Knut Heistad (71) sine heimelaga produkt er mellom anna genserar og bunadssokkar. Han byrja å strikke som elleveåring.
Knut Heistad (71) sine heimelaga produkt er mellom anna genserar og bunadssokkar. Han byrja å strikke som elleveåring.

Har strikka i 60 år – både tidleg og seint

I bustaden til Knut Heistad (71) i Vråliosen ligg strikketøyet klart oppå radioen og aldri langt unna han. Sjukepleiarar i fire byar er blant dei som har sikra seg heimelaga bunadssokkar.

Då Knut Heistad var elleve år gamal lærte bestemora Åsne Nystaul i Åsgrend i Kviteseid ungguten å strikke.

– Sa ho at du måtte dette, spør me under ein prat med Heistad i huset han bygde i Vråliosen for 38 år sidan.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Nei, det var bare for moro eg byrja å strikke. Det var ein kjekk hobby som eg synest har vore greitt allstøtt, svarar Heistad.

Ja, slik blei det – strikking år etter år, men mest om vinteren den tida han arbeidde med å leggje asfalt om sommaren og var i verkstad elles i året.

– Eg budde i brakke i Sandvika. Strikkinga var eit tidsfordriv om kveldane.

Blir aldri lei

Han kan drive med hobbyen sin i mange timar.

– Det blir fort 10–12 timar om dagen om eg ikkje har anna å finne på, og eg blir aldri lei. Strikketøyet ligg klart oppå radioen og aldri langt unna. Det er fort å ta til om morgonen når eg sit og drikk kaffi, men eg strikkar både tidleg og seint.

Bunadssokkar er det han lagar mest av. Dei er vanskelegast å strikke, og det går som regel tre veker på eitt par.

– Det er mest moro å strikke genserar, og det er forskjellig mønster på dei, seier Heistad.

Svigersonen Jørgen Kristiansen er i stoga og skyt inn:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ein gong tok eg med setesdalskufta og viste Knut. Ti dagar etterpå hadde han laga ein kopi!

– Han strikkar betre enn kvinnfolk, seier dottera Nina Heistad med eit smil.

Andre ting faren lagar er mellom anna vottar og luer.

Opp gjennom åra trur Heistad at han har strikka sikkert 1000 sokkar, og totalt har det blitt ein del tusen ulike produkt av hobbyen.

– Eg har aldri tald.

Låg timebetaling …

Blant dei som tek imot bunadssokkar frå Heistad, er kviteseidbutikken Sverre Ruud manufaktur, som lagar bunader.

– Han får dei billig, så timebetalinga mi er ikkje noko å snakke om.

Nyrene til Heistad svikta for seks år sidan, noko som gjer at han tre gonger i veka må ha dialyse for å reinse blodet. Blodårene er for dårlege, noko som gjer at han ikkje kan byte nyrene. Heistad har hatt fem operasjonar for å legge inn forsterkingar i blodårene. I fem år har han vore anten til Rjukan, Notodden eller Skien for å få dialyse. Siste året har behandlinga skjedd i Kragerø – to timars køyring kvar veg. Han må ha drosje til turane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Heistad har levert bunadssokkar til sjukepleiarar i alle dei fire byane der han har fått dialyse.

– Eg tek ein liten sum, så har eg til garnet.

Heistad har ingen planar om å slutte med strikkinga.

– Dette er den gildaste hobbyen eg har hatt i livet, men eg har ikkje hatt særleg andre hobbyar. Det er som regel strikketøyet eg tek til. Eg skal halde på med dette så lenge fingrane held og eg får det til, avsluttar 71-åringen, som ein nok kan kalle den ivrige strikkekongen i Vråliosen.