Hasardspel i Holtardalen
I 2011 gjekk dei saman konkurs med selskapet Grenland Skien Utvikling AS. Året etter gjekk dei konkurs med Grenland Skien Eiendom AS. Nyleg gjekk den eine av dei dundrande konkurs med selskapet SF Eiendom AS. Også den andre starta året med stort underskot og negativ eigenkapital i Raulandshytter AS.
Vi snakkar om parhestane Sjur Fredriksen og Gunnar Ellefsen, begge frå Skien, som har bygd og levert hytter i Holtardalen på Rauland sidan 2006. Dei har hatt eit nært samarbeid med Stein Birger Johnsen, mannen bak Rauland Invest AS, også han frå Skien.
Fredriksen og Ellefsen åtte Grenland Skien Utvikling AS gjennom selskapet Grenland Skien Eiendom AS der dei kvar hadde 50 prosent: Sjur Fredriksen gjennom Sjur Fredriksen Holding AS, Gunnar Ellefsen gjennom Raulandshytter AS. Fredriksen var dagleg leiar og styreleiar, Ellefsen styremedlem i utviklingsselskapet. I eigedomsselskapet var det omvendt. Eigedomsselskapet vart slege konkurs i januar 2012. Månaden etter vart bubehandlinga innstilt ettersom selskapet var heilt utan midlar og buet mangla pengar til vidare gransking. Men bustyrar slo fast at det var mistanke om straffbare forhold. Han påpeika også at bubehandlinga i konkursbuet etter Grenland Skien Utvikling framleis pågjekk. Sipak Regnskap & Økonomi AS i Skien har vore rekneskapsførar for alle selskapa, også for Rauland Invest.
Artikkelen held fram under annonsen.
Banken og revisor
Bustyret og burevisor meiner å ha avdekka så graverande og straffbare forhold i Grenland Skien Utvikling at saka burde få alvorleg etterspel for både revisor og banken, i tillegg til dei to eigarane. Det gjeld Holla og Lunde Sparebank som hausten 2012 vart fusjonert inn i Sparebanken Telemark. Norgesrevisjon AS ved Rolf Larsen i Kragerø var revisor. Burevisor slår også ned på rekneskapsføringa som vart utførd av Sipak Regnskap & Økonomi AS.
Sluttrapporten frå bustyret og burevisor i konkursbuet Grenland Skien Utvikling AS låg føre og skulle oversendast til politiet og Finanstilsynet i mars i fjor. Men rapportane vart ikkje oversendt dit før i slutten av desember i fjor, på grunn av sjukdom, opplyser bustyraren, advokat Jan Tore Skåne i Skien, til Vest-Telemark blad.
Finanstilsynet passivt
Rapportane har blitt liggande i ro sidan. Finanstilsynet har knapt løfta ein finger korkje overfor revisor eller banken trass i at burevisor meiner at banken har vore «arkitekt» bak mange av dei ulovlege handlingane og transaksjonane han meiner å ha påvist og slege ned på.
Finanstilsynet har sendt brev til revisoren i Kragerø, varsla om innrapporteringa frå burevisor som «kan tyde på manglende oppfyllelse av de krav som stilles i revisorloven, herunder god revisjonsskikk». Men Finanstilsynet vil ikkje gjere noko «på det nåværende tidspunkt», men oppmoda revisjonsselskapet til sjølv å ta stilling til om ein burde setje i verk tiltak «for å avhjelpe eventuelle svakheter».
Når det gjeld forholdet til banken opplyser Finanstilsynet i ein e-post til VTB at banken er varsla om at Finanstilsynet vil gjennomføre tilsyn våren 2015.
– Aldri sett noko liknande
Burevisor, Bjørn Sti, som har svært lang og brei røynsle, seier til VTB at han aldri har sett noko liknande frå ein norsk bank. Han seier vidare at korkje banken eller revisor har imøtegått rapporten hans, så vidt han minnest.
Politiet har heller ikkje gjort noko før Vest-Telemark blad no etterlyste saka hjå Telemark politidistrikt.
– Det har skjedd ein glipp. Vi har funne fram saka og ho ligg no til etterforsking der vi vurderer mogelege straffbare forhold, opplyser politioverbetjent Skule Vorpvik ved Telemark politidistrikt.
Artikkelen held fram under annonsen.
Vorpvik gjev uttrykk for at han er glad for at VTB etterlyste saka slik at ho kom på bordet hjå politiet.
«Råttent engasjement»
Bubehandlinga har avdekka at selskapet dreiv for kreditors rekning «frå dag to» som det står i rapportane. Det er i seg sjølv ulovleg. Selskapet tente aldri pengar. Verksemda starta i 2006. Punktum vart sett i januar 2011. Då hadde revisor like i førevegen sagt takk for seg. Banken lånte raust ut millionar av kroner. På det meste var eksponeringa oppe i 23 millionar. Ifylgje burapporten var banken gjennom år klar over korleis stillinga i selskapet var og sytte etter kvart for å nedkvittere låna og slik sikre seg dekning. Resultatet vart forfordeling av kreditorane ved at dei andre kreditorane vart haldne utanfor og ikkje vart informert.
