Fleirtalet i hovudutvalet for kompetanse i Telemark fylkeskommune vedtok tysdag å kutte elektrolina ved den vidaregåande skulen på Dalen det komande skuleåret. For få søkjarar er argumentet. (Arkivfoto)
Fleirtalet i hovudutvalet for kompetanse i Telemark fylkeskommune vedtok tysdag å kutte elektrolina ved den vidaregåande skulen på Dalen det komande skuleåret. For få søkjarar er argumentet. (Arkivfoto)

Har vore ein suksess for næringslivet

Hovudutvalet for kompetanse vedtok tysdag at elektrolina ved Vest-Telemark vidaregåande skule på Dalen ikkje skal starte opp att til hausten. Det møter motstand hjå politikarar og næringsliv.

– Tidlegare hadde me problem med å få tak kvalifiserte lærlingar til Statkraft. Men etter at lina kom i gang att på Dalen har me og andre aktørar i Vest-Telemark fått dekt behova våre. Frå Statkrafts ståstad har lina på Dalen vore ein suksess, seier regiondirektør Per Are Hellebust til VTB.

Han fortel at selskapet bidrog godt då lina kom i gang att, og at han synest det er synd å sjå at tilbodet no står i fare.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ein kan tenkje at dersom ein byggjer ned eit tilbod så kan det bli verre å få det på beina ved eit seinare høve, seier han.

Spleiselag?

Framlegget om å kutte elektrolina på Dalen det komande skuleåret kom frå Arbeidarpartiet, Kristeleg Folkeparti og SV. Senterpartiet, Høgre og Framstegspartiet utgjorde mindretalet i avrøystinga.

Fylkesrådmannen hadde ikkje tilråding om eit slikt vedtak.

Innsparinga er rekna til å vere 450 000 kroner.

– Tokke Senterparti vil fremje ei sak om dette i fyrstkomande fredags formannskapsmøte. Der må me vurdere om kommunen saman med næringslivet skal spleise på 450 000 kroner slik at lina blir sikra eitt år til. Det vil vere særs viktig for å halde på lærarkompetansen og trygge tilbodet på Dalen for elevane, seier Tokke-ordførar Jarand Felland (Sp).

Ynskjer kontinuitet

Regiondirektøren i Statkraft seier at dei vil sjå kva kommunen kjem med etter formannskapsmøtet i morgon.

– Me er interesserte i at elektrolina på Dalen skal ha kontinuitet, og det bør vere mogleg å finne kreative løysingar på problemet. Men no vil me fyrst høyre kva politikarane i Tokke gjer i morgondagens møte, seier Hellebust.

Fagkompetansen i fare

Teknisk sjef ved Scana Mar-El på Dalen, Helge Asle Lundeberg, er heller ikkje begeistra for vedtaket. Han peikar på at mykje av det regionale næringslivet er elektrorelatert.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me ser at dei som tek elektroutdanning på Dalen utgjer ei stabil arbeidskraft. Dei fleste har lokal tilknyting og dermed blir dei gjerne verande i regionen. Det nyttar heller ikkje å leggje ned ei line for eitt år. Det betyr berre at skulen mistar fagkompetansen, seier han.

Tokkeordføraren seier at framlegget om å kutte lina komande skuleår kom som lyn frå klar himmel.

– Eg hadde ikkje fått slike signal i det heile, og eg blei veldig overraska over framlegget. Fleirtalet i utvalet kom med framlegget fordi det så langt berre har kome 5 søkjarar til lina. Fylkeskommunen betaler for 10 plassar og kvar plass kostar om lag 90 000 kroner. Dermed vil fleirtalet heller kutte ut lina det komande skuleåret. Men neste skuleår (2017/2018) vil dei ha lina open att dersom det kjem mange nok søkjarar, forklarer Felland.

– Me vil jobbe for at det skal vere føreseieleg å vere og bli elev ved den vidaregåande skulen, og me kjem til å gjere det me kan i denne saka, legg han til.

Døra på gløtt

Leiar for hovudutvalet for kompetanse, Maja Foss Five (Ap), seier det ikkje var lett å fatte vedtaket som blei gjort.

– Det handlar eine og åleine om økonomi. Eg forstår utfordringane og problema dette kan skape for skulen, men eg vel å tru at elevane ikkje er så nøye på om eit tilbod er ute eitt år for så å vere tilgjengeleg neste år att, seier ho til VTB.

Five opplyser at det skal vere eit ekstraordinært møte utvalet i juni, og at døra ikkje er heilt stengt for elektrolina det komande skuleåret.

– Tokkeordføraren ynskte eit slikt møte, og me er sjølvsagt interesserte i det. Dette har vore ei vanskeleg sak for utvalet også, seier Five.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vil ha saka til Fylkestinget

Beate Marie Dahl Eide (Sp) er medlem i hovudutvalet for kompetanse. Ho reagerer sterkt på måten vedtaket kom på.

– Me meiner utvalet ikkje har mynde til å fatte eitt slikt vedtak, og har derfor klaga inn vedtaket. Me vil ha saka opp i Fylkestinget. Det er heilt håplaust å kome med eit slikt framlegg over bordet, og denne kampen er på ingen måte over, seier Eide.

Elles vedtok utvalet å behalde media- og kommunikasjonslina i Seljord framfor å flytte ho til Bø slik det låg føre framlegg om.