– Folk som beklagar skal ein ta på alvor, det synest eg er veldig bra, uttala Lars Bjaadal (Sp).
– Folk som beklagar skal ein ta på alvor, det synest eg er veldig bra, uttala Lars Bjaadal (Sp).

Haugan beklaga seg

Halfdan Haugan (Ap) vil arbeide aktivt for eit best mogleg samarbeid i Vest-Telemark.

– Eg støttar fullt ut vedtaket Vest-Telemarkrådet fatta 14. mars, og bed om kommunestyrets tilslutning til det, sa Seljord-ordførar Halfdan Haugan (Ap), då kommunestyret kom saman torsdag. Dette gjorde også kommunestyret til sitt vedtak.

Vedtaket ordføraren viste til seier at ved val av framtidige representantar frå Vest-Telemarkrådet (VTR) – til ulike arbeidsgrupper og utval – skal det alltid veljast vararepresentantar. Rådet presiserte også at valde representantar i slike samanhengar skal ivareta regionens interesser framfor interessene til eigen kommune.

Artikkelen held fram under annonsen.

Grunnen til at temaet om samarbeid og tillit kom på dagsorden i kommunestyret i Seljord var ein interpellasjon frå opposisjonspartia.

Henry Mæland (Sp) la fram interpellasjonen frå Senterpartiet, Venstre og Miljøpartiet dei grøne der dei ynskte at ordføraren skulle gjere greie for fleire område som handla om samarbeidet.

Alt hamnar ikkje i Seljord

Ordføraren la vekt på at samarbeidet i Vest-Telemark, både gjennom råd og ting, er svært viktig. Han har opplevd samarbeidet som godt, men det har vore utfordringar knytt til lokaliseringsdiskusjonar, kommunereform, traséval av E134 og nærpolitireforma.

– Det er også utfordrande for samarbeidet når einskilde hevdar at «alt hamnar i Seljord», når det ikkje stemmer, uttala Haugan.

Om nærpolitisaka, og møtet til styringsgruppa i Drammen i desember sa Haugan mellom anna dette:

Det skulle eg ikkje sagt i det møtet. Det beklagar eg.

Halfdan Haugan (Ap)

Artikkelen held fram under annonsen.

– I dette møtet prata ordførar fram Seljord lensmannskontor som også framtidig lokalisering og alle dei gode argument som ligg til grunn for det. Eg meiner at Seljord er ei betre lokalisering enn Kviteseid for framtidig kontorstruktur som kan overleve over tid. Det skulle eg ikkje sagt i det møtet. Det beklagar eg, sa ordføraren, men la til:

– Hadde ikkje ordføraren argumentera for Seljord i dette møtet hadde etter mitt syn Seljord lensmannskontor neppe vore med i politimeister Christine Fossen sitt framlegg og som Politidirektoratet nå har stadfesta som ein del av ny kontorstruktur, sa Haugan.

Bra å lyfte det fram på dagsordenen

Ordføraren sa også at han var nøgd med at opposisjonen var opptekne av eit godt samarbeid i Vest-Telemark og set dette på dagsorden.

– Eg reknar med at opposisjonen også bidreg til å styrke dette arbeidet gjennom sine politiske parti i Vest-Telemark, uttala ordføraren.

– Eg seier takk for svaret, ordførar. Det er viktig informasjon som kjem fram og det er viktig at det blei beklaga at det blei sagt ting om andre kommunar. Skal me oppnå resultat må ein ha tillit, gjensidig respekt og solidaritet. Me er sjølvsagt glade for at me fekk behalde lensmannskon- toret i Seljord, men ikkje for den strategien som blei valt. Men me er glade for signala som kom frå ordføraren, uttala Henry Mæland (Sp).

– Folk som beklagar skal ein ta på alvor, det synest eg er veldig bra – og i neste omgang må ein tru at dette medfører læring, uttala Lars Bjaadal (Sp).

Kommunestyret røysta også over framlegget frå opposisjonen der dei mellom anna ynskte å understreke at samarbeidet i Vest-Telemark er viktig, at Seljord vil medverke til gode felles tiltak og til eit godt omdømme for regionen gjennom at dei gjensidig snakkar kvarandre fram og ikkje ned, og at ein skal forvente at ordførar følgjer opp VTR sitt vedtak om å ivareta regioninteressene. Framlegget til opposisjonen fall mot tolv røyster frå posisjonen.

Artikkelen held fram under annonsen.

I neste omgang må ein tru at dette medfører læring.

Lars Bjaadal (Sp)