Aslak Snarteland er glad i telemarkskyr, og ser gjerne at fleire enn i dag driv med norske kurasar.
Aslak Snarteland er glad i telemarkskyr, og ser gjerne at fleire enn i dag driv med norske kurasar.

Har tru på telemarkskua

Bonde Aslak Snarteland i Fyresdal er optimistisk for framtida til telemarkskua, men no må det ikkje bli færre dyr av rasen i Noreg.

Ved nyttår var det bare att 302 telemarkskyr over to år i landet, godt spreidd over Sør-Noreg. Rasen hadde ein nedgang på 15 prosent frå året før.

– Nedgangen er ikkje bra, men han er ikkje noko veldig spesifikk for telemarkskyr. Det er litt trenden i tida med kyr, seier fyresdølen Aslak Snarteland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han er den bonden i landet med flest telemarkskyr, dagens tal er 95 med smått og stort.

Noko som bekymrar Snarteland er at ingen nye bønder byrjar med telemarkskyr.

– Hadde det vore meir omsetning av gardsbruk på ein open marknad, trur eg ting hadde forandra seg, seier han om å få auke interessa for rasen.

Norske husdyr

Det er sett i gang tiltak for å betre framtida til telemarkskyra og avsettinga. Bergbys har fleire gatekjøkken aust i Telemark, og i vår byrja Snarteland å levere kjøt frå telemarkskyra til verksemda.

– Til no har eg levert nær 2000 kilo til det som blir til telemarksburger, ein prøveproduksjon. Satsinga er moro å sjå og kan gje inspirasjon, seier fyresdalbonden.

– Verkemiddelapparat, det er pengar det er snakk om, held han fram om noko som er viktig for å få fleire telemarkskyr rundt omkring.

Snarteland kunne godt tenkje seg at somme bønder hadde valt å satse på andre storfe-rasar enn dei har.

– Når me har så flotte norske husdyrrasar forstår eg ikkje at folk skal kjøpe desse raggtassane frå Skottland og alt dette vaset. Eg er ikkje imot desse dyra, men forstår ikkje poenget. Rådgjevingsapparatet i Telemark bør ta denne hansken. Eg har tatt han i Landbruksselskapet, men det tek tid, seier telemarkskyrbonden.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det var den gong

Sjølvsagt blir han å finne på Dyrsku’n også i år, det 148. arrangementet av sitt slag. Men tidene no er ikkje slik som då Dyrsku’n starta i 1856.

– Det var i Kviteseid, og Dyrsku’n var det fyrste rasefesjået i Noreg. Telemarkskyra var der, og på den tida blei det sett i gang eit forholdsvis omfattande avlsarbeid av rasen, veit Snarteland.

– Men slik situasjonen er no for tida, vil telemarkskyra overleve?

– Ja absolutt, men ho må ikkje lenger ned, svarar bonden du nok aldri får til å slutte med den stilige rasen som pregar gardsmiljøet på garden Snarteland i Fyresdal.

Ein spennande posisjon

Heilt frå fyresdølen Aslak Snarteland var liten har han vore på Dyrsku’n. No sit han i ein spennande posisjon som styreleiar for selskapet i Seljord.

Telemarkskyrglade bonde Aslak Snarteland hadde det nok som ein del andre vesttelar; fekk Dyrsku’n så og seie inn med morsmjølka.

– Heile Dyrsku’n ligg i ryggmargen for oss som bur i Vest-Telemark, seier han.

Snarteland hugsar godt at i ung alder var det skulefri i Fyresdal fredagen då det store arrangementet i Seljord gjekk av stabelen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Var skulefri eller turen til Dyrsku’n det beste med dagen?

– Det var vel Dyrsku’n, men det gjorde ikkje noko at me hadde fri skulen, svarar han med eit smil.

Barndomsminnet kjem fram; då han leidde mor si i «ein halv meter søyle».

– Det var veldig nødvendig med gummistøvlar, og som liten såg eg ikkje så mykje.

Meir mat som tilbehør

Tine har eitt medlem i styret i Dyrsku’n AS. Snarteland er styremedlem i Tine, og det neste blei at han fekk spørsmål om å vere styreleiar i selskapet i Seljord. Tre månader sidan overtok han oppgåva.

– Eg sa ja til vervet fordi eg bryr meg mykje om Dyrsku’n, som er tufta på husdyr og landbruk. Eg har fått ein veldig spennande posisjon, og det er ei stor tillitserklæring å få leie styret. Eg skal ikkje snakke om telemarkskyr heile tida, men ho blir med meg, det er det ikkje tvil om. Telemarkskyr betyr mykje for meg og Dyrsku’n, seier Snarteland med sitt karakteristiske smil.

Han ser på selskapet han skal leie som ein fantastisk institusjon der sjølve Dyrsku’n er flaggskipet, men det er også andre gode arrangement gjennom året.

– Dyrsku’n AS sysselset ein ganske stor stab, og har eit fantastisk stort og godt opparbeidd område som toler mykje bruk, er fyresdølen glad for.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kva blir dei viktigaste oppgåvene for deg som styreleiar?

– Å halde dagens trend, sikre heilårsdrift og utvikle nye ting. Det er mellom anna eit vinterarrangement på skisseblokka, svarar Snarteland.

Elles synest han det er spennande det som skjer på matsida.

– Me har mange flinke produsentar rundt omkring. Dyrsku’n er eit nav og fyrtårn i Telemark for satsing på lokalmat. Slik mat er noko eg ynskjer meir av, og er eit fint tilbehør på Dyrsku’n, seier Snarteland.

Hektiske dagar

Han blir ingen arbeidande styreleiar i det ferske vervet, men må rekne med ein del møte i året. Og på sjølve Dyrsku’n blir det hektisk. Frå styremøtet dagen før arrangementet, går det i eitt til helga er over.

– Som øvste ansvarlege for Dyrsku’n skal heile styret vere til stades alle dagane. Det er viktig, og det blir hyggjeleg å vere der, sjølv om eg har sommarfuglar i magen før tala mi.

Det Snarteland ser på som ekstra spennande framover er at det frå nyttår blir ny dagleg leiar; Geir Helge Espedalen frå Bø.

– Det blir tøft for dei rundt oss som skal halde seg til to ferske, men eg trur det skal gå veldig bra. Eg skal ikkje køyre høg profil og er ikkje utprega maktmenneske, sjølv om eg veit kvar skapet skal stå, seier han.