Burevisor meiner banken har vore klar over tilstanden i selskapet, at ein var klar over at ein hadde eit «råttent engasjement» og meiner det kan vere grunn til å reise spørsmål om banken har eit medverkaransvar for brot på § 284 i straffelova som fastset plikt til å gå til skifteretten dersom ein ikkje kan betale kreditorane.
Bustyret slår fast at banken har hatt ein spesiell kontakt med selskapet og til dels styrt selskapet meir enn det som er vanleg. Det er jamvel teikna avtalar mellom banken og selskapet om eigedomar slik at banken har hatt den reelle styringa over eigedomane. Banken har også tillate omfattande kontantuttak frå selskapet sin driftskonto og byggelånskonto.
– Banken medverka til «svart» økonomi
Burevisor har avdekt at det gjennom medverknad frå tilsette ved banken sin filial i Skien er gjort ein serie kontantuttak frå minibanken som var plassert inne i banken. Berre i 2008 er det gjort 25 slike uttak. I eitt tilfelle vart det teke ut 215 000 kroner frå minibanken. I fire andre tilfelle er det teke ut over 160 000 kroner kvar gong.
Med dette som bakgrunn vart banken i januar i fjor dømt til å betale 592 000 kroner i erstatning til konkursbuet for å ha medverka til unndraging av skatt og arbeidsgjevaravgift. Retten slo fast at banken hadde medverka til ein «svart» økonomi i selskapet.
Her er nokre av påpeikingane frå bustyret:
– Manglande føring av prosjektrekneskap pr. hytte.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Manglande bilag ved kjøp av varer.
– Manglar/feil ved kjøpsdokumentasjon.
– Manglar ved dokumentasjon av lønsutgifter.
– Manglar ved årsoppgjerdsdisposisjonar gjort av revisor.
– Manglande ajourføring av rekneskapen; salsinntekt ikkje ført i salsåret.
– Manglande registrering i avgiftsmanntalet.
– Manglande dokumentasjon av medgått tid/timelister.
Banken si rolle
Roar Snippen, som var banksjef i Holla og Lunde Sparebank fram til fusjonen med Sparebanken Telemark i 2012, vil ikkje kommentere saka. Han er i dag banksjef for økonomi, finans og risiko i Sparebanken Telemark. Han viser til Per Richard Johansen som var styreleiar i Holla og Lunde Sparebank og i dag er styreleiar i Sparebanken Telemark.
Artikkelen held fram under annonsen.
Johansen, som i dag er sjeføkonom i Kommunesektorens organisasjon, KS, har bakgrunn mellom anna som tidlegare sjeføkonomi DnB, seier at styret vart halde løpande orientert om utviklinga i engasjementet i Grenland Skien Utvikling. Han vil ikkje svare på spørsmål om dei funn bustyre og burevisor har gjort. Han avgrensar seg til å uttale seg om dommen frå 2013 der banken vart dømd til å betale erstatning men frifunnen for fleire av krava.
– Det er kontantuttaka som er det alvorlege. Vi hadde nettopp fusjonert, valde å legge dette bak oss og godtok dommen utan å anke. Banken har teke grep for å styrke anti kvitvaskingstiltaka. Vi er veldig opptekne av slike spørsmål, seier Johansen.
Johansen avslår å svare på spørsmål om tilfelle av oppblåste panteverdiar som grunnlag for lån og sal av aksjar som har vore pantsett i banken. Opplysningar om slike forhold har kome fram i andre kundeforhold banken har vore involvert i.
– Eg kan ikkje kommentere kundeforhold der det til dels er strid mellom ulike partar og aktørar, seier Johansen.
Raulandshytter AS der Gunnar Ellefsen er eineeigar, dagleg leiar og einestyre, hadde i fjor eit driftsresultat på minus 1,5 millionar kroner. Selskapet hadde ved årsskiftet negativ eigenkapital. I fylgje årsmeldinga hadde selskapet 20 tilsette, 19 menn og ei kvinne.
– Avslutta og ferdig
VTB har vore i kontakt med både Sjur Fredriksen og Gunnar Ellefsen om konkurssaka som gjeld Grenland Skien Utvikling AS.
Begge seier at den saka er «avslutta og ferdig for mange år sidan». Ellefsen avslår å svare på spørsmål om saka.
Fredriksen uttalar i ein e-post at han reknar dette som «et for lengst avsluttet kapittel. Vi har gått diverse runder i denne saken og dette er oppe og avgjort mellom alle instanser i 2009».
Artikkelen held fram under annonsen.
Men dette er ikkje korrekt. Konkursen vart først opna i 2011 og sluttrapporten frå bustyret var først ferdig i mars 2013. Først seinare vart bustyrerapporten og rapporten frå burevisor sendt til politiet og til Finanstilsynet.