange av alt, og statistikken viser at dei blir lytta på langt frå Flatdal.

– Tilbakemeldingane har vore absurd mange og latterleg gode, seier Furuvald.

oystein.oygarden@vtb.